Hopp til innhold

Noreg ville ha meir miljøvenleg bilpark: – Vi har enda opp med dei feitaste bilane i verda

Det er på tide å innføre høgare avgifter på elbilar, etter at elbilfordelane har ført til eit kraftig oppsving for dyre elbilar i Noreg, meiner investeringsdirektøren i Nordea.

Elbiler står til lading på ladestasjon.

Stadig fleire kjøper seg elbil.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

i 2007 la Noreg om bilavgiftene for å få ein meir miljøvennleg bilpark. Bensin- og dieselbilar med låge utslepp skulle bli billegare, medan bilar med høge utslepp fekk høgare utgifter.

I tillegg blei det innført fleire elbilfordelar, som momsfritak og fritak for bomavgifter.

15 år seinare har det blitt fleire elbilar på norske vegar, men også talet på diesel- og bensinbilar har auka, seier investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

– Bilane er blitt større. Dei har blitt breiare og lengre. Dei er 500 kilo tyngre. Vi har kjøpt dei dyraste bilane i verda. Då er det kanskje ikkje rett at bilane skal sleppe moms, når det er moms på straum, bleier og alt anna.

Meiner avgiftene må opp

Næss viser også til at Noreg har fått ein eldre bilpark fordi ein kan få frådrag i avgiftene dersom bilane er ti eller tjue år gamle. Det har ført til ein kraftig auke av import av store, tunge og eldre bilar med høge utslepp.

Næss, som sjølv er hovudeigar i ei verksemd som importerer nye elbilar, meiner løysinga er å auke avgiftene på bil, uansett drivstoff.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea.

Investeringsdirektør Robert Næss i Nordea

Foto: Nordea

– Det er ikkje eit mål å ha mest mogeleg avgifter, men ha ei rett fordeling. I dag er det dei med god økonomi som slepp bilavgifter. Men det er ikkje sikkert det er den optimale måten å fordele inntektene på.

Næss skreiv også om dette i ein kronikk i Dagens Næringsliv i førre veke.

Han ser at avgiftspolitikken har hatt ein effekt, men meiner det har gått for langt.

– Vi har brukt eit par hundre milliardar kroner på å få ein meir miljøvennleg bilpark, og så har vi enda opp med å kjøpe dei feitaste bilane i verda. Då har vi kanskje gått litt for langt, seier han.

Les også Bråbrems for salget av nybiler

Lars Ola Solstad, daglig leder Motor Forum Stavanger.

Meiner politikken har fungert

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) møtte Næss til debatt i Dagsnytt atten måndag. Han meiner Næss ikkje treffer særleg godt når han kritiserer avgiftspolitikken som har vore ført dei siste 15 åra.

– Eg meiner politikken som har vore ført sidan 2007 har vore vellukka. Utsleppa for kvar bil har blitt klart lågare. I tillegg har vi fått ein auke i talet på elbilar ved å gi mange elbilfordelar.

Revidert nasjonalbudsjett

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp).

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I 2017 vedtok Stortinget eit mål om at alle nye bilar som blir selde i 2025 skal vere utsleppsfrie. Elbilfordelane er viktige for å kunne nå dette målet.

Samtidig ser også Pollestad at ein på eitt eller anna tidspunkt må likebehandle elbilar og diesel- og bensinbilar. Difor er det starta ei sakte innfasing, seier han.

– Vi har ikkje noko mål om å auke utgiftene. men vi ser også at momsfritak står for fall. Difor har vi innført bilar som kostar over 500.000 kroner. Og så trur eg det blir ei gradvis innfasing, slik at vi etter kvart behandlar elbilar likt med bilar som går på bensin og diesel.

Les også Historisk vedtak: Her må elbilane betala 70 prosent

Fjellhallene i Ryfast i Ukrainas farger

Åtvarar mot å gå raskt fram

Også Norsk elbilforening meiner avgiftspolitikken dei siste 15 åra har vore ein stor suksess. I fjor var åtte av ti selde nybil i Noreg ein elbil.

Men generalsekretær Christina Bu fryktar det kan bli vanskeleg å nå målet om 100 prosent utsleppsfrie nybilar i 2025 etter innføringa av moms, fleire avgifter og auka bompengesatsar.

Christina BU - Elbilforeninga

Generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Det er kanskje tidleg å seie noko, men to månader ut i 2023 har ikkje salet av elbilar auka samanlikna med i fjor. Det er no under to år til vi skal nå målet om 100 prosent i nybilsalet. Då må vi minst ha 90 prosent i 2023 for at det målet skal vere innan rekkevidd.

Ho ber difor politikarane ha is i magen for å kunne nå klimamålet.

– Dette er eit mål som har hatt forbrukarane med seg. Vi representerer over 120.000 elbilistar. Folk er med og vil gjere sin del av jobben. Då må politikarane også følge opp.

Les også Advarer mot å ignorere bruksanvisning på nye elbiler

Trafikkskolelærer Richard Sommerseth sitter i bilen, har bruksanvisningen i hendene og kikker bekymret inn i kamera.

AKTUELT NÅ