Hopp til innhold

Gler seg til kvalitetstid med familien

Mulla Krekar vil bruka tida si på kona og borna sine og til bokskriving når han om kort tid slepp ut etter nesten tre år bak murane.

Mulla Krekar

Mulla Krekar har snart sona ferdig dommen sin for drapstrugslar. No gler han seg til kvalitetstid med familien og til boklanseringar, fortel forsvararen hans, Brynjar Meling (t.v.).

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Når den tidlegare geriljaleiaren frå Nord-Irak slepp ut frå Kongsvinger fengsel 25. januar, ventar kona og dei fire borna hans.

– Mulla Krekar ser fram til lauslatinga. Den første tida som ein fri mann vil han prioritera til familien sin og til å avslutta arbeidet med bøkene som han har starta på i fengselet, fortel forsvarar Brynjar Meling etter å ha snakka med klienten sin onsdag.

– Ikkje kiosklitteratur

Han kom til Noreg som kvoteflyktning i 1991, men mista statusen som asylsøkjar i 2002 og fekk utstedt utvisningsvedtak då det blei klart at han hadde vore leiar for terrorgruppa Ansar al-Islam.

Det er uvisst kven som skal gje ut bøkene til Krekar.

– Men dette er religiøs litteratur som du neppe vil finna i hyllene på Narvesen, seier Meling.

I 2010 blei det losna skot mot bustaden hans i Oslo, men han vil fortsatt bo i byen.

– Har Krekar har bede om politivern eller andre tryggingstiltak?

– Det er ting som vil bli løpande vurdert i samband med politiet. Han har vore utsett for ting tidlegare. Då er det naturleg at det pregar både han og tryggingsbehovet hans, seier Meling.

Politivern

Oslopolitiet vil beskytta Krekar dersom det blir vurdert som nødvendig, stadfestar visepolitimeister Gro Smogeli.

– Me held oss til det oppdraget me eventuelt måtte få dersom Krekar buset seg i Oslo. Det kan sikkert bli aktuelt, men per no har me ikkje motteke eit slikt oppdrag, seier Smogeli til NRK.

Fordi mullaen risikerer dødsstraff i heimlandet Irak, kan ikkje Noreg senda han dit utan å bryta menneskerettane.

Justisdepartementet jobbar med å finna ut kva dei skal gjera med Krekar.

«Me jobbar no med å finna ut korleis me skal handtera lauslatinga på kort og lang sikt. Eg ønskjer ikkje å gå inn i detaljane rundt desse tiltaka på noverande tidspunkt», skriv statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) i ein epost til NRK.

Ifølgje Meling vil Krekar reisa frivillig så snart «tilhøva ligg til rette for det».

– Krekar har alltid hatt eit ønske om å returnera til Irak, men slik situasjonen er no, er den meir uoversiktleg enn nokosinne i Nord-Irak med tanke på IS og maktfordelinga mellom ulike grupperingar der.

AKTUELT NÅ