Hopp til innhold

Sjukdomen styrer kosthaldet for mataktivisten

Gunhild Stordalen arbeider for berekraftig matproduksjon og vil at vi skal ete sunnare. Hennar eige kosthald er styrt av kampen ho kjemper mot alvorleg sjukdom.

Gunhild Stordalen i programmet Torp

SJUKDOMEN: Gunhild Stordalen er betre, men veit enno ikkje om ho vil få tilbakefall.

– Til vanleg er eg fleksiterianer, ein vegeterianer som et litt kjøt av og til. Men på grunn av sjukdomen, et eg no så plantebasert som mogleg. Ifølgje forsking skal det vere gunstig ved autoimmune sjukdomar, seier Gunhild Stordalen.

Miljøaktivisten gjesta NRK-programmet Torp i kveld.

Uvisst

Stordalen fortel at ho er betre etter at ho i fjor sommar fekk stamcelleterapi for andre gong mot den alvorlege sjukdomen systemisk sklerodermi.

Men sidan sjukdomen er sjeldan og ingen andre har fått slik behandling to gongar, lever ho framleis med stor uvisse.

– Det kan ta inn til to år før mitt eige immunsystem er bygd opp att. Det er umogleg å vite om den effekten eg har hatt til no vil vare, eller om eg får tilbakefall, seier ho.

LES OGSÅ: Gunhild Stordalen: – Jeg nekter å gi opp kampen

Mat

Med lilla lugg og stort engasjement snakkar Stordalen om arbeidet i EAT Foundation. Ambisjonen er å endre matvaresystemet og sikre sunn mat til fleire.

– Halvparten av verdas befolkning kan klassifiserast som feilernærte, seier Stordalen.

Ho reknar då med dei som får for lite mat, dei som får for mykje og feil mat og dei som har mangeltilstandar. I tillegg står verdas matproduksjon for enorme klimautslepp.

– Det er fullt mogleg å endre matsystemet, men vi må ha med oss forskarar, politikarar, næringslivet og FN-systemet, seier Stordalen.

Gunhild Stordalen i programmet Torp

PETTER: Møtet med hotellmilliardæren Petter Stordalen blei avgjerande for miljøarbeidet til Gunhild Stordalen.

Naivt?

Til spørsmålet frå programleiar Ole Torp om det ikkje er naivt å tru at ho kan endre den enorme matindustrien, svarer ho smilande:

– Mamma har prøvd å seie til meg i mange år at eg må slutte å seie at eg skal redde verda, for det er urealistisk. Men nokon må prøve!

– Det kjem til å kome mange forretningsmulegheiter. Folk vil spørje etter mat som er betre for oss, betre for planeten, betre for dei som produserer han og betre for dyra i verdikjeda, seier ho og held fram:

– EAT arbeider med å finne nye løysingar saman med 25 av dei største selskapa innan matindustrien.

Miljøaktivist som 7-åring

Allereie som 7-åring var jenta frå småbruket på Muggerud ved Kongsberg engasjert i miljøvern.

Den fyrste demonstrasjonen mot forureining gjekk langs lokale vegar. Så arrangerte ho basar ved nærbutikken til inntekt for Regnskogfondet.

– Eg trur eg fekk inn 100 kroner, seier ho og ler.

Gunhild Stordalen i programmet Torp

MILJØAKTIVIST: Det fyrste demonstrasjonstoget mot trekte ikkje mange menneske. Gunhild var 7 år og protesterte mot forureining.

– Ei stemme

I dag er ho milliardærfrue og samlar prinsesser, politikarar og popstjerner til sine konferansar.

Hennar mål var alltid å arbeide for endring. Møtet med ektemannen Petter Stordalen avgjorde retninga.

– Eg hadde tenkt å få ei stemme og engasjere meg gjennom det å vere lege. Men då eg møtte Petter, skjønte eg at saman kunne vi påverke i ein heilt annan skala enn eg kunne gjort som lege.

AKTUELT NÅ