Hopp til innhold

– Meir makt til kvinner vil forandre verda

Melinda Gates er i Norge for å fremme jenter og kvinner sin posisjon i fattige delar av verda. I kveld møter ho Hans Rosling til samtale på Universitetet i Oslo.

Melinda Gates og Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) møter Melinda Gates fra stiftelsen Bill and Melinda Gates Foundation på Statsministerens kontor

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Eit av verdas rikaste land og eit av verdas ektepar har sia 2000 vore fast partnar i arbeidet for verdas fattigaste.

Statsminister Erna Solberg har møtt Bill Gates ved fleire høve. I dag er kona til Bill, Melinda Gates i Noreg for å knytte band til statsministeren.

Samtale Melinda Gates og Hans Rosling

Se Melinda Gates i samtale med professor Hans Rosling klokken 17.30.

– Vi får ikkje utnytta bistand maksimalt om vi ikkje setter kvinner og jenter i sentrum for utviklinga, seier Melinda Gates til NRK.

Sterkt samarbeid med Noreg

– Noreg er ein viktig bidragsytar til å fremje barne- og mødrehelse i utviklingsland, sa Gates etter møtet med Erna Solberg.

Og samarbeidet mellom Noreg og verdas største stifting, the Bill and Melinda Gates Fundation, skal framleis vere sterkt.

Noreg har gjennom mange år vore fast bidragsytar til prosjekt lansert gjennom stiftinga Bill and Melinda Gates Foundation, og ikkje minst Det internasjonale vaksinefondet (GAVI).

På statsministerens kontor i formiddag var det kvinners rett til utdanning som sto på agendaen.

– God sirkel

Helsetiltak, vaksinar og ernæring er blant tiltaka som i lengre tid er vektlagt frå norsk side. Stiftinga Bill and Melinda Gates Fundation ønskjer å utvide områda til å omfatte jenters rett til utdanning:

– Det blir ein god sirkel. Dersom ei jente får fullføre skulen, er det dobbelt så stor sjanse for at ho vil la si eiga dotter gjere det same. Heile helsesystemet blir påverka av at mora har fått utdanning. Det er fint å sjå at vi er heilt på linje i korleis vi tenker rundt dette, seier Gates.

For Erna Solberg er det opplagt at samarbeidet mellom Noreg og stiftinga skal halde fram.

– Vi er opptekne av å sjå på samanhengen mellom utdanning og helse i utviklingsland, seier Solberg til NRK.

– Makt til kvinner

Til NRK seier Melinda Gates at ho, gjennom å ha snakka med jenter og kvinner i fattige land over heile verda, er overtydd om at alt startar med å gi jenter og kvinner meir makt.

– Kvinner bruker pengar annleis enn menn. Dersom kvinna får styre familieøkonomien vil ho bruke pengar på helse, ernæring og skulegang for sine barn. Medan menn bruker meir pengar på seg sjølv sett kvinna familien i sentrum. Ho planlegg meir, og har skulepengane når det er tid for å betale dei.

I kveld besøker Melinda Gates Universitetet i Oslo for å samtale om kvifor det er viktig at kvinner og jenter blir sett i sentrum for utvikling. Saman med professor Hans Rosling skal ho snakke om korleis ein skal få utnytta bistand til det fulle ved å styrke stillinga til kvinner og jenter.

AKTUELT NÅ