Hopp til innhold

Grande om henting av IS-kvinna: – Veldig sikker på at det var eit riktig val

Venstreleiar Trine Skei Grande gjentek at det ikkje er tvil om at det var eit riktig val å hente IS-kvinna til Noreg. Ho meiner det er ikkje er avgjerande kor sjukt barnet er og hyllar Utanriksdepartementet som klarte å hente kvinna heim.

Kort tid før Frp avgjer livet i regering gjentek Venstreleiar Trine Skei Grande at det var rett å hente IS-kvinna heim.

Kort tid før Frp avgjer livet i regering gjentek Venstreleiar Trine Skei Grande at det var rett å hente IS-kvinna heim.

Kort tid før Frps landsstyre samlar seg til eit telefonmøte som kan vere avgjerande for om partiet held fram i regjering, møter NRK Venstre-leiar Trine Skei Grande på Deichman bibliotek på Torshov i Oslo. Ho var der for å oppsummere bokåret 2019.

Dersom Frp landar på at dei vil gå ut av regjering kan det snart vere tid for å oppsummere firepartiregjeringa også.

Likevel gjentek Grande at regjeringa gjorde eit riktig val då den 29 år gamle IS-kvinna og hennar to barn vart henta heim.

– Ikkje eit vanskeleg val

Fleire Frp-arar har uttrykt at dei synest det var spesielt vanskeleg at statsministeren sa dette var eit moralsk riktig val. Kva tenker du om det?

– Eg er iallfall veldig sikker på at dette var eit riktig val. Det har ikkje vore noko tvil i Venstre om at dette var ei riktig prioritering.

– Vi prioriterer alltid barn først. Og vi kjem alltid til å prioritere at norske statsborgarar som rundt omkring i verda ber om assistanse for å redde eit sjukt barn. Då synest eg eigentleg ikkje det valet er så vanskeleg. Så har eg forståing for at det er vanskeleg for Frp, men då må Frp gjere opp det med seg sjølv.

Helsetilstanden ikkje avgjerande

I Frp har det også skapt reaksjonar at ein ikkje kjenner helsetilstanden til den fem år gamle guten. Fylkesleiar Tone Ims Larssen i Oslo Frp er ein av dei som reagerer på at advokaten til kvinna, Nils Christian Nordhus, ikkje ville kommentere helsetilstanden til guten i går.

– Det gjer at eg føler at vi har lete oss presse av ein terrorist for å få henne heim, og då gjer det saka endå verre, sa Larssen til NRK mandag morgon.

Venstre-leiaren meiner det ikkje er avgjerande kor sjuk guten er.

– Viss ei mor som ber om assistanse for å kome heim med borna sine, så er det ikkje medisinsk kategori som avgjer. Vi skal sikre borna, det har vore Venstres utgangspunkt heile tida.

– Ikkje berre å knipse

Grande viser også til at det norske utanriksdepartementet haddde ein krevjande jobb med å hente ut kvinna og dei to borna hennar.

– Hugs på at dette har vore ein veldig vanskeleg jobb som eg verkeleg må hylle utanriksdepartementet for å ha klart å gjennomføre. Det gjekk ganske mange månader frå vi sa ja til dei klarte å få dei heim. Det er ikkje berre å knipse i fingrane for å ordne noko slikt. Det har vore ei nervepirrande oppleving og det var ei lette då det faktisk gjekk.

Ventar på Frp

Ingen veit kva som skjer dersom Frp går ut av regjering, men ein Frp-exit kan opne vegen for regjeringa både KrF og Venstre eigentleg ville ha.

KrF, Venstre og Høyre i regjering – korleis kling det?

– Det er ein regjeringskonstellasjon som Venstre gjekk til val på og ønska å få til. Så ser vi at det også vil vere krevjande med det Stortinget vi har i dag der det er ein veldig fragmentert opposisjon.

Trur du det kan fungere?

– Det tek eg inga avgjerd om no, no må Frp bestemme seg om dei skal vere med, så får vi legge korta etter det.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger