I juni flaug Norwegian 113.000 kundar. Det er 3 prosent av kundane i juni i fjor.
No melder dei om 40 prosent auke i bestillingar av reiser i juli og august.
– Sjølv om etterspurnadsveksten på 40 prosent for juli og august kan verka høg, så er vi langt frå normalen, seier presseansvarleg i Norwegian, Anders Fagernæs.
Vel noregsferie
Reiselysta blant nordmenn aukar, men vi vil først og fremst feriere i vårt eige land. Sjølv om styresmaktene har varsla endring i reiseråda frå fredag, ventar nordmenn med å bestille utanlandsreiser.
På Finn.no bestiller dei fleste innanriksreiser. På topp-ti-lista deira for førre veke er seks av ti bestillingar for byar i Noreg.
– Det er rett og slett ei vanvettig interesse for Noreg i år. Veldig mange skal utforska vårt eige land, og det dominerer på Finn.no på alle moglege område, seier Terje Berge, kommersiell direktør for Finn reise.
SOL: Fleire nordmenn med feriehus i Malaga bestiller reise til Spania i sommar.
Foto: Jorge Guerrero / AFPAuke både innanriks og utanriks
Norwegian seier dei har sett ei auke i etterspurnaden for flyreiser både innanriks og utanriks.
Anders Fagernæs i Norwegian ser at fleire nordmenn vil reise til Spania i sommar.
– Vi ser at etterspurnaden aukar i område der nordmenn har feriehus, og føler det er trygt å reise til.
– På innanriksnettet er det Nord-Noreg som er mest populært for feriar i sommar med Evenes, Tromsø og Bodø med høgast etterspørsel, seier Fagernæs.
Fleire vil til Middelhavet
Når styresmaktene har letta på reiserestriksjonane, har etterspurnaden etter flyreiser auka. SAS har igjen starta opp med flyreiser til utlandet, og har sett opp ruter til sju nye destinasjonar berre i dag.
– Vil nordmenn til utlandet?
– Ja, heilt klart. Folk vil til stader rundt Middelhavet, som Spania, Hellas og Kroatia, men også til storbyane i Europa, seier pressesjef i SAS John Eckhoff.
Uansett er pågangen langt lågare enn ein vanleg sommar.
Pressesjef i SAS ser at når styresmaktene letter på restriksjonar, vil fleire reise.
Foto: SASReiste til Spania
Monica Haugerud og Tom Roger Eiden reiste til Spania så snart dei hadde moglegheita. Dei tok det fyrste flyet som gjekk 1. juli. Dei har ei leilegheit i ein liten fiskelandsby utanfor Torrevieja.
– Det er fantastisk å kunne reise. Vi har ei leilegheit som har stått tom her i nesten eit halvt år, og vi ville sjå at alt var greitt her, seier Haugerud.
– Her er dei strengare enn i Noreg. Alle servitørane går med munnbind og vi må ha på oss munnbind når vi er ute. Vi føler oss trygge, seier Eiden.
Dei kjenner fleire nordmenn som ønskjer å reise til Spania. Mellom anna nokon som har leilegheit i same bygget som dei.
Monica Haugerud og Tom Roger Eiden trassa reiseråd og reiste til Spania.
Foto: PrivatDårleg ferievêr
Berge i Finn.no ser at mange nordmenn følger reiseråda og heller kjøper hytte og bubil på Finn enn pakkereiser. Sjølv om vêret ikkje ser lovande ut, trur han dei fleste vel å bli heime i sommar.
– Hadde dette vore eit vanleg år, med dette vêret og langtidsvarselet, så ville det vore eit vanvettig trykk for å bestille pakkereiser til utlandet. Men det er det ikkje, seier Berge.
USTABILT: Sjølv om vêret kan bli dårleg i sommar vel mange å feriere i Noreg likevel.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpixBestiller til neste sommar
Ving melder også om interesse for å bestille feriar i haust. Selskapet startar å fly igjen 22. august. Likevel er det vinteren og neste sommar dei fleste kundane bestiller for.
– Vi ser ein stor etterspurnad etter å sikre seg neste sommars ferie. Det er spesielt Mallorca, Tyrkia og Hellas som er populært. Til vinteren er det alltid Kanariøyane som sel mest, seier Marie-Anne Zachrisson i Ving.
Nye reiseråd fredag
Når dei nye reiseråda kjem på fredag spår Fagernæs, Eckhoff og Berge at bestillingane for utanlandsreiser aukar, sjølv om mykje er usikkert.
– Det er veldig mykje usikkerheit for den jamne familie som skal på ferie i sommar, og da er det nok tryggast å feriere i Noreg. Med den usikkerheita med alle dei tinga som kan skje med korona er det mange som ikkje tør å ta barna med til Syden i år, seier Berge.