Hopp til innhold

Gaza-krig også på Facebook

Ei norsk Facebook-side som krev utvising av den israelske ambassadøren i Noreg, er hacka av ei gruppe som støttar den israelske krigføringa i Gaza.

Mali Steiro Tronsmoen, leiar i Sosialistisk Ungdom

Mali Steiro Tronsmoen er oppgitt over hackinga.

Foto: Privat

Det er Sosialistisk Ungdom (SU) som har starta Facebook-aksjonen for å få den israelske ambassadøren utvist frå Noreg, som ein reaksjon på krigføringa.

Sida har over 20.000 medlemer.

Her er Facebook-gruppa: NB Du må vere innlogga i Facebook for å få opp sida.

Lenka til Facebook-sida

Endra teksten

Tittelen på Facebook-sida er slik ho var i starten: Stopp massakren i Gaza, utvis den israelske ambassadøren fra Norge.

Men undertteksten er endra. Her står det no:

"We will continue in our support of Israel in the fight against Hamas, a terrorist organisation".

Dette tyder: Vi vil vidareføre støtta til Israel i kampen mot Hamas, ein terrororganisasjon.

I tillegg har hackarane lagt inn ein logo for ei gruppe som kallar seg Jewish Internet Defence Force. Samstundes har dei greidd å slette Facebook-profilen til administratoren til gruppa.

- Digital krigføring

- Dette er eit eksempel på digital krigføring. Det er tydeleg at krigen mot Gaza blir ført på alle frontar, seier leiar i Sosialistisk Ungdom, Mali Steiro Tronsmoen.

Ho veit ikkje veit om dei som har hacka Facebook-sida deira gjer det på oppdrag frå israelske styresmakter. Men gruppa har eige nettsider, der dei blant anna ber om pengar til arbeidet sitt, fortel ho.

Ho legg til at SU har vore i kontakt med Facebook-administrasjonen i USA for å få hjelp til å igjen få kontrollen over Facebook-sida dei starta, og at administratoren skal få igjen Facebook-profilen sin.

- Dei jobbar med saka, og vi håpar at alt skal vere i orden igjen i løpet av kort tid, seier Mali Steiro Tronsmoen til NRK.

Skjermdump Facebook

The Jewish International Defence Force

AKTUELT NÅ