Hopp til innhold

Interpol-øving på Gardermoen: Slik kan politiet stoppe trussel-droner

For første gong i verda øvde internasjonalt politi på å stoppe droner på ein flyplass der trafikken var i gang. Det skjedde på Oslo lufthamn.

For første gong i verda øvde internasjonalt politi på å stoppe droner på ein flyplass der trafikken var i gang.

Politiet og politioverbetjent Jan Otto Johansen viser fram «Dronekiller», som var eitt av systema dei testa ut under øvinga på Oslo lufthamn.

Droner kan potensielt vere ein stor trussel. Personar med vonde hensikter har teke i bruk droner i terrorhandlingar, smugling, overvaking og aktivisme.

Den 19. desember 2018 blei flytrafikken stoppa til og frå Gatwick flyplass utanfor London. Fleire tusen flyavgangar blei kansellert og 140.000 passasjerar råka. Politiet mistenkte at klimaaktivistar stod bak, men dette har aldri blitt bevist.

I tre dagar har Interpol og norsk politi trent på såkalla antidrone-operasjonar på Oslo lufthamn.

– Droneøvinga er heilt unik i verdssamanheng, seier lufthamnsjef Stine Ramstad Westby til NRK.

– Det har ikkje blitt gjennomført ei tilsvarande øving på ei stor lufthamn i drift. Det krev svært nøye planlegging for å sikre at øvinga ikkje påverkar flytrafikken, seier Westby.

Det er også første gong politiet viser fram korleis dei kan «ta ut» droner.

Antidrone - OSL
Foto: UAS Norway
Antidrone - OSL
Foto: UAS Norway
Antidrone - OSL
Foto: UAS Norway
Antidrone - OSL
Foto: UAS Norway
Antidrone - OSL
Foto: UAS Norway

Avdekka 34 droner nær Gardermoen i juli

Droner som flyr i kontrollert luftrom er ei utfordring, ifølgje Avinor. I 2020 melde dei totalt 14 ulovlege flygingar med drone til politiet. Det var ein nedgang frå året før: då blei det meld 40 saker.

Under øvinga på Gardermoen har Avinor stengt den eine rullebana delvis.

Seksjonssjef i Politidirektoratet, Elisabeth Rise, seier at bruken av droner i nærleiken av flyplassar har blitt eit problem, ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt.

– Denne øvinga har difor stor betydning, seier Rise til NRK.

Droneøving OSL

Fleire leverandørar demonstrerte utstyr som kan hjelpe politiet med å ta kontroll over droner.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Fleire flyplassar har blitt råka av ulovleg dronebruk. Som regel er det amatørar som flyr utan å kjenne til reglane.

I fire veker i juli i år sette politiet opp utstyr på Oslo lufthamn for å kartlegge omfanget. Utstyret identifiserte 34 unike droner som var innanfor restriksjonsområdet.

Den 22. februar i år måtte eit SAS-fly på veg frå Bergen til Stavanger snu og mellomlande i Haugesund. Flygeleiaren hadde fått auge på ei drone på radaren.

Avinor kan stenge lufthamnene, men dei har ikkje mynde til å skyte ned droner. Det er politiet sin jobb.

Utstyr - antidrone-tiltak

Det er avanserte system som er utvikla for å ta kontroll over droner.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Politiet: – Ein dragkamp

Under øvinga deltok fleire leverandørar av antidrone-utstyr – både frå Europa og USA. Det var operatørar frå politiet som styrte det. Utstyret kan jamme frekvensar og ta over eller styrte droner som utgjer ein trussel.

Politioverbetjent Jan Otto Johansen forklarer korleis «Dronekiller» fungerer, eit apparat som ein siktar mot dronen.

– Dette er ein dragkamp mellom piloten som står med fjernkontrollen han som står med jamme-geværet. Det er ein klassisk dragkamp om kven som sender det sterkaste signalet, forklarer Johansen.

Han prosjektleiar for antidrone-arbeidet i politiet. Dei har ansvaret for å forhindre framtidige droneangrep.

– Droner er som internett. Det har kome for å bli. Det er heilt avgjerande at vi øver og testar i eit slikt miljø, på ein levande flyplass, seier Johansen.

Luciano Kuppens, assisterande direktør for innovasjonsarbeid i Interpol, seier til NRK at dei vil dele erfaringane med politiet i alle dei 194 medlemslanda deira.

Luciano Kuppens i Interpol

Luciano Kuppens jobbar med innovasjon i Interpol.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Stoppa droner på 17. mai

Første gong politiet brukte mottiltak mot droner i Noreg, var under 17. mai-feiringa i Oslo i 2019. Politiet aksjonerte og stoppa to droner over 17. mai-toget på veg mot Slottsplassen, ifølgje Politiforum.

Ein månad tidlegare omtalte NRK at politiet hadde trent på å stoppe våpendroner over barnetoget i Oslo.

Regjeringa har vore tydelege på at samfunnet må beskyttast mot ulovleg droneaktivitet. I Noreg er det i dag over 460.000 personar som eig ei eller fleire droner.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger