Hopp til innhold

Her skapar dyrare mat og diesel valdelege protestar

Over heile verda står land i fare for å bli kasta ut i gjeldskriser og politisk samanbrot etter heftige prishopp.

Sri Lanka-demonstrasjon

KRISE: Studentar ropar slagord mot styresmaktene i protest mot den verste økonomiske krisa for Sri Lanka på fleire tiår.

Foto: Eranga Jayawardena / AP

Tunisia. Sri Lanka. Peru.

Dei er tre døme på land som har låg økonomisk vekst og er avhengige av import: å kunne kjøpe varer frå den internasjonale marknaden.

Dessutan har det vore politisk misnøye hjå innbyggarane over tid.

Sjokkprisar på mat verda rundt er ei av årsakene:

Grunna Ukraina-krigen kan desse tre landa no få nok ei krise som gjer at det bikker over i økonomisk kollaps:

Sri Lanka

Det asiatiske landet går gjennom sin verste økonomiske krise nokonsinne.

Folk flest har i fleire månadar opplevd mangel på heilt nødvendige varer, som mat, gass, drivstoff og medisinar.

Over heile Sri Lanka er det for tida store demonstrasjonar.

President Gotabaya Rajapaksa blir skulda for korrupsjon og vanstyre, og demonstrantane krev at han går av. Ein person er så langt skoten i samanstøya.

Mista faren under demonstrasjon

MISTA FAREN: Piumi Lakshani viser fram bilete av faren som skal ha blitt skoten og drepen av politiet under ein demonstrasjon mot styresmaktene på Sri Lanka 20. april.

Foto: ISHARA S. KODIKARA / AFP

Dette slit Sri Lanka med:

  1. Gjeldskrise: Landet greier ikkje betale ned på den store gjelda til land som Kina og India, og er snart tom for utanlandsk valuta. Pengane som er att går til mat og medisinar.
  2. Prishopp: Prisen på mat og basisvarer har skote i vêret. Sri Lanka har sett ned verdien av eigen valuta for å få lånehjelp, men då blir det enda dyrare å kjøpe varer frå utlandet.
  3. Mangel på drivstoff: Sri Lanka har ikkje pengar til å kjøpe nok bensin og diesel frå utlandet. Folk må stå i lange køar.
  4. Straumstansar: Mangel på drivstoff fører til kutt i straumen. Næringslivet prøver å bruke generatorar i staden, men også desse treng diesel for å fungere.
  5. Turistsvikt: Pandemien har sett turistindustrien på bar bakke.
Protest på Sri Lanka

PROTESTAR: Demonstrantar veltar barrikadane utanfor bustaden til statsminister Mahinda Rajapaksa på Sri Lanka. Dei er kritiske til korleis han styrer i den økonomiske krisa i landet.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Kva no?

Sri Lanka risikerer å gå tom for pengar viss det ikkje får kriselånet det har bedt om frå Det internasjonale pengefondet (IMF).

Men pengefondet ber landet først ta fleire grep for å få orden på økonomien. Det går i å snakke med kreditorane om korleis gjelden kan handterast, og å bygge eit sterkare sosialt sikkerheitsnett.

Sri Lanka Economic Crisis

Rickshaw-sjåførar står i kø for å kjøpe drivstoff i Colombo på Sri Lanka 13. april.

Foto: Eranga Jayawardena / AP

Peru

Det er store protestar også i dette søramerikanske landet denne våren.

Minst seks personar har døydd i valdelege samanstøt i protest mot dyrare drivstoff og gjødsel, og til tider har det vore portforbod i hovudstaden.

I mars erklærte landet unntakstilstand for jordbruket av frykt for mangel på mattryggleik.

Protest i Peru

STILLER KRAV: «Ut med korrupte Castillo» og «Viss de ikkje fjernar han, fjernar vi dykk alle» står det på skiltet til demonstrantane i Peru. Dei krev at president Pedro Castillo går av.

Foto: SEBASTIAN CASTANEDA / Reuters

Dette slit Peru med

  1. Koronapandemien: Tiltaka mot covid-viruset har vore øydeleggande for arbeidet mot fattigdom og ulikskap, ifølgje Human Rights Watch.
  2. Sterk prisvekst: Inflasjonen er i vår den høgaste på 20 år, ifølgje Reuters.
  3. Dyrare gjødsel: Høg gasspris fører til svært dyr gjødsel. Mangel på gjødsel kan gå utover korndyrkinga, noko som kan skape matmangel blant folk og inntektssvikt for bøndene neste år.
  4. Dyrare drivstoff og mat: Dette hjelper heller ikkje på problema dei har frå før.
  5. Streik: I protest mot prisauken blir turistvegar og viktige koparminer sperra. I påsken streika flykontrollørar slik at Cusco lufthamn blei stengd.
Protest i Peru

I BRANN: Politiet prøver å sløkke ein barrikade som er sett i brann under ein del av streiken som sperra hovudvegar i Peru i starten av april.

Foto: GIAN MASKO / AFP

Kva no?

Til og med biskopane i den katolske kyrkja i Peru går ut mot korrupsjon og «det svake demokratiet», og ber politikarane om å finne saman om løysingar.

Auka prisar kan gi stor politisk uro, ikkje berre i Peru, men også i Brasil, Pakistan, Iran og i Nord-Afrika.

Likevel er det bra at folket kan demonstrere og uttrykke misnøye, påpeikar Ida Rudolfsen ved Institutt for fredsforskning i Oslo (PRIO).

Ho har forska på korleis matvaremangel skapar politisk uro.

Det er når styresmaktene ikkje imøtegår befolkninga og situasjonen eskalerer at det blir eit problem.

Demonstrasjon i Peru

Demonstrantar i Lima krev at Perus president Pedro Castillo går av.

Foto: ANGELA PONCE / Reuters

Tunisia

Dette nordafrikanske landet var utgangspunktet for den arabiske våren i 2011.

Også då var sterk auke i matprisar blant det som fekk folk til å demonstrere i gatene. No skjer det igjen.

Demonstrasjon i Tunisia

Tunisiarar med plakatar og nasjonale flagg i gatene i Tunis i april. Dei protesterer mot president Kais Saied.

Foto: Fethi Belaid / AFP

Dette slit Tunisia med

  1. Gjeldskrise: Høg gjeld til utlandet gjer landet sårbart for inflasjon og høge oljeprisar.
  2. Politisk spenning: President Kais Saied blir skulda for å kuppe makta. Etter lang politisk strid avsette han i fjor regjeringa. I vår oppløyste han nasjonalforsamlinga, og han slår hardt ned på ulovleg hamstring.
  3. Manglar kveitekorn: Tunisia er avhengig av import av kveitekorn frå Ukraina, som mellom anna blir brukt til couscous. Tunisia skal ha kornlager fram til juni, men med lite pengar i statskassa slit dei med å fylle lagera opp att.
  4. Prishopp: Inflasjon gir dyrare og mindre tilgang på matvarer som mjøl, olje, sukker, brød og ris. Det får folk til å demonstrere mot styresmaktene.
Demonstrasjon i Tunisia

Abir Moussi, partileiaren for Free Destourian Party (PDL) talar under ein demonstrasjon i hovudstaden Tunis i mars 2022, mot president Kais Saieds maktkupp og den økonomiske krisa.

Foto: Anis Mili / AFP

Kva no?

Tunisia er i dialog med IMF om ei økonomisk løysing, og EU ber presidenten om å gjenopprette dialogen med opposisjonen for ei politisk løysing.

Forskar Ida Rudolfsen peikar på at folk ofte vil ha sterke leiarar i vanskelege tider.

Det kan bli vanskeleg for presidenten å halde på legitimitet gjennom god økonomisk styring med alle krisene som er no. Situasjonen i Tunisia blir defor spennande å følge med på, seier ho.

Protest i Lima i Peru

Demonstrantar argumenterer med politet under ein protest mot Perus president.

Foto: DANIEL BECERRIL / Reuters

Kveitemangel kan også bli problem i ei rekke land i Midtausten og Nord-Afrika, til dømes Libanon, som mista store kornlager under eksplosjonen i hamna i Beirut i 2020.

Egypt har fått i hamn ei avtale med India om kveitekjøp.

Kva kan løysinga vere?

Det er ikkje slik at det er for lite mat i verda. Det er tilgangen på maten som er utfordringa, og ikkje minst prisen.

Problemet er transporten og eksporten, som er stogga opp frå Ukraina og Russland, ifølge Rudolfsen.

Ho trur ikkje vi har sett slutten på prisauken enno. Men marknaden vil truleg komme seg i balanse att i løpet av eit par år, seier Jarand Rystad i eit av verdas største analyseselskap for energi, Rystad Energy, til NRK.

I mellomtida kan desse tiltaka bidra til å løyse priskrisene, ifølgje forskarar NRK har snakka med:

  • Gi meir pengar til Verdas matvareprogram.
  • Hindre at land stenger grensene sine eller innfører handelsrestriksjonar.
  • Bidra til at importavhengige land produserer meir mat sjølve.

Øvrige kjelder: CNN, Reuters, Financial Times, The New Arab, Ida Rudolfsen i PRIO og FNs organisasjon for ernæring og landbruk.

Hei!

Tenkte du på noko då du las denne saka? Eller har du anna på hjartet eller lurar på? Ta gjerne kontakt med meg.

Eg har tidlegare laga Partiguiden, og skrive om koronatiltak i Kina som forseinkar vareflyten i verda

AKTUELT NÅ