Hopp til innhold

Frp har slite i storbyane. Det kan skape trøbbel for høgresida i neste val

Partileiar Sylvi Listhaug trur byfolk er lei «sosialistar», men partiet slit med å appellere til høgt utdanna, unge veljarar, påpeikar valforskar.

Sylvi Listhaug

LEIAR: Sylvi Listhaug har ein ambisjon om å få mange fleire veljarar i storbyane.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Framstegspartiet har dei siste vala slite med oppslutninga i alle dei fire største byane i Noreg.

Frp har endra seg frå å vere byparti til i større grad å vere eit distriktsparti. Dei har fått eit storbyproblem, seier Johannes Bergh.

Han leiar valforskinga ved Institutt for samfunnsforsking.

Ikkje minst slit Frp blant unge veljarar, særleg dei med høg utdanning, og blant innvandrarar, ifølgje Bergh.

Alexander Manuel Abarca (20)

UNG VELJAR: Alexander Manuel Abarca (20).

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Alexander Manuel Abarca (20) har vurdert å stemme på partiet, men har ikkje gjort det.

– Dei må endre litt på utanrikspolitikken sin, bli meir mild på den, seier han.

Maja Mikkelsen

UNG VELJAR: Maja Mikkelsen (19).

Foto: Dina Olavsen / NRK

Maja Mikkelsen (19) meiner Frp må få ein betre politikk på innvandring og miljø.

– Dei tenker litt for lite på miljø, og litt for mykje på pengar, seier ho.

Storbyproblemet vil Framstegspartiet gjere noko med.

No må vi styrke oss i byane. Eg trur mange er lei av sosialistar og å bli styrt av dei, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug til NRK.

– Fleire vil ha valfridom, mindre eigedomsskatt og mindre sløsing med pengar. Då skal Frp vere partiet for dei, held ho fram.

Fredag er det første gong Listhaug held partileiartalen under eit Frp-landsmøtet. Ho overtok etter Siv Jensen i fjor.

– Kvifor har de ikkje greidd å snu den negative trenden enno?

– Det vil jo variere litt frå by til by. Vi gjer det godt i nokre byar, som Ålesund. Det som er viktig er å ha gode lister, og engasjerte politikarar som tek tak i både enkeltsaker og dei store sakene som er viktige for innbyggarane. Det skal vi jobbe med å få på plass fram mot 2023, seier partileiaren.

Høgresida kan vere avhengig av Frp

2015 var året då Frp saman med andre ikkje-sosialistiske parti måtte gi frå seg byrådsmakta i Bergen og Oslo.

I Trondheim har dei raudgrøne regjert sidan 2003, og i Stavanger overtok dei makta sist i 2019.

Johannes Bergh

VALFORSKAR: Johannes Bergh leiar valforskinga ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Høgresida i norsk politikk kan neppe rekne med å overta ordførarkjeda neste år, dersom ikkje Frp vinn tilbake veljarane dei har mista, meiner valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg. Høgre gjer det jo bra i dei store byane, men ikkje nok til å få fleirtal. Frp må på eit eller anna vis unngå tilbakegang, seier han.

Høgres 1. nestleiar Henrik Asheim er derimot oppmuntra av deira oppsving på meiningsmålingane i det siste.

Det er noko vi sjølvsagt håper held fram mot kommune- og fylkestingsvalet neste haust, seier han.

Høgre kan søke mot Sp og MDG

Høgre-toppen har trua på at dei skal få til eit maktskifte i fleire av dei store byane, med eller utan Frp.

Vi håper sjølvsagt også på gode val for dei andre partia på borgarleg side, men kven ein skal samarbeide med lokalt blir best avgjort lokalt.

Asheim viser til at Høgre i dag samarbeider med Frp, Venstre og KrF mange stadar, men også med Senterpartiet nokre stadar og med MDG nokre stadar.

No går vi inn i ei spennande tid der vi skal nominere ordførarkandidatar i bygd og by, og så får vi komme tilbake til forhandlingane, seier han.

Intern uro og ekskluderingar

På landsbasis viser snittet av meiningsmålingane på pollofpolls.no ein ørliten oppsving for Frp. Men det står att å sjå om det får nokon positive utslag i storbyane.

Fleire år med intern uro og ekskluderingar frå partiet har ikkje akkurat bidrege til å styrke veljarbasen.

– Er uroa ein direkte årsak til at det har gått så dårleg for dykk, Listhaug?

– Det er jo klart at uro aldri er positivt for eit parti. Heldigvis er vi oppe og går igjen i Bergen med eit bra styre og veldig mange flinke folk, seier partileiaren.

Ho skryter også av unge som gjorde utmerka seg på årsmøtet til Oslo Frp.

Så eg håper vi skal få på plass gode lister og gjer betre val no enn vi har gjort dei siste åra.

Kan fiske hjå bompengeveljarar

Spørsmålet er kor Frp skal vinne veljarar frå no.

Ei løysing kan vere å fiske blant dei som måtte vere misnøgd med bompengepartiet dei satsa på i 2019.

– Men dei kom i stor grad frå Arbeidarpartiet og kan fort finne på å gå tilbake dit, seier Bergh.

Noko bompengepartia var gode på, var å få dei såkalla sofaveljarane til å stemme.

Parti som har eit visst protestpotensiale kan nok vinne desse, men det er ei mangfaldig gruppe, så det kan også vere parti som Raudt som vinn dei veljarane, seier valforskaren.

Misnøgde Sp-veljarar

Ei anna løysing er å gå etter Senterparti-veljarar som er misnøgde med krisehandteringa til regjeringa.

Frp har mista ein god del veljarar utanfor byane til Sp, så det ligg eit potensial der for dei å hente tilbake. Det er absolutt ein moglegheit for Frp, seier valforskaren.

– Kva saker bør Frp satse på no?

– Tidlegare har dei mobilisert veldig på innvandring, men det mobiliserer ikkje like godt i byane som det ein gong gjorde, seier Bergh.

Det å vere opptekne av samferdsel og kåra til bilistane er nok spørsmål som kan fungere.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger