Hopp til innhold

Fleire drepne etter masseskyting i Praha

Tsjekkiske myndigheiter meldar at 13 er drepne etter masseskytinga. I tillegg er gjerningsmannen død.

Flere døde i skoleskyting i Praha

Fleire drepne etter masseskyting i Praha.

Masseskytinga har funne stad på Karlsuniversitet ved Jan Palach-plassen midt i Praha.

Politiet opplyser om at universitetsbygget no er evakuert.

Politiet sende alt av ressursar då dei fekk meldinga om skytinga, like etter klokka 15 torsdag ettermiddag.

Rundt klokka 18 sa politidirektør Martin Vondrasek under ein pressekonferanse at minst 15 personar er drepne etter skytinga.

Noko seinare torsdag kveld blei talet endra til 13.

Også gjerningsmannen er død. Det blei klart alt klokka 16 i dag.

I tillegg skal minst ni personar vera alvorleg skada. Det melder naudetatane.

Vidare har fleire moderate og små skadar. Totalt skal det vera snakk om kring 30 skadde personar.

Gjerningsmannen var ifylgje politiet åleine om å stå bak skytinga.

Vedkomande var 24 år gammal og student ved universitetet. Han skal ikkje ha hatt band til ein internasjonal terrororganisasjon, sa politidirektøren til pressa.

Det er også funne mange våpen på universitetet, torsdag kveld.

Fekk tips fleire timar før

Politiet fekk tips om mannen tidlegare torsdag. Det skal ha gått på at han var på veg til Praha frå Kladno-regionen der han budde. Målet hans skal ha vore å ta sitt eige liv.

Kort tid seinare blei far til gjerningsmannen funnen død. Politiet mistenkjer at 24-åringen står bak.

Som fylgje av tipset skal politiet ha evakuert universitetsbygget der gjerningsmannen skulle på førelesing.

Medan dei leita etter han i bygget, skal dei ha fått melding om skyting på Jan Palach-plassen.

Då politiet seinare torsdag søkte gjennom bustaden til 24-åringen, fann dei også spor som knyter han til eit dobbeldrap aust for Praha 15. desember, ifylgje politidirektør Vondrasek.

politiet sikrar område rundt universitet etter skuleskyting

Tsjekkisk politi sikrar område rundt universitetet der masseskytinga fann stad, midt i Praha.

Foto: Petr David Josek / AP

Fekk melding litt over klokka 15

Reuters skriv at skulen skal ha bede tilsette og studentar om å låsa seg inne der dei var, i ein e-post Reuters har fått tilgang til.

– Bli der du er, ikkje gå nokon stad. Viss du er på eit kontor, lås det, sett møblar framfor døra og skru av lysa, stod det i e-posten.

E-posten vart send ut klokka 15.15, ifølgje CRo. Tsjekkisk politi melde først om hendinga klokka 15.17.

Politiet skal like før klokka 17 framleis ha jobba med å henta ut studentar som har gøymd seg på universitetet, skriv fleire tsjekkiske medium.

Både det filosofiske fakultetet ved Karlsuniversitetet og kunst- og arkitektakademiet ved Jan Palach-plassen, nokre få hundre meter frå Karlsbrua, er evakuert.

skuleskyting tsjekkia

Eit stort område er sperra av i sentrum av Praha, torsdag kveld.

Foto: Petr David Josek / AP

Sjokkert

Statsminister Petr Fiala har avbrote ein tur aust i landet, og er no kome til Praha.

Seint torsdag erklærte statsministeren at fredag 23. desember skal vera nasjonal syrgjedag.

Den tsjekkiske presidenten Petr Pavel seier han er sjokkert, og uttrykkjer si medkjensle med dei som er råka.

Det norske utanriksdepartementet har ikkje motteke opplysningar som tyder på at det er norske statsborgarar blant offera.

– Den norske ambassaden i Praha undersøkjer saka. Me har ikkje motteke informasjon som tilseier at norske borgarar skal vera ramma, seier pressevakt Ragnhild Simenstad til NTB.

Skyteepisodar som denne er svært sjeldne i Tsjekkia.

Her er ei oversikt med nokre av dei verste masseskytingane i Europa dei siste 36 åra:

AKTUELT NÅ