Hopp til innhold

Helsedirektøren: – Ingen grunn til at helsearbeidarar skal ha lågare lønn

Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner det er viktig å gjere det meir attraktivt å jobbe i helsevesenet, og han legg ikkje skjul på at lønn speler inn.

Bjørn Guldvog saman med sjukepleiar Solveig Habetsås

HØGARE LØNN: Høgare lønn til helsepersonell er eitt av forslaga helsedirektøren kjem med.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Umiddelbart etter den første episoden av Brennpunkt møtte eg fleire som arbeider i heimetenesta i kantina.

Helsedirektør Bjørn Guldvog fortel om ei møte med grunnmuren i norsk helseteneste, nemleg helsepersonellet.

Det første dei sa til meg var at me sit her og skammar oss. Det er jo ein forferdeleg situasjon å vere i – og eg meiner det er heilt uriktig at det er helsepersonell som skal kjenne på skam i den situasjonen me no er i, seier Guldvog.

Bjørn Guldvog saman med sjukepleiar Solveig Habestås.

Helsedirektøren saman med sjukepleiar Solveig Håbetsås.

Foto: Trygve Heide / NRK

Etter mange år som øvste leiar i Helsedirektoratet kjem han no med forslag til korleis ein skal løyse krisa i helsenoreg.

Dette gjer han dagen før Helsepersonellkommisjonen kjem med sin rapport om korleis me skal utdanne, behalde og rekruttere nok kvalifisert personell til helse- og omsorgstenester i framtida.

Leiinga i helsenoreg må ta ansvar

– Me må hugse at det er myndigheiter, politikarar, dei som planlegg helsetenesta, og dei som leiar han, som har eit ansvar for å rydde opp. Og det er mykje som må ryddast opp i, fortel Helsedirektør Bjørn Guldvog.

Den siste tida har NRK hatt fleire saker om kritikkverdige forhold i norsk helsevesen.

NRK og andre medium har fortalt om det pasientar og pårørande meiner var grov omsorgssvikt ved Ullern helsehus.

På måndag fortalde jordmødrer ved Ullevål sjukehus at dei ikkje rekker å gå på do eller ete i løpet av vakta si.

Brennpunktdokumentaren «omsorg bak lukka dører» har også avdekt fleire kritikkverdige forhold både i heimetenesta og ved sjukeheimar i Noreg.

Ansatte sier de bryter loven på jobb og pårørende frykter grove forsømmelser. Hvordan er det på norske sykehjem?

Ansatte sier de bryter loven på jobb og pårørende frykter grove forsømmelser. Hvordan er det på norske sykehjem?

Lønn sentralt i framtida

Guldvog trekker blant anna fram lønn som avgjerande for å skaffe nok tilsette i helse- og omsorgstenesta.

Helsedirektøren har skrive ein kronikk som blir publisert på heimesidene deira i løpet av kvelden. Her fortel Guldvog meir om kva han ser som moglege løysingar på utfordringane i helsevesenet.

– Eg ser ingen grunn til at helsearbeidarar skal ha lågare lønn enn folk i tilsvarande yrke, med tilsvarande utdanning. Eg trur det er viktig at me jobbar med det som har med lønn å gjere i dei kommande åra, seier han.

Helsedirektøren saman med sjukepleiar Solveig Håbetås.

Helsedirektøren meiner det er viktig å jobbe med lønn dei kommande åra.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Helsepersonell må ha råd til å busette seg i nærområda sine, legg han til.

Vilkåra må også bli betre ifølge Guldvog. Han meiner det må vere betre samsvar mellom helsepersonell og dei oppgåvene dei skal gjere.

Han fortel om eit stadig større gap mellom forventingane frå lovverket og leiarane, og dei verkemidla dei tilsette har for å innfri forventinga.

– Kvardagen må vere slik at forventingane til det ein skal gjere ikkje overskrid dei moglegheitene du har.

Til slutt seier han at det er myndigheitene og helsetenesta må komma fram til løysingar.

– Me kan ikkje presse dette ansvaret nedover i organisasjonen, avsluttar han.

Ikkje nok personale til å ta i mot akuttpasientar

Sjukepleiar ved nevrologisk sengepost på Rikshospitalet og tillitsvald i Fagforbundet, Solveig Håbetsås, fortel om ein kvardag med høgt press og lite tid.

Sjukepleiar Solveig Habetsås i gangen på sjukehuset.

Sjukepleiar Solveig Håbetsås fortel om ein travel kvardag med høgt press.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Me har ikkje nok personalet til å ta i mot akuttpasientar. Pasientane hos oss kjem inn med slag, og me kan jo ikkje nekte dei behandling. Ja, det er kaos, seier ho.

Ho meiner det er for får tilsette på avdelinga med riktig kompetanse.

– Me har til tider ikkje nok tilsette med riktig kompetanse. Det er stressande, og eg er ikkje den som lar seg stresse mest. Då kan jo ikkje gjere det godt nok for pasientane. Det synest eg er vondt.

Sjukepleiar Solveig Habetsås med medisinsk utstyr.

Når alarmen går må ho løpe med senga til akuttmottaket for å ta i mot pasienten.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Eg likar jobben min. Eg likar å hjelpe folk, men viss eg ikkje får gjort det, så har eg ikkje gjort ein god nok jobb, seier ho heilt til slutt.

Ny rapport kan gi svar

I ein kommentar til NRK fortel Helseminister Ingvild Kjerkol at den nye rapporten til helsepersonell-kommisjonen kan gi forslag til løysingar dei kan arbeide vidare med.

– Folk skal ha trygge og gode helsetenester også om fem, ti og tjue år. Då er det heilt nødvendig at me jobbar med korleis me skal rekruttere, utdanne og behalde fagfolk i tenestene våre i åra framover, skriv Kjerkol til NRK.

AKTUELT NÅ