Hopp til innhold

Her kuppar Erna og Jens programleiaren si siste sending

Statsminister Erna Solberg og eksstatsminister Jens Stoltenberg gjekk i dag saman om å kuppe Politisk Kvarter. – Bjørn Bø er ein einar. Han representerer sjølve grunnfjellet i politisk journalistikk og i NRK, seier Stoltenberg om mannen som no blir pensjonist.

Erna og Jens kuppet Politisk kvarter da Bjørn Bø hadde sin siste sending.

Statsminister Erna Solberg og eksstatsminister Jens Stoltenberg smilte lurt da dei overraska programleiar Bjørn Bø under den siste Politisk Kvarter-sendinga hans i dag.

Twitter om Bjørn Bø

Mange lykkeønskningar på nettsamfunnet Twitter. Klikk for større bilete.

Foto: skjermdump

Etter ein lang debatt om skatt, økonomi og arbeidsliv, sa statsminister Erna Solberg noko som slett ikkje sto i manuset til programleiar Bjørn Bø:

– Veit du kva; no er eg i grunnen lei av å diskutere politikk.

Og derfrå og ut hadde dei to toppolitikarane regien:

– Tusen, tusen takk til deg, Bjørn Bø, for at alle vi politisk aktive annakvar dag møter ein politisk debatt med ei utruleg malmfull stemme, og ein dialekt som skapar ro rundt alle dei kvasse orda. Tusen takk for din innsats for politisk journalistikk dei siste åra, sa Solberg.

Høyr Erna og Jens takke av Bjørn Bø.

Erna og Jens avtalte kupp

Ein lettare overrumpla programleiar prøvde å protestere:

– Dette er litt på sida ...

Men til inga nytte.

– Det er Erna og eg som har avtalt å kuppe denne sendinga for å takke deg, heldt Stoltenberg fram.

– Du er NRK på sitt aller beste. Du er truverd, du er ro, og ei god radiostemme. Vi kjem til å sakne deg, og ikkje minst dialekten din. Vi vil ønskje deg lykke til i ditt nye tilvære som pensjonist, sa Stoltenberg.

– Bryt arbeidslinja

Bø og Solberg

– Bjørn Bø er ein god journalist som er svært oppdatert og har mykje kunnskap. Det er viktig å ha journalistar med godt minne og som kan dei lange linjene i politikken, seier statsminister Erna Solberg.

Foto: Ellen Viseth / NRK

– Eg trur eg og Jens er einige om at du bryt arbeidslinja og burde stått lenger i jobb, sa statsminister Solberg.

– Ja, av omsyn til det norske folk, supplerte Stoltenberg.

– Let meg seie det slik at no ha de teke opp eit tema som lyttarane ikkje var budde på, sa den påtroppande pensjonisten.

Etter sending sto kollegaene klare med blomar og gode ord. Også på sosiale medium straumar det på med helsingar til den populære journalisten, som sjølv ikkje hadde mistanke om kuppmakeriet frå dei to partileiarane.

Midtpunktet avsluttar slik han plar gjere; «med audmjuk helsing Bjørn Bø»:

– Det var jo hyggjeleg sagt av dei, men det var da ikkje meininga å plage lyttarane på denne måten.

HELSINGAR FRÅ TWITTER:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger