Hopp til innhold

Frp-Hoksrud husar flyktningfamilie – vil gjere innkomsten enklare

Framstegspartiet ber regjeringa sørgje for at fleire flyktningar kan bli busett privat, utan å måtte innom eit mottak.

Bård Hoksrud og Julia Favoritova.

TAK OVER HOVUDET: Julia Favoritova bur i huset til Bård Hoksruds familie på Kjønnøya i Bamble.

Foto: Håkon Lie / NRK

– Du skal vel ha cola, Bård? spør Julia Favoritova med eit smil.

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) med følgje får servering i sokkelleilegheita til huset han sjølv eig saman med næraste familie på idylliske Kjønnøya i Bamble.

Følte at han måtte hjelpe

På bordet er det dekt på med kremtoppar frå Noreg, eit utval sjokolade frå Ukraina og eit brett fylt til randa med kortreiste brødblingsar.

Familien Hoksrud har opna dørene for tobarnsmora frå Kyiv, som nyleg flykta frå krigen i heimlandet.

Julia Favoritova og eldstesønnen Ivan Hrydkovets har lagt en strabasiøs reise bak seg.

Julia Favoritova og eldstesonen Ivan Hrydkovets har ei strabasiøs reise bak seg.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Saman med si eiga mor, Oleana Favouritova, og dei to sønene Ivan og Makar Hrydkovets, har ho lagt ei strabasiøs reise bak seg.

I hui og hast måtte dei forlate heimbyen sin, etter fleire dagar i tilfluktsrom.

Dei er takksame for det mellombelse husværet i ein elles svært vanskeleg situasjon.

– No søv eg godt og kjenner meg trygg. Takk, Bård. Du er min beste supporter, smiler ho.

Hoksrud kjende den vesle familien frå før, etter at han budde hos dei i samband med Champions League- finalen i Kyiv i 2018.

At han skulle ende opp med å huse flyktningar privat, hadde han i utgangspunktet ikkje sett for seg.

– Hadde du spurt meg for tre månader sidan, så hadde eg ikkje trudd det skulle skje. Eg har gjort dette fordi eg kjenner dei, og ønskjer å stille opp for å vere med på å hjelpe, seier Hoksrud.

Ønskjer meir smidig prosess for flyktningar frå Ukraina

På den andre sida av kaffibordet sit Frp-leiar Sylvi Listhaug og stortingsrepresentant Erlend Wiborg frå same parti.

Besøket er ikkje heilt tilfeldig.

Makar Hrydkovets, Julia Favoritova, Bård Hoksrud, Erlend Wiborg og Sylvi Listhaug. De tre sistnevnte tilhører alle FRP.

Makar Hrydkovets, Julia Favoritova, Bård Hoksrud, Erlend Wiborg og Sylvi Listhaug rundt kaffibordet. Dei tre sistnemnde tilhøyrer alle Frp.

Foto: Håkon Lie / NRK

Førstnemnde ber regjeringa sørgje for at fleire flyktningar kan bli busett privat, utan at dei må innom eit mottak i forkant.

Millionar av menneske er på flukt frå Ukraina etter Russlands invasjon av landet tidlegare i vår.

Utlendingsdirektoratet (UDI) anslår at det kan komme meir enn 30.000 asylsøkjarar til Noreg frå Ukraina i 2022.

Mange av dei må innom eit mottak når dei kjem til Noreg.

Listhaug meiner dette må kunne løysast langt enklare.

– Her ser vi jo eit godt døme med Bård, som har stilt opp for denne familien. Det er det veldig mange andre som også ønskjer å gjere i Noreg. Då må vi få systema til å fungere. Jo færre som er innom eit asylmottak, jo betre er det, meiner ho.

Listhaug viser til at mange av flyktningane frå Ukraina har biometriske pass, som opnar for enklare løysingar.

Biometrisk pass er kort fortalt utstyrt med ei elektronisk brikke, der det er lagra opplysningar som identifiserer eigaren.

– Vi veit at mange av dei som kjem har slike pass, og då burde dette vere greitt å kontrollere lokalt, slik at dei kan komme i gang med livet sitt i Noreg, meiner ho.

Vil hjelpe i nærområdet

Framstegspartiet ivrar ifølgje Listhaug etter å hjelpe så mange flyktningar som mogleg i Noreg.

Vel å merke om dei kjem frå Europa.

– Dette er jo nærområdet vårt, seier Listhaug.

– Er Bosporostredet grensa for Framstegspartiet?

– Når det er ein slik situasjon i Europa, er det naturleg at Noreg òg stiller opp. Så meiner vi at kriser utanfor Europa må løysast der.

Justisdepartementet hadde ikkje moglegheit til å kommentere kritikken frå Frp i dag.

Erlend Wiborg, Bård Hoksrud og Sylvi Listhaug.

Erlend Wiborg, Bård Hoksrud og Sylvi Listhaug, alle politikarar i Framstegspartiet, meiner regjeringa kan gjere innkomsten enklare for flyktningar frå Ukraina.

Foto: Håkon Lie / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog