Hopp til innhold

Skal løysa industrikraftkrisa

Gunstige avtalar mellom Statkraft og industrien og framleis høve å eiga vasskraft, skal få norsk industri til å bli verande i landet.

Hydro Sunndal
Foto: Odd Sørås / NRK

Billeg straum har vore ein av føremunene kraftkrevjande industri har fått ved å vera i Noreg. Men når dette ikkje lenger er mogleg, må regjeringa tenkja i nye banar for å halda på industriverksemdene.

For EØS-reglane har sett ein stoppar for at Noreg kan leggja til rette for den kraftkrevjande industrien med ordningar som til dømes rimelegare straum - av di dette gjev norsk industri eit konkurransefortrinn samanlikna med verksemder i andre land.

Skal ein hindra at industrigigantar som Hydro og Norske skog flytter produksjonen til utlandet, må regjeringa finna andre lokkemiddel.

Eitt av desse kan vera å sikra at industrien også i framtida kan eiga norsk vasskraft og med det tena pengar på straum og sjølve ha tilgang til rimeleg straum.

Tysdag presenterer olje- og energiminister Åslaug Haga regjeringa sitt framlegg til korleis ein skal løysa krisa i den kraftkrevjande industrien.

Noreg skal vera ein industrinasjon

Målsetnaden til regjeringa er å sikra at den kraftkrevjande industrien vert verande i Noreg og dei vil gje optimisme og nyinvesteringar i sektoren.

Årsaka er at kraftkrevjande industri er viktig for verdiskapinga, sysselsetting og kunnskapsutvikling.

Åslaug Haga

Olje- og energiminister Åslaug Haga.

Foto: Knut Reitan / NRK

 Regjeringa sjølv seier at dersom dei skal nå målet om framleis å ha slik industri i landet, er det tre tilhøve som må sikrast: det er kraftprisane, det er gode allmenne råmevilkår og det er langsiktige råmevilkår.

Åslaug Haga er klar når ho presenterer målsetnaden: 

Me skal få til eit system rundt den kreftkrevjande industrien som er minst like god som den dei har på kontinentet. Det meiner ho er råd innanfor regelverket EØS-avtalen gjev.

Og framlegga hennar skal få fylgjer for fleire område.

- Me har framlegg som vil femna om både dei store og dei små verksemdene. Dei allmenne råmevilkåra som er knytte til langsiktige, kommersielle kraftkontraktar, avskrivingsreglar og så vidare, vil gjelda alle, seier Haga.

Likevel meiner ho at all støtte til industrien ikkje treng å falla vekk.

- Innanfor EØS-avtalen er det også rom for å gje bagatellmessig stønad, som eg meiner at me skal sjå på i høve til dei minste verksemdene.

Norsk industri er avmålt positive

Svein Sundsbø, Norsk indusrti

Svein Sundsbø, Norsk industri.

Foto: Norsk industri

Svein Sundsbø i Norsk industri er positiv til skissa.

- Dette er nesten identisk med dei framlegga industrien sende over til regjeringa. Diverre er det meir som ei prinsippskisse enn ein handlingsplan, så om dette er bra vil me fyrst finna ut når prinsippa vert fylde med konkret innhald.

Det aller viktigaste punktet i skissa meiner han handlar om å påverka EU.

- Å hjelpa EU og resten av Europa til å få på plass eit regime som gjer at europeisk industri vert konkurransedyktig sjølv ein tek tunge klimaløft er kanskje det viktigaste, seier han.

Men han legg til at dei nasjonale tiltaka er òg viktige, mellom anna tiltaket om å medverka til at industrien kan byggja ut kraft i eigen regi og at industrien for halda på den eigenkrafta som han alt har i dag. 

- Dette kunne dei til dømes fått til med å gjera den nye heimfallsordninga slik at ho styrkjer kraftbasen til industrien. Det kunne med enkle grep har gjort skissa til regjeringa meir konkret, meiner Sundsby.

Kraftverk
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Ein lite miljøvenleg industri

Den kraftkrevjande industrien har tradisjonelt vore ein lite miljøvenleg industri. Men dei siste tiåra har det vorte stilt strengar miljøkrav til desse verksemdene.

Dette vil regjeringa vidareføra i skissa si. Dei skriv mellom anna at dei ynskjer å vidareutvikla og styrkja stønadsordningane som er retta inn mot miljøtiltak og energisparing i desse verksemdene.

Lars Haltbrekken i Noregs Naturvernforbund er usikker på om miljøtiltaka Haga skisserer er gode nok.

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken i Noregs Naturvernforbund.

Foto: Audun Garberg

- Det verkar litt uklårt kva ho vil, men me meiner at ein må gjera forpliktande avtalar med industrien som får kjøpa billeg kraft, at dei òg skal driva med omfattande enøk-tiltak.

Vil ikkje setja dato

Åslaug Haga vil ikkje seia noko om kva tid desse tiltaka vert sette i verk, men ho seier at det skal gå raskt.

- No skal me gjennom ein prosess i regjeringa, men mange år i politikken har lært meg at ein skal vera varsam med å seia noko tidspunkt for kva tid ting er ferdige, men det hastar og eg skal lova å jobba raskt.