Hopp til innhold

Helsedirektoratet rår Stortinget om å gje fullmakt til portforbod

Regjeringa har fått massiv motstand i høyringsrunden om portforbod, men Helsedirektoratet vil ha forslaget vedtatt.

BJØRN GULDVOG advarer unge mot å klemme for mye

VIL FORSLAGET SKAL BLI VEDTATT: Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner Stortinget bør gje fullmakt til å vedta forslag om portforbod.

Foto: Terje Pedersen

– Det kan oppstå situasjonar som gjer at folkehelsa er trua og det ikkje er mogleg å handtere med andre tiltak, seier helsedirektør Bjørn Guldvog om kvifor Helsedirektoratet støttar forslaget om å gjere endringar i smittevernlova.

I går gjekk høyringsfristen ut for regjeringa sitt forslag om å legge til portforbod i verktøykassa dei kan nytte for å handtere ein pandemi.

Dersom forslaget blir vedtatt, vil regjeringa kunne forby opphald på offentleg stad for å førebygge eller motverke smittespreiing. Portforbod skal berre innførast dersom det er strengt naudsynt.

Forslaget har møtt massiv motstand. Mellom anna Folkehelseinstituttet meiner eit slikt tiltak ikkje er å råde, slik forslaget står no. Dei skriv i høyringsinnspelet at gevinsten av eit portforbod vil vere minimal og ikkje forholdsmessig til ulempene.

Men helsedirektoratet meiner det bør bli vedtatt. Det kjem fram i høyringsinnspelet dei sende inn måndag kveld.

– Eg trur me ser situasjonane som kan oppstå i ein pandemi, seier Guldvog til NRK, og viser til dømer om at det kan kome meir alvorlege og smittsame virusvariantar. Han meiner eit slikt verktøy kan bli naudsynt i ekstreme situasjonar.

– Sannsynet for slike situasjonar er svært lågt. Men me må vere førebudd på det som er usannsynleg.

– Eit fotlenkeforslag

Trine Skei Grande intervjues av NRK utenfor Aschehoug i Oslo sentrum.

I MOT FORSLAGET: – Eg trur det at folk får ansvar og har tillit til kvarandre er mykje meir effektfullt enn å ha lovar og reglar der politiet skal handheve vår framferd i det offentlege rom, seier stortingsrepresentant og tidlegare Venstre-leiar, Trine Skei Grande.

Ein av skeptikarane til forslaget, er tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande. Ho kallar forslaget eit fotlenkeforslag, og ser helst at det blir lagt i skuffa.

– Det sender signal til folk om at me skal bruke heimen som fengsel. Det har me fotlenker til i det norske straffesystemet, seier ho til NRK.

Fleire land i EU har innført portforbod under koronapandemien, til dømes Tyskland, Frankrike og Hellas. Grande meiner me ikkje bør sjå til andre EU-land i dette tilfellet.

– Me ser at andre europeiske land har hatt større problem med å handheve reglane enn det me har. Eg synest me skal bygge tillit mellom borgarar og styresmakter. Det gjer me best ved å ikkje ha dette verktøyet i verktøykassa.

Går gjennom innspela

I tida framover vil regjeringa gå gjennom innspela som er kome inn om forslaget.

«Det har kome svært mange høyringsinnspel, noko me også hadde rekna med. Departementet skal no gå gjennom alle utsegna, som vil gje viktige innspel til det vidare arbeidet. Nokre få har søkt om å få utsett høyringsfristen, og dei har fått innvilga det. Me må difor vente på dei siste innspela, skriv justisminister Monica Mæland i ein e-post til NRK.»

Portrettbilde av Monica Mæland foran en vegg med Justisdepartementets logo

PORTFORBOD: Justisminister Monica Mæland vil no gå gjennom høyringsinnspela på forslaget om å endre smittevernlova ved å opne for portforbod.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

På bakgrunn av høyringsinnspela, vil dei avgjere om dei vil fremje eit forslag for Stortinget om å endre smittevernlova med eit så inngripande tiltak.

Trine Skei Grande håpar forslaget ikkje kjem så langt.

– Når høyringssvara er så massive som dei er, så håpar eg det er eit forslag som ikkje når Stortinget.

AKTUELT NÅ