Valgerd Svarstad Haugland er forskrekka over ordbruken i kritikken mot henne.
Valgerd Svarstad Haugland har lese rapporten frå evauleringsutvalet i partiet, og ho seier rett ut at det ikkje var særleg lysteleg lesing. - Eg hadde ikkje venta ein slik ordbruk frå eigne partimedlemer, seier ho i eit intervju med NRK. Rapporten skal behandlast på landsstyremøtet i KrF i Oslo i dag.
Landsstyremøte
Ho vil likevel ikkje seie om ho kjem til å trekkje seg eller halde fram som leiar i partiet. Det vil ho truleg meddele landsstyremøtet i partiet seinare i dag.
Rapporten, som også blir kalla Havarikommisjonen for Kristeleg Folkeparti, vart sett ned etter det dårlege valresultatet i haust, det dårlegaste valresultatet for partiet nokon gong.
Etter det NRK kjenner til kjem ikkje den interne KrF-rapporten med ein eintydig konklusjon om kva partileiinga bør gjere, men overlet til leiarane å trekkje ein klnklusjon.
Også positivt
Svarstad Haugland seier at det også er positive ting i rapporten, men at det likevel er det negative som har gjort mest inntrykk. Ho vedgår at det har teke på å lese dei anonyme synspunkta til ein del medlemer i partiet.
Partiveteran Kåre Kristiansen seier til P4 at Valgerd Svarstad Haugland bør gå av, og at helseminister Dagfinn Høybråten bør ta over som partileiar. - Han har gjort jobben som helseminister godt, og har tillit både i partiet og blant veljarane, seier 83-åringen.
Han meiner også at statsminister Kjell Magne Bondevik må ta sin del av ansvaret for nedturen til KrF.
Leiar Knut Hammer i Nord-Trøndelag KrF seier at hans fylkeslag vil be partileiar Valgerd Svarstad Haugland og første nestleiar Einar Steensnæs oom å gå av. Nord-Trøndelag KRF vil også ha helseminister Dagfinn Høybråten som ny partileder.
Også Nordland KrF meiner at Svarstad Haugland bør skiftast ut med Høybråten, medan Hordalan KrF ikkje vil gå lenger enn å seie at partileiaren bør vurdere stillinga si ved neste landsmøte.