Hopp til innhold

24 mindreårige sat meir enn eitt døgn på glattcelle: – Svært urovekkande

Fleire mindreårige blei i fjor plasserte på glattcelle i over 24 timar enn året før. Trass i at politiet tok hand om færre born totalt. Advokatforeininga krev praksisen endra.

Illustrasjon: Glattcelle i Romerike fengsel, Ullersmo avdeling.

Ei glattcelle i Romerike fengsel, Ullersmo avdeling. Illustrasjonsfoto.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

I fjor sat 24 mindreårige meir enn eitt døgn på glattcelle i Noreg. Det var seks fleire enn året før.

Dette bryt FN-reglar.

I tillegg seier forskrift om politiarrest at mindreårige skal sleppast ut av arresten snarast mogleg, og seinast dagen etter.

– Urovekkande

– Det skal vera tvingande naudsynt for at born skal kunna plasserast på glattcelle, seier Marit Lomundal Sæther og legg til at eit så strengt krav elles er ein terskel ein sjeldan ser i lovgivinga.

Lomundal Sæther er styremedlem i Advokatforeininga si forsvarargruppe. Dei er glade for at totaltalet på born og ungdom som blei tekne hand om av politiet, gjekk ned i fjor.

Seniorkonsulent Marit Lomundal Sæther ved Norsk senter for menneskerettigheter

Marit Lomundal Sæther, styremedlem i Advokatforeininga si forsvarargruppe.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Truleg er grunnen pandemien, men samstundes gjekk altså talet på born som sat over eitt døgn på glattcelle opp.

– Det er den største bekymringa, i og med at helserisikoen aukar i tråd med lengda av opphaldet i isolasjon. Det er svært urovekkande at talet oversitjarar aukar. Det er vanskeleg for meg å forstå kva som er årsaka til det, seier ho.

– Nokre gonger er det naudsynt

Elisabeth Rise, leiar i politioperativ seksjon i Politidirektoratet, seier at dei alltid har som utgangspunkt at born ikkje skal setjast i arresten.

– Og så er det likevel sånn nokre gonger at det er naudsynt. Dei som faktisk blir sette på celle, og som også blir låste inn i nokre få tilfelle, er dei som har utøvd den mest alvorlege kriminaliteten, seier ho og legg til:

– Om det er knytt til helg, så er det ikkje nødvendigvis noko rettsmoglegheit innanfor dei næraste 24 timane, heller ikkje nokre andre moglegheiter som kan vera mindre belastande for dei, seier ho.

Seksjonsleiar Elisabeth Rise i Politidirektoratet

Elisabeth Rise, leiar i politioperativ seksjon i Politidirektoratet.

Dette kan til dømes vera barnevern eller andre tilgjengelege og som har moglegheit til å overta dei mindreårige sånn som situasjonen er, innanfor dei 24 timane, forklarar Rise.

Har som mål å mjuka opp

Av dei 24 ungdommane som sat meir enn eitt døgn på glattcelle i fjor, var det seks 15-åringar, sju 16-åringar og elleve 17-åringar.

Forsvarargruppa meiner at det første som bør endrast, er at glattcellene blir gjort mindre glatte.

– Berre betong og ei madrass, kjennest ikkje å bli behandla som eit menneske. Det reagerer dei aller fleste på, og særleg born, seier Marit Lomundal Sæther.

Dei langt fleste mindreårige som blir sette på glattcelle her i landet, blir arresterte i Oslo.

Her er det gjort forsøk med å la celledøra stå open når mindreårige sit i arresten, og i staden ha ei vakt på utsida. Det er også montert TV på nokre celler.

– Politiet har som mål å mjuka opp, seier Elisabeth Rise i Politidirektoratet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger