Hopp til innhold

Gjev ikkje eit øre for rom-ungdomen

Oslo Kommune har fått 3,4 millionar kroner til tiltak som skal betre skulesituasjonen for rom-folket, men har ikkje brukt eitt øre til å få fleire gjennom den vidaregåande skule.

Rom-folket i Norge
Foto: Storløkken, Aage / Scanpix

Det vart lagt merke til då 18 år gamle Amanda Josef gjekk ut frå Ulsrud videregående skole i Oslo i 2004.

Ho var den fyrste blant det norske rom-folket som hadde fullført vidaregåande skule, vart det sagt den gongen.

Fire år seinare er ho framleis den einaste, ifølgje organisasjonen Selvhjelp for innvandrere og flyktninger.

LES: Frykten for storsamfunnet

Ambisjonane

I 2006 oppretta regjeringa ein ny budsjettpost og løyva 2 millionar kroner til ulike tiltak som skulle betre skulesituasjonen for rom-folket.

- Mange rom/sigøynarbarn møter ikkje opp på skulen. For å hindre at framtidige generasjonar av rom skal vekse opp utan skulegang, haster det å få på plass skuletiltak overfor denne gruppa, sa dåverande kommunalminister Erna Solberg i ei pressemelding.

Tiltaka skulle utviklast og gjennomførast i samarbeid med Oslo kommune, og mesteparten av midlane gjekk hit.

Ikkje til vidaregåande

For 2006 fekk Oslo Kommune 1.480 000 kroner. Året etter auka løyvinga til 1.837 000. Men ingenting av dette har vorte brukt til å få fleire gjennom den vidaregåande skulen.

Byrådssekretær for kultur og utdanning, Magnus Halle, er kjent med at det berre er ein rom som har vorte ferdig med vidaregåande skule, men vedgår at det ikkje er sett i verk eigne tiltak for å få fleire til å fullføre.

I 2007 gjekk om lag ein fjerdedel av midlane frå kommunen til tettare oppfølging av rom-barn på åtte grunnskular.

Resten gjekk til Oslo Voksenopplæring sitt undervisningstilbod for rom-folket. Dette vert omtala som eit tilbud retta mot unge vaksne for å bidra til at foreldre sjølv skal kunne motivere barna til deltaking og meistring i skulen.

- Ein god start

- Dette er ein god start, særskilt med tanke på at vi snakkar om ei kompleks gruppe som møter store utfordringar i det norske samfunnet. Det er ikkje sikkert tiltaka kjem til å verte verande slik dei er i dag, men det er altfor tidleg å evaluere det no, seier byrådssekretæren.

AKTUELT NÅ