Hopp til innhold

Imot norsk Kosovo-anerkjenning

Russland kjem med krass kritikk etter at Noreg tidlegare i dag anerkjente Kosovo som sjølvstendig stat.

Feiring i Kosovo
Foto: HAZIR REKA / REUTERS

Kosovo erklærte seg sjølvstendig frå Serbia sundag. Utanriksdepartementet opplyste i dag at Noreg kjem til å godkjenne den nye nasjonen.

Russland skuffa over Noreg

Presseattache Jevgenij Koliesnikov ved den russiske ambassaden i Oslo, meiner Noregs anerkjenning ikkje vil vere positivt for forholdet mellom Noreg og Russland.

- Dette vil vi hugse på i vidare samtalar, seier Koliesnikov.

- Vi meiner framleis at godkjenninga av Kosovo som sjølvstendig stat er eit brot på folkeretten. Dette undergrev grunnlaget for internasjonalt samarbeid, seier Koliesnikov.

I fylgje Kolesnikov bryt lausrivinga til Kosovo med fleire internasjonale avtalar som seier at landegrenser berre skal endrast når alle partar er samde om det.

- Eit vanskeleg særtilfelle

Jens Stoltenberg
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Statsminister Jens Stoltenberg vedgår at vedtaket om å anerkjenne Kosovo som nasjon var vanskeleg.

- Det er eit vanskeleg vedtak, men eit riktig vedtak. Ein må alltid ta utgangspunkt i eksisterande landegrenser, men Kosovo er eit særtilfelle. Landområdet har vore utsett for massive brot på menneskerettane, seier Stoltenberg.

Ventar sanksjonar

Både Russland og Serbia seier at det norske vedtaket vil få fylgjer for deira forhold til Noreg.

Forskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt, Kari Osland, trur Noreg vil få merke motstand, men at situasjonen vil normalisere seg etter kvart.

- Noreg kan på kort sikt bli ramma av sanksjonar som ei fylgje av anerkjenninga av Kosovo, men det er ikkje i Serbia si interesse å isolere seg frå Vesten, seier ho.

Fryktar meir vald

Presseattaché Kolesnikov fryktar konsekvensane av godkjenninga av Kosovo som stat.

- Det eksisterer ei reell fare for opptaking av etnisk vald, og aktivisering av ekstremistar i Kosovo og på Balkan generelt, seier han.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre meiner ein ikkje kan leve med ein uavklart status for Kosovo.

- Det er behov for å klargjere framtidig status for at Kosovo skal utvikle seg økonomisk og politisk. På det grunnlaget vil Noreg, som dei andre nordiske landa og dei fleste EU-land, kome til å anerkjenne Kosovo som sjølvstendig stat, seier Støre.

Splitta EU

Frankrike, Storbritannia og Italia var raskt ute med å gje den nye staten støtte, og 12-15 andre EU-land sa at dei ville gjere det same i løpet av veka.

Spania, Romania, Hellas, Kypros og Slovakia har gjort det klart at dei ikkje støttar lausrivinga.

FN gjenopna onsdag ettermiddag to grensepostar ved delelinja mellom Kosovo og Serbia, dagen etter at dei vart brent ned av rasande kosovoserbarar.

AKTUELT NÅ