Hopp til innhold

Ingen kritikk mot kommunane

Næringslivet har fått kritikk for ikkje å ha reglar for etisk handel, men det har vore svært stilt rundt innkjøp i norske kommunar. No krev LO at kommunane må vedta regla som hindra at dei kjøper varer laga av born.

Dei fleiste norske kommunar veit ikkje om dei kjøper varer produsert av born i fattige land.

I dag må kvar kommune sjølv vedta etiske retningslinjer og reglar som stiller krav om at varene ikkje skal vere laga av born.

Svært stilt

Fleire gonger er det avslørt at born i fattige land har arbeidd for underleverandørar til store norske selskap. Sist ute var Telenor.

I dokumentaren "Et tårn av løfter" kom det fram at born ned til 13 år produserte mobilmaster for underleverandøren til Telenor Bangladesh.

Men medan næringslivet har fått kritikk, har det vore svært stilt rundt innkjøp i norske kommunar.

Barnearbeid og arbeidstilhøve

Kristian Fjellanger i barne- og familieorganisasjonen til LO, Framfylkingen, trur ikkje det står betre til i det offentlege enn i næringslivet:

- Når norske kommunar faktisk handlar for rundt 250 milliarder kroner i året, og mange av dei innkjøpa skjer frå utlandet, vil dette vere ei problemstilling man faktisk kjem borti, seier han.

No krev dei at alle kommunar tek dette problemet på alvor:

- Me vil krevje at alle kommunar i Noreg har etiske retningslinjer eller regelverk for korleis sei skal forhalde seg til innkjøp når det gjeld nettopp barnearbeid og arbeidstilhøve, seier han.

Samstundes krev dei òg at kommunane får opplæring i korleis dei kan handheva slike reglar skikkeleg

Ikkje nemt

I kva grad kommunane har teke tak i denne problemstillinga, varierer mykje. NRK har snakka med kommunar som ikkje har tenkt på problemstillinga, men også med kommunar som har laga etikkplakatar der leverandørane må skriva under særskilt på at ingen av underleverandørane bruker born i produksjonen og at dersom det skjer vert avtalen heva.

Julie Lødrup representerer Arbeidarpartiet i Oslo bystyre. Då ho undersøkte om det fanst slike reglar i hennar kommune, fekk ho melding om at det gjorde det ikkje.

Men etter litt leiting viser det seg at dette likevel er regulert i eit rundskriv frå 1996. Men det er ikkje nemt i dei etiske retningslinene til kommunen. Ho trur ikkje Oslo er einaste kommunen som kunne ha auka medvitet rundt dette på alle nivå, og stør kravet frå Framfylkingen.

- Kommunane vaknar

Næringslivet har teke tak i problemstillinga med varekjøp og barnearbeid. I 2000 skipa mellom andre nærings- og arbeidsgjevarorganisasjonen HSH og arbeidstakarorganisasjonen LO Initiativ for etisk handel. Dette skulle vera eit ressurssenter og ein pådrivar for å sikra etisk handel.

Mange store norske firma har meldt seg inn, men berre fire kommunar, seier Gunelie Winum.

- Det virka som at kommunane vaknar når uhellet har vore ute, seier ho.

Ho trur at mange kommunar er redde for at slike krav kan vera konkurransevridane, eller at det rett og slett er vanskeleg, men seier at det finst alt malar for korleis kommunane kan stilla slike krav.

AKTUELT NÅ