Nora Sveaas er sjefpsykolog ved Kunnskapssenteret psykososialt senter ved Universitetet i Oslo. Ho fryktar kva som kan skje dersom det kjem ein straum av flyktningar, utan at hjelpeapparatet har lagt planar for det.
Kritikken frå Sveaas rammar ikkje berre norske styresmakter. Ho meiner heile verdssamfunnet er for dårleg førebudd på ein flyktningsstraum frå Irak.
- Eg etterlyser ein vilje til å sjå konsevensane at dei enorme sivile lidingane som vil kome på grunn av ein krig. Her i Noreg må vi vere budde på å ta mot vår del av ein flytkningstraum, seier Sveaas.
Kommunalminister Erna Solberg meiner det er vanskeleg å førebu seg på ein flyktningstraum frå Irak.
Ho meiner det er naudsynt å lage ein plan for korleis vi kan ta mot flyktningar frå Irak. - Vi må gjere noko liknande som då vi tok mot flyktningar frå Kosovo, lage ein slags nasjonal dugnad, seier Nora Sveaas.
Kommunalminister Erna Solberg (H) seier i ein kommentar at Noreg ikkje er dårleg førebudd på ein flyktningstraum. Ho meiner at det er umogleg å vere 100 prosent førebudd på ein flyktningstraum.
Ho seier at regjeringa likevel vil gå gjennom sine rutinar slik at Noreg blir best mogleg førebudd på ein mogleg flyktningkatastrofe i Irak