Hopp til innhold

Har fleire spelavhengige enn rusavhengige – seier kjendisar tener blodpengar

I 2018 var det for første gong fleire spelavhengige enn rusavhengige som søkte hjelp hos Blå Kors Poliklinikk i Oslo. Utanlandske spel og spelreklame får ei del av skulda.

Illustrasjonsbilde om pengespill

Nettpoker og slotspel på nett har ført til fleire speleavhengige seier Blå Kors.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

Stadig fleire personar blir no sendt på avvenning for spelavhengigheit. Tal frå Blå Kors viser at det i 2018 blei tilvist 146 nye pasientar med speleproblem til rusklinikken deira i Oslo. Medan det var 126 personar som blei tilvist med rusrelaterte problem.

Talet på spelavhengige som får hjelp har auka gradvis etter at speleautomatane forsvann frå butikkar og kioskar i 2007. No har automatane flytta seg over på nett og inn i heimane til folk, seier kommunikasjonssjef i Blå Kors, Anders Blixhavn.

– Slotspela, som er ei nettutgåve av dei gamle spelemaskinene, er den store, stygge ulven. Det er fordi vegen frå innsats til ein eventuell gevinst er kort. På eitt minutt kan ein ha spelt bort tusenvis av kroner. Når ein då prøver å vinne desse tilbake, er ein fanga i bobla.

– Blodpengar

I Noreg har Norsk Tipping eit spelemonopol. Likevel er det mange som spelar via utanlandske spelselskap. Dei siste åra har det kome mange utanlandske selskap som er retta mot den norske marknaden, og som reklamerer på norske TV-kanalar som blir sendt frå utlandet.

Blixhavn er særleg kritisk til at mange kjendisar låner namn og ansikt til slike speleselskap.

– Kjendisane bør bruke statusen sin til å skaffe seg inntekter på andre måtar. Eg vil nesten gå så langt som å kalle lønningane frå utanlandske spelselskap for blodpengar når vi høyrer om skjebnane til pasientane våre.

Anders Blixhavn Blå Kors

Stadig fleire pasientar med speleproblem oppsøker Blå Kors for å få hjelp, seier kommunikasjonssjef Anders Blixhavn. I 2018 var dei med speleproblem i fleirtal blant dei nye pasientane.

Foto: Blå Kors Norge

Han reagerer også på aggressiv marknadsføring frå dei utanlandske spelselskapa. Blixhavn seier dei har opplevd at pasientar har blitt kontakta medan dei er inne til behandling.

– Dei blir lokka med tilbod om turar og bonusar om dei spelar. Tenk om Vinmonopolet skulle oppført seg på same måte overfor alkoholavhengige.

Strammar til

Nyleg varsla Lotteri- og stiftelsestilsynet at dei ville stramme til overfor utanlandske spelselskap. Tilsynet vil no pålegge norske bankar om å blokkere overføringar til og frå utanlandske spelselskap via tredjepartar.

Silje Sægrov Amble

Dei utanlandske spelselskapa finn stadig nye måtar å omgå norsk lov på, seier seniorrådgjevar Silje Sægrov Amble i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Dei strammar no inn for å stoppe pengestraumane til og frå desse selskapa.

Foto: Dagrun Reiakvam / Lotteri- og stiftelsestilsynet

Seniorrådgjevar Silje Sægrov Amble i tilsynet stadfestar at dei har pålagt norske bankar å stenge pengestraumar, og seier til Dagens Næringsliv at spelselskapa stadig prøver ut nye metodar.

– Dei finn heile tida nye kreative løysingar for å omgå forbodet. Det blir nok ikkje full stopp denne gongen heller, for å seie det slik, sjølv om vi gjer vårt aller beste for å ramme alt vi kan.

AKTUELT NÅ