Hopp til innhold

Hoksrud vil bli nestleiar i Frp

Bård Hoksrud bør bli Framstegspartiets nye nestleiar, seier stortingsrepresentant Morten Stordalen. Sjølv er Hoksrud klar til å overta – men han kan møte ein utfordrar i Erlend Wiborg.

Bård Hoksrud, stortingsrepresentant (Frp)

KLAR: Bård Hoksrud seier han stiller seg til disposisjon for partiet.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Når Ketil no har valt å trekkje seg, så meiner eg Frp er heldige som har ein god kandidat i Bård Hoksrud frå Telemark, seier Stordalen til NRK.

Frp sjokka over Intercity-utsetting. Tor Andre Johnsen Stortinget, Bård Hoksrud og Morten Stordalen

Bård Hoksrud og Morten Stordalen (til venstre) deler engasjementet for vegutbygging. Her saman med stortingskollega og partifelle Tor André Johnsen.

Foto: Privat

I går gav Ketil Solvik-Olsen beskjed om at han ikkje ønskjer attval til stillinga som første nestleiar i Frp. Dermed er den tidlegare samferdselsministeren ferdig i rikspolitikken etter ti år i Frps øvste leiing.

– Eg har alltid stilt meg til disposisjon når partiet har spurt meg. No skal valkomiteen og partiorganisasjonen gjere jobben sin, men dersom eg får førespurnaden, er det så klart ei veldig spennande oppgåve, seier Bård Hoksrud til NRK.

Han legg til at han synest det er trist at Solvik-Olsen gir seg, men legg til at han har forståing for avgjerda hans.

Les også Frp-Hoksrud husar flyktningfamilie – vil gjere innkomsten enklare

Bård Hoksrud og Julia Favoritova.

– Er meg sjølv

Som politikar har Bård Hoksrud særleg markert seg innan samferdsels- og helsepolitikk, men han er også kjend for det gode humøret sitt og dei mange elleville bileta som er tekne av han i ulike samanhengar.

– Kor ofte køyrer du eigentleg ståhjuling eller vasskuter?

– He he, veldig sjeldan. Sjølv om bileta skulle fortelje noko anna. Eg trur kanskje eg har køyrt vasskuter fem gonger eller noko, men stadig spør folk om eg har køyrt noko vasskuter i det siste, ler Hoksrud.

– Du har hatt ein del utradisjonelle utspel og stiller opp på mange rare bilete. Du gjer mykje for å komme i blada?

– Det er ikkje alltid eg gjer det for å komme i blada altså, ofte blir det berre sånn. Eg er nok ein positiv person som liker å by på meg sjølv og som ofte stiller opp på mykje rart – nokre gonger til frustrasjon for kommunikasjonsfolka i Frp.

– Med Bård Hoksrud, så får du Bård Hoksrud. På godt og vondt. Eg er meg sjølv, seier han.

NORGES VANNSCOOTERFORBUND MED KORTESJE DRØBAK - OSLO

Bileta av Bård Hoksrud fra markeringa til fordel for Norges Vannscooterforbund i 2016 har fått nokre til å tru at Frp-politikaren fossar fram på denne måten langt oftare enn han eigentleg gjer.

Foto: Vegard M. Aas / NTB
Bård Hoksrud

Bård Hoksrud er ikkje redd for å by på seg sjølv. I 2012 lot han seg overtale til å bli med på ein makeover i NRKs radiosending Nitimen. Temaet var at menn også kan bruke sminke.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK
Hoksrud viser fram pins

Hoksrud er ein ivrig pinssamlar. Her saman med Lill Harriet Sandaune frå landsmøtet i fjor.

Foto: Fremskrittspartiet
Bård Hoksrud og Gunhild Stordalen

Gunnhild Stordalen er litt som tante Sofie, sa Bård Hoksrud då han møtte henne til NRK-debatt om sukkeravgift og kosthald i 2021. Men favorittbrusen er ein annan enn den han viser fram her.

Foto: NRK
Stortinget . Muntlig spørretime

Favorittbrusen er nemlig Pepsi Max. Her er Bård Hoksrud på veg til spørjetime i Stortinget. I kjent stil, med sekk på ryggen og ein brus i handa. Han kan drikke seks halvlitarar om dagen, røpte han i 2020.

Foto: Vidar Ruud / NTB
Fremskrittspartiets landsmøte 2018

Det er ikkje vanskeleg å finne bilete av ein smilande Bård Hoksrud. Her er han i pølsebua med partileiar Sylvi Listhaug.

Foto: Heiko Junge / NTB
Dyrskun

Som landbruksminister måtte Bård Hoksrud sjølvsagt til pers under Dyrskun i Seljord.

Foto: Tore Meek / NTB
Sirkus Stortinget

Bård Hoksrud og Frp går ikke av vegen for å lage litt sirkus på Stortinget. Her i meir bokstaveleg forstand, under ei markering med Sirkus Arnardo og Sirkus Agora på Eidsvolls plass.

Foto: Gorm Kallestad / NTB
Bård Hoksrud og diabetesforbundet

Bård Hoksrud har vore open om eigne vektproblem, men har også hatt ein tydeleg bodskap om at ein skal vere fornøgd med den ein er. Her har han funne fram målebandet med Bjørnar Allgot i Diabetesforbundet.

Foto: Sunniva Skjeggestad / NRK

Bård Hoksrud var den einaste som stilte flere spørsmål enn Ketil Solvik-Olsen på Stortinget i 2013. Då følgde partifellane opp med kamp i stein, saks, papir. Også den vann Hoksrud, som nå kan etterfølgje Solvik-Olsen som nestleiar.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Hoksrud: – Jeg opplever at Gunhild Stordalen er litt tante Sofie

Lang erfaring

Bård Hoksrud har lang erfaring som heiltidspolitikar for Framstegspartiet, både på Stortinget og lokalt i kommunestyret i Bamble i Telemark. Der har han sete sidan 1991, med unntak av éin periode.

Om få veker fyller han 50 år. Han er gift med Ingunn og har to barn, ei dotter på 18 og ein son på 16 år.

På Stortinget har han meir enn 17 års erfaring. I dag er han medlem av gruppestyret og helsepolitisk talsperson i Frp.

I 2011 innrømde Bård Hoksrud at han hadde kjøpt sex på tur til Riga i Latvia. Han måtte betale 25.000 kroner i bot, men fekk fornya tillit som stortingsrepresentant av partiet to år seinare:

– Dette var ein av mitt livs største tabbar. Som eg sjølv hadde ansvaret for og som gjorde at eg måtte jobbe for å få tilliten igjen. Heldigvis har eg fått den av både mine nærmaste, partiet og veljarane og det er eg veldig glad for.

I regjering var han statssekretær i Samferdselsdepartementet i to år og landbruksminister i seks månader frå hausten 2018 og inntil han måtte vike plass for Olaug Bollestad fordi KrF tredde inn i Solberg-regjeringa.

Hoksrud har yrkesrøynsle som butikkmedarbeidar og butikksjef på 1990-talet, men har vore heiltidspolitikar sidan. Han leidde Framstegspartiets Ungdom frå 1999 til 2002.

Erlend Wiborg, Bård Hoksrud og Sylvi Listhaug.

TRIO: Bård Hoksrud og Erlend Wiborg blir begge nemnd som aktuelle for nestleiarvervet under partileiar Sylvi Listhaug. Men så langt har berre Hoksrud rekt opp handa.

Foto: Håkon Lie / NRK

Kroppspress

Bård Hoksrud seier kampen for enkeltmennesket og mot urettferd er det som driv han som politikar.

Det er helsepolitikken og eldreomsorga som engasjerer han sterkast, men også når det gjeld folkehelsespørsmål har han bode på seg sjølv.

– Du har fortalt ope om slanking og eigen kamp mot vekta. Kvifor?

Eg synest det er viktig at vi viser oss sånn som vi er. Eg er litt for stor, og det er mange som har liknande utfordringar. Det er altfor mykje fokus på det perfekte. Men hadde dette med kosthald og trening vore lett, så hadde vi alle sett like ut, seier han.

– Solvik-Olsen er fråhaldsmann, men hekta på sjokolademjølk. Men på eitt godt kjent bilete held du fram ei heil samling av sjokomelk-boksar. Kven av dykk er sjoko-kongen i Frp?

– Ha ha, det er Ketil. Heilt garantert!

Stortingserfaring

Ingen av Framstegspartiets to nestleiarar, Ketil Solvik-Olsen og Terje Søviknes, er valde inn på Stortinget.

NRK kjenner til at dette har vorte diskutert som ei svakheit i Frp, der påstanden er at partileiar Sylvi Listhaug ville hatt godt av litt draghjelp frå ein nestleiar som sit på Stortinget.

På spørsmål om han meiner den nye nestleiaren bør vere stortingsrepresentant, sjølv om det ikkje skulle bli han sjølv, svarer Hoksrud:

– Det får vere opp til partiet, men fleire har jo etterlyst det.

Erlend Wiborg, stortingsprepresentant for Frp

Erlend Wiborg blir også nemnd som mogleg ny nestleiar i Framstegspartiet.

Foto: Christian Nicolai Bjørke/NRK

Vil ha Wiborg i staden

Ein annan Frp-politikar som fleire kjelder, uavhengig av kvarandre, trekkjer fram som mogleg nestleiarkandidat er stortingsrepresentant Erlend Wiborg frå Østfold.

Ein av dei som vil ha han, er stortingsrepresentant Himanshu Gulati. Han peiker på at Hoksrud allereie er nestleiar i stortingsgruppa.

– Det er store sko å fylle etter Ketil, og vi har mange dyktige politikarar i Frp. Men eg meiner det er bra og rett å fordele sentrale posisjonar på fleire namn. Erlend er utan tvil ein av våre største profilar, seier Gulati.

Wiborg som er innvandringspolitisk talsperson i Framstegspartiet, har ennå ikkje bestemt seg for om han vil stille eller ikkje.

– Eg tykkjer det er veldig hyggeleg at fleire peikar på meg. Eg har det siste døgnet blitt kontakta av mange i Frp rundt omkring i landet som ønskjer at eg skal stilla. Eg skal vurdere dette og ta ein prat med kona mi, for dette vil angå heile familien, seier Wiborg til NRK.

AKTUELT NÅ