Retting: I ein tidlegare versjon av saka stod det at berre ein prosent av dei som er testa etter å ha vore sjuke av det nye koronaviruset, hadde antistoff. Det riktige er at ein prosent av alle som er testa, har antistoff.
Då koronapandemien braut laus i Noreg, blei det også sett i gang ei storstilt testing av antistoff i folket. Til no er over 3000 personar testa i Oslo-området. Ein av dei er Cecilie Beckmann, som NRK møter på Blodbanken i Oslo.
Ho og mannen blei svært sjuke av viruset. No er ho på sjukehuset for tredje gang for å tappe plasma frå blodet. Ho er glad for å kunne bidra til forskinga på antistoff.
Lite antistoff
Av alle dei som er testa i befolkninga, er det berre om lag ein prosent som har slike stoff i blodet.
Lege og forskar Fridtjof Lund-Johansen ved Oslo universitetssjukehus har vore med å teste fleire tusen personar for antistoff etter koronapandemien. Foreløpige funn tyder på at ei vanleg forkjøling kan gi deg betre motstand mot Covid-19.
Foto: Ali Iqbal Tahir / Ali Iqbal TahirDet overraskar forskarane, seier lege og forskar ved Oslo universitetssjukehus, Fridtjof Lund-Johansen:
– Det kan tyde på at dei fleste som får dette viruset blir sjuke, men at smittespreiinga ikkje er så stor som vi trudde i mars.
- Les:
- Les:
For å kunne samanlikne, har forskarar også begynt å sjekke antistoff mot vanleg forkjøling, som er eit anna type koronavirus. Og her er funna motsett. Nesten alle har antistoff mot forkjøling. Og det er spennande, seier Lund-Johansen.
– Det vi veit er at dette er eit koronavirus, og det er også koronavirus som gir vanleg forkjøling. Og det kan vere at dei som har hatt forkjøling, har ein viss immunitet mot det nye viruset.
Internasjonale funn
Også i utlandet blir det forska på antistoff og immunitet mot det nye viruset. Fleire forskarar den siste tida gjort funn som kan likne på dei vi ser frå norske forskarar.
Forskarar meiner blant anna at grunnen til at så få barn blir alvorleg sjuke av viruset, er at dei er oftare forkjølt enn vaksne, og det gjer at dei har utvikla ein form for motstand mot viruset, skriv The Telegraph.
Også i Singapore har forskarar funne ein samanheng mellom vanlege forkjølingar og andre sjukdommar som skuldast koronavirus. Dei hevdar immuniteten frå eit forkjølingsvirus kan vare opp mot 17 år.
Den gule væska er plasma som er tappa frå blodet til Cecilie Beckmann.
Foto: Line Hødnebø / NRKLund-Johansen har også lagt merke til at det er gjort funn internasjonalt som kan støtte opp om den norske teorien, men han understrekar at dei ikkje er ferdige med å forske enno.
– Det er stadig meir som tyder på at det er meir immunitet mot dette viruset enn det vi trudde i byrjinga av mars. Alternativet er at tiltaka ein har sett i gang er veldig effektive. Svaret ligg kanskje ein stad midt i mellom, seier han.