Hopp til innhold

Jehovas vitne sende personleg invitasjon til autistisk 16-åring

Jehovas vitne prøvde å rekruttere ein 16 år gamal gut med autisme med å sende han eit handskrive brev.

Brev frå Jehovas til 16 år gamal autist

BLEI FORBANNA: Mora til den mindreårige guten tok kontakt med Jehovas vitne etter at brevet kom i posten. – Hadde det vore berre ei brosjyre i postkassen, så hadde den gått rett i søpla, seier kvinna.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I brevet, som var stila direkte til guten, blir han invitert til å lære meir om det omstridde trussamfunnet og ta kontakt.

– Ring meg gjerne på mobil / SMS dersom du synest noko av dette er interessant, skriv eit medlem av Jehovas vitne i brevet til guten.

16-åringen bur i Buskerud.

Dei hevda også at dei hadde ringt han utan å få svar.

– Sonen min er autist, heldigvis opnar han ikkje posten sin sjølv. Eg opnar alltid posten hans, han følgjer ikkje opp posten sin sjølv, fortel mor hans til NRK.

Blei overraska

Ho er både oppgitt og sint på Jehovas vitne for at dei tar direkte kontakt med den mindreårige sonen hennar på denne måten.

– Eg trur at det er mange som ikkje heilt forstår kva dette går ut på, og som blir med på noko dei ikkje burde bli med på, fortel mora.

Ho ber om å få vere anonym av omsyn til sonen.

– Eg blei veldig overraska over å finne eit handskrive brev til han med beskjed om at dei hadde prøvd å ringe. Det har dei ikkje gjort.

Brev frå Jehovas til 16-åring

Brevet var stila direkte til 16 år gamle autisten. NRK har fjerna personlege opplysningar og telefonnummer.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kasta ikkje brevet

Det er ikkje første gong at folk reagerer på Jehovas vitne sine rekrutteringsmetodar.

I 2020 sende dei brev til ei åtte år gamal jente i Trøndelag.

Den gongen la dei seg flate og tok sjølvkritikk.

Mora til den 16 år gamle autistiske guten i Buskerud vurderte om ho berre skulle kaste brevet han fekk.

Men sidan brevet var signert og det var skrive eit telefonnummer, så ringde ho.

– Eg sa til dei at eg ikkje vil ha slike brev i posten. Her hos oss er vi opne for både fargar, tru og alle slags legningar. Dette krasja veldig med det vi trur på, seier kvinna.

Les også Solveig (8) fikk håndskrevet brev fra Jehovas vitner – ble invitert på bibelkurs

Solveig (8) fikk håndskrevet brev fra Jehovas vitner - ble invitert på bibelkurs.

Vil ikkje ha kontakt

Mora til 16-åringen fortel at den som tok telefonen hos Jehovas vitne, hevda at meinigheita brukar skattelistene for å finne ut kven dei skal sende brev til.

– Sonen min har inga inntekt og er sjølvsagt ikkje på skattelistene, kommenterer ho tørt.

No vil ho at Jehovas vitne ikkje kontaktar dei igjen.

– Hadde vi ønska kontakt med Jehovas, så hadde eg tatt kontakt. Det dei gjorde her gagnar dei ikkje.

NRK har gjort fleire forsøk på å få tak i personen som har signert brevet. Vedkomande har lese meldingane vi har sendt, men ønskjer ikkje å seie noko.

Svar frå Danmark

Vi har også snakka med kontaktpersonen for den aktuelle meinigheita. Han syner vidare til Jehovas vitne sitt hovudkontor for Skandinavia i Danmark.

Dei svarar på e-post:

– Vi kjenner ikkje til det spesifikke tilfellet som du nemner, men om vi har fornærma eller bekymra nokon ved forkynninga vår ønskjer vi å be om unnskyldning for dette.

Det skriv kommunikasjonsrådgjevar Fabian Fond.

Nedanfor kan du lese heile svaret frå Jehovas vitne.

Les også Måtte forklare seg om intime detaljer etter varsel om voldtekt

Jente tvinner fingre

Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.

SJÅ BRENNPUNKT: Dei unge må gje intime detaljar til eldre menn. Den interne domstolen er nådelaus. Gjer du feil, kan du miste alt.

AKTUELT NÅ