Hopp til innhold

FHI vurderer å starte med smittesporing på fly

Folkehelseinstituttet vurderer å starte opp att med smittesporing på flyreiser. – Eit nyttig hjelpemiddel, om det vert meir reiseaktivitet og smitte rundt reiser, seier Frode Forland.

b1T

SMITTEVERN I FLY: No som fleire skal ut å fly vurderer Folkehelseinstituttet å ta opp att smittesporing på fly. På biletet ser du tilsette i Widerøe Ground Handling som desinfiserer og vaskar eit av Widerøes sine fly på Torp i førre veke.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

– Vi må vere veldig klar over at når vi no opnar for å ta i mot reisande frå andre land, så opnar vi og for eit større smittepress. Derfor vurderer vi å starte med smitteoppsporing på flyreiser igjen, seier Frode Forland, fagdirektør for smittevern i FHI.

FHI dreiv med dette i starten av koronautbrotet i Noreg. Men bestemte seg for å slutte med smittesporing på fly då koronautbrotet og tiltaka mot det var på sitt verste.

– Då var reiseaktiviteten nærare null, og det var derfor ikkje hensikt i det. Men no kan det igjen bli aktuelt sidan fleire byrjar å reise, seier Forland.

Han seier at kunnskap dei då ikkje hadde om at folk utan symptom kan smitte andre, gjer tiltaket meir relevant.

Vel FHI å starte med smittesporing på fly, vil dei som har sitte nærme ein som sidan testar positivt for korona, bli kontakta av FHI, fortel Forland.

– Vi vurderer det, som eit nyttig hjelpemiddel om det vert meir reiseaktivitet og smitte rundt reiser, seier han.

Frode Forland Koronavirus og Folkehelseinstituttet

MODERAT BEKYMRA: Frode Forland, fagdirektør for smittevern i FHI.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Oppmodar folk om å følgje dei enkle råda

Etter fleire veker der snittet på nye koronasmitta i Noreg har lege rundt 10 per dag, vart det onsdag meldt inn 32 nye tilfelle av smitta.

– Det er jo eit betydeleg hopp, men ikkje uventa at vi ser slike mindre svingingar når vi målar frå dag til dag, seier Forland.

Han seier det kan vere snakk om ein ny, men liten smittetopp:

– Over dei siste vekene har det vore relativt jamne tal. Med litt fleire for to veker sidan enn det var i førre veke, så no er det ting som tyder på at det kan vere ein liten smittetopp igjen.

Forland meiner det er enkelt å stoppe smitten og at det i liten grad treng å påverke måten vi lev på.

– Vi kan i stor grad leve som før, viss vi tar omsyn til dei basale smittevernomsyna vi har blitt vande med. For eksempel handvask, ein meter avstand og at vi held oss heime om vi får luftvegsymptom, seier han.

– Moderat bekymra

– Det er kanskje å forvente når folk er meir ute og tettare saman. Det kan vere situasjonar der nokon har smitte, som ikkje veit det, som smittar andre, seier Forland når NRK spør han kva som er årsaka til smitteauken.

– Er de bekymra no?

Vi er moderat bekymra for situasjonen. Vi har god kontroll no. Det har vore veldig effektivt med tiltaka vi har sette i verk og det har vore betalt ein høg pris for det. Det er det viktig at folk ikkje gløymer, svarar Forland

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger