Hopp til innhold

Fredsprisvinnar fryktar ikkje krig og konflikt

Det var berre så vidt at overgangen til demokrati i Tunisia ikkje gjekk gale, men no er det verken fare for krig eller konflikt i Tunisia, seier ein av vinnarane av nobelsfredspris, Ouided Bouchamaoui.

Se hele nobelintervjuet med Ouided bachamaoui. Reporter: Jarle Roheim Håkonsen.

– Konsensus var avgjerande for at den nasjonale dialogen vart vellykka. Alle har vedgått noko og me var alle redde for at overgangen til demokrati skulle bli mislykka, fortel Bouchamaoui.

Ouided Bouchamaoui er ein av fire representantar for Den tunisiske dialogkvartetten og leiar for den tunisiske arbeidsgivarorganisasjonen UTICA. Under eit intervju med NRK fortel ho korleis kvartetten klarte å bli samde med islamistane i landet.

– Alle har utvikla seg, for me har vedteke ein moderne grunnlov der skiljet mellom religion og politikk er nedfelt. Alle er innstilte på å respektera grunnlova. Det heldt på å gå gale, så me måtte finne ei løysing.

Fryktar verken krig eller IS

Bouchamaoui seier at dei verken fryktar krig eller at terrorgruppa Den Islamske Staten (IS) skal få fotfeste i Tunisia.

– Det er eit fredeleg land, og me er eit tolerant folk. Me vil aldri godta krig. I eitt land med likestilling og høgt utdanningsnivå, vil gruppe som IS aldri få fotfeste, seier Bouchamaoui.

Korleis skal ein stelle seg til IS?

– Ein må forstå korleis dette vondet har oppstått og korleis denne gruppa har oppstått. Dei fleste som sluttar seg til IS, er folk som ikkje har jobb og dei blir ikkje høyrde. Det er mykje som må gjerast. Utdanning, kommunikasjon, og kontroll av moskéar mellom anna.

I tillegg legg ho vekt på den militære intervensjonen i Libya som ho meiner me i dag ser konsekvensane av.

– En militær løysing har aldri vore ei god løysing. Ein må rive opp det vonde med roten, og det er noko alle må vera med på.

Ber det internasjonale samfunnet om hjelp

Den politiske overgangen er gjennomført i Tunisia, men den økonomiske og sosiale overgangen står att. For å få dei økonomiske og sosiale forholda til å blomstre, må både nasjonale og internasjonale aktørar gjera ein betre innsats, ifølge Bouchamaoui.

– Viss me ikkje finn ei løysing på den økonomiske situasjonen i landet vil dei som starta revolusjonen missa tolmodet. Me må vera meir pågåande og skape fleire arbeidsplassar.

Ho meiner det internasjonale samfunnet har støtta Tunisia, og Nobelprisen er ein internasjonal anerkjenning, men landet treng meir hjelp.

– Eg trur viss det internasjonale samfunnet vil at Tunisia skal lykkast og bli eit forbilde i regionen så må dei koma til Tunisia, investere der og hjelpe oss med tryggleiken. Det er dessutan mykje anna som må gjerast.

AKTUELT NÅ