Hopp til innhold

Høgre vil la Olemic Thommessen halde fram som stortingspresident

Stortingsgruppa til Høgre har innstilt Olemic Thommessen som kandidat til vervet som stortingspresident. Men mange parti er skeptiske til å la han få halde fram.

Olemic Thommessen

Både Riksrevisjonen og ein samla kontrollkomite kritiserte Olemic Thommessen for måten han har behandla budsjettsprekken i samband med ei ombygging på Stortinget. Men Thommessen blir likevel Høgre sin kandidat til vervet som stortingspresident.

Foto: Stortinget

Olemic Thommessen har hatt fire strie år som stortingspresident, der han blant anna har fått kritikk frå både Riksrevisjonen og kontrollkomiteen, og fått eit mistillitsforslag mot seg, for måten han har behandla ein budsjettsprekk i samband med ei ombygging på Stortinget. Likevel har han sagt at han er villig til å ta fire nye år.

Men fleire av partia har sagt at dei ikkje ønsker at Thommessen skal halde fram. Både Senterpartiet og SV har sagt at dei vil bytte han ut i den komande perioden. Og KrF skal ha bede Høgre om å finne ein annan kandidat, skriv Aftenposten.

Fornøgd med jobben

I dag blei det klart at stortingsgruppa til Høgre går inn for at Thommessen blir deira kandidat til vervet. Parlamentarisk leiar, Trond Helland, seier dei er godt fornøgde med det arbeidet Thommessen har gjort dei siste fire åra.

Trond Helleland

Høgre sin parlamentariske leiar, Trond Helleland, meiner Olemic Thommessen har gjort ein god jobb som stortingspresident, og meiner han bør få halde fram i vervet den neste perioden.

Foto: David Krekling / NRK

– Olemic har leia presidentskapen på ein dedikert og god måte. Det har vore krevjande saker undervegs, og dei må både presidentskapen og Stortinget lære av.

Han vedgår at det var ein del diskusjon før dei gjorde valet, men at dei alt i alt er trygge på at Olemic Thommessen er rett mann for vervet, og at han skal klare å få det omstridde byggeprosjektet i hamn.

– Stortinget vedtok ei rekke ting som må følgast opp, og det reknar vi med blir følgd opp. No er det viktig vi får ein god og open dialog både i denne saka, og i andre saker.

Audmjuk

Olemic Thommessen sjølv seier han er stolt og audmjuk over at han nok ein gong er kandidat til vervet.

– Dersom eg blir vald på laurdag, ser eg fram til å jobbe med det nye Stortinget på tvers av alle partilinjer. Eg meiner eg har viktige erfaringar frå siste periode for nettopp å ta fatt på dette arbeidet, seier han til NRK.

Dersom han blir vald laurdag, kan det bli med eit knapt fleirtal. Det har han ikkje tenkt så mykje på, seier han. Men etter alt bråket, har han tenkt nøye gjennom om han skulle takke ja til å vere kandidat.

– Eg har tenkt grundig gjennom om eg er rett person til dette vervet. Og det meiner eg at eg er. Dei fire åra eg har bak meg, gjer at eg har gode føresetnader for å få både byggesaka og andre krevjande saker i hamn.

Olemic Thommessen har representert Høgre på Stortinget sidan 2001, og har vore stortingspresident sidan 2013-

AKTUELT NÅ