Hopp til innhold

– Vi skal ikkje selge éin Statkraft-aksje

– Ei regjering med Frp vil ikkje selge ein einaste Statkraft-aksje, seier Ketil Solvik-Olsen (Frp). Han vedgår at Frp har gjeve etter i forhandlingar med Venstre og KrF.

Ketil Solvik-Olsen (Frp)

– No vil kanskje regjeringspartia hevde at Frp spring frå prinsippa sine, men alle gir litt og får litt, seier Ketil Solvik-Olsen (Frp) om kompromisset med Høgre.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Statleg eigarskap til vasskrafta blir etter alt å døme eit tema på Frp sitt landsmøte i mai. Men allereie har Frp og Høgre lova Venstre og KrF at Statkraft skal forbli statleg, sjølv om Noreg får ei blåblå regjering etter valet.

– Dei fire partia er ueinige om fleire ting, og da må vi gje og ta. No vil kanskje regjeringspartia hevde at Frp og Høgre spring frå prinsippa sine, men alle gir litt og får litt, seier Solvik-Olsen til NRK.no.

Erna Solberg, Ketil Solvik-Olsen og Knut Arild Hareide

Erna Solberg (H), Ketil Solvik Olsen (Frp) og Knut Arild Hareide (KrF) er no samde om at den norske staten framleis skal eige Statkraft. Dei er leie av debattar der dei må forsvare utsalg av «det norkse arvesølvet».

Foto: Scanpix

Upopulært hos velgjarane

Han legg ikkje skjul på at Frp sine forslag om å selge ut delar av Statkraft ikkje har falle i god jord hos eigne velgjarar.

– Kvar gong denne saka er oppe får eg mange telefonar frå velgjarane om dette. Det betyr at vi ikkje har skrive det godt nok i partiprogrammet i dag. Dagens formuleringar gjer óg at vi stadig ender opp i debattar der vi må forsvare noko vi eigentleg ikkje meiner.

Sjølv om det står i partiprogrammet at Frp «har ingen motforestilling mot at private kan eie kraftverk/kraftselskap når det er hensiktsmessig», meiner Solvik-Olsen at setningar om å «sikre nasjonal kontroll over energiressursene» er vel så viktig.

– Heilskapemn har ikkje komme tydeleg frem. Det må neste partiprogram ivareta betre, seier Solvik-Olsen.

Legg vekk stridspunkta

– Vi har ikkje noko mål om at staten skal selge seg ned i Statkraft. Vi har derimot meint at Statkraft kan selge ut gasskraftselskapa dei eig i Tyskland, og vi har meint at norske bedrifter som Hydro kunne kjøpe vasskraft. No legg vi det vekk, og seier at vasskrafta berre skal vere i offentleg eige, utdjupar Solvik-Olsen.

Forliket kjem på bakgrunn av den såkalla heimfallsordninga. Den inneber at det offentlege tek over alle privateigde fossefall etter 75 år. Private aktørar kan i dag eige berre ein tredel av offentlege kraftverk, eller dei kan leie kraftverk for inntil 15 år.

Trond Giske

Næringsminister Trond Giske (Ap) peikar på at Frp så seint som i fjor foreslo at staten skulle selge seg ned til 51 prosent eigarandel i Statkraft.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Høgre og Frp stemte i 2008 imot regjeringa sitt forslag om å endre heimfallsretten. Den nye avtalen inneber derimot at dei borgarlege held fast på dagens reglar, men at dei vil utvide høvet til å leie kraftverk til 30 år.

– Ikkje truverdig

Ein skal imidlertid ikkje gå lengre tilbake enn til mai 2011 før ein finn eit forslag frå Frp sine medlemmar i næringskomiteen om å børsnotere og selge ut delar av Statkraft.

Næringsminister Trond Giske (Ap) hevdar difor det ikkje er truverdig at Frp no snur.

– Det Solvik-Olsen no seier er stikk i strid med det Frp foreslår i Stortinget. Dei har heilt konkret foreslått at staten skal selge seg ned til 51 prosent, seier Giske til NRK.

AKTUELT NÅ