Hopp til innhold

Full krangel om tannregulering – Høie vil ikkje betale for «kosmetikk»

Tannlegeforeininga kjem med krass kritikk av helseminister Bent Høie (H) for å ville fjerne støtta til tannregulering for rundt 10.000 norske ungdomar. Høie meiner den gjeldande ordninga fører til auka kroppspress blant unge.

Helseminister Bent Høie (H)

Helseminister Bent Høie (H) vil stramme inn på regelverket om kven som har rett på støtte til tannregulering.

Foto: NRK

Ministeren avviser kritikken frå tannlegane. Han gjer det klart at dei tek bort støtta til regulering som blir gitt av kosmetiske og estetiske årsaker. Han meiner ordninga i dag fremjar kroppspress blant unge, og at det er eit økonomisk press på foreldra.

Han støttar seg til ein rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om korleis tannregulering fordeler seg blant innbyggjarane. Her går det fram at det er langt vanlegare med tannregulering blant born som har foreldre med høg utdanning og høg inntekt, enn hos dei med lågare inntekt.

Camilla Steinum.

President Camilla Steinum i Den norske tannlegeforeningen fryktar at mange med eit reelt behov for tannregulering ikkje lenger vil ha rett på offentleg støtte til inngrepet.

Foto: NRK

– Det går fram av rapporten at det er store skilnader når det gjeld tannregulering også geografisk. Det blir gitt støtte til langt fleire i Sogn og Fjordane enn i Nord-Noreg, seier Bent Høie til NRK.

– Eit klart behov

Det er den såkalla gruppe C som blir ramma av kutta. I denne gruppa betalar det offentlege 40 prosent av inngrepet, medan foreldra må betale resten. Derfor meiner også SSB at det ikkje er overraskande at det er barn av foreldre med høge inntekter som har fått mest støtte til regulering.

Leiar i Norsk tannlegeforeining Camilla H. Steinum har ei heilt anna oppfatning av realitetane enn helseministeren. Ho nektar å gå med på at mange i gruppe C får behandling som er reint kosmetisk eller estetisk.

Skjeve tenner.

Tannlegeforeininga meiner at open anteriort bit og trangstilling (over) og Diastema mediale (under) ikkje vil få rett til reguleringsstøtte etter dei nye reglane.

Foto: Tannlegeforeningen

– Vi meiner dette er pasientar med eit klart behov for regulering. Det kan vere skeive tenner, utståande tenner, at tennene ikkje bit skikkeleg saman og det kan vere store mellomrom mellom tennene. Dette er ikkje kosmetikk, dette er inngrep som skal gi ungdomane eit funksjonelt bit, seier ho.

– Dette er kosmetikk

– Dette er ikkje rett. Det er snakk om kosmetikk og estetikk. Vi støttar oss på grundige rapportar, blant anna frå Helsedirektoratet og frå Statistisk sentralbyrå. Vi ser store geografiske skilnader og skilnader mellom dei med høg og låg inntekt. Det viser seg også at ungdomar i Noreg har langt meir regulering enn i til dømes Danmark, svarar helseministeren på kritikken.

Skjeve tenner.

Ifølgje Tannlegeforeininga vil ikkje lenger invertering og tannstillingsfeil (over) ikkje vere nok til å få støtte til regulering. Heller ikkje plassmangel (under). Helsedepartementet opplyser at detaljane for kven som får, og ikkje får, støtte ikkje er klare ennå.

Foto: Tannlegeforeningen.

Høie lovar at dei som har reelle behov for regulering, skal få støtte til et også i framtida. Men regelverket skal skjerpast inn. Han meiner at endringane ikkje burde kome som ei overrasking på tannlegane, sidan dei vart varsla alt i statsbudsjettet for 2019.

Han presiserer også at ikkje alle som kjem inn under gruppe C vil misse retten til støtte.

Ein vanleg behandlingsperiode i gruppe C er tre år. For denne gruppa er kostnaden estimert til i underkant av 30.000 kroner. Denne gruppa betalar altså 60 prosent av kostnaden sjølve, i snitt 18.000 kroner.

Helsedepartementet presiserer at detaljane for kven som framleis kjem til å få støtte i gruppe C ikkje er ferdig greia ut, og at ein derfor ikkje kan slå fast kven som får, og ikke får, støtte til tannregulering. Utgreiinga skal vere ferdig 1. november.

Tre kategoriar

Tannregulering blir delt inn i tre kategoriar, der gruppe A er dei som har behov for dei mest omfattande inngrepa. Dette er blant anna spalting av leppe, kjeve eller gane og andre alvorlege tilfelle. Denne gruppa får dekt inngrepa 100 prosent av det offentlege.

Gruppe B er dei som har stort behov for regulering, der dei med horisontalt overbit på over 9 millimeter og andre liknande diagnosar kjem inn. Det offentlege dekkjer 75 prosent av kostnadene ved desse inngrepa.

Så er det gruppe C, der det no blir stramma inn på kven som kan få hjelp. Det gjeld pasientar med horisontalt overbit frå 6–9 millimeter og liknande, og det er her helseministeren meiner regelverket har vore for dårleg.

– Eg skuldar ikkje på tannlegane, for dei har fylgt regelverket. Men no skal reglane skjerpast inn, slår Bent Høie fast.

AKTUELT NÅ