Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Ei reise i europeisk historie: Aldri meir Napoleon?

Bli med på biltur gjennom eit turbulent kontinent som igjen er truga av krig.

La bataille d'Austerlitz. 2 decembre 1805 (François Gérard)

Måleri som feirar Napoelons store siger i slaget ved Austerlitz i 1805, av François Gérard.

Foto: Wikimedia commons

Det slår meg kvar gong eg set meg i bilen her i Berlin, at det er korte avstandar i Europa.

Det blir sagt at her er det meir historie enn land. Ein floskel kanskje, men likevel:

Det er eit kontinent forma av blodige krigar som igjen har ført til sjølvransaking og lovnader om at dette må aldri skje igjen.

Førarbunkeren

I 2006 blei det sett opp eit skilt som fortel historia om Adolf Hitler sine siste dagar i bunkeren. Skiltet står berre 200 meter frå det store Holocaust-minnesmerket i Berlin sentrum.

Foto: ARND WIEGMANN / REUTERS

Eg har knapt køyrt frå kontoret og passert Brandenburger Tor, før eg finn det mest grelle eksempelet på dette.

Ved ein asfaltert parkeringsplass kan eit nøkternt skilt fortelje meg at her låg kommandobunkeren til Adolf Hitler.

I 1945 tok nazisten sjølvmord her etter å ha starta den største krigen i verdshistoria.

På Autobahn gjennom DDR

Autobahn

Tysk motorveg i soloppgang.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Nokre timar seinare passerer eg vakre Dresden som på tampen av andre verdskrigen blei bomba og brend ned til grunnen.

Byen ligg i det gamle Aust-Tyskland, DDR, som fram til murens fall var ein streng politistat, under oppsyn av Sovjetunionen.

Vladimir Putin var visstnok KGB-agent i Dresden under den kalde krigen. Det blir hevda at han reiste derifrå i ein sliten bil med ei tjue år gammal vaskemaskin surra på taket.

Vaskemaskina heldt visstnok i 5 år til i leilegheita i St. Petersburg.

Var det då vaskemaskina rauk han byrja drøyme om å gjenreise Sovjetunionen?

Putin i Dresden

Russlands president Vladimir Putin på gamle trakter i Dresden. Bilete frå eit besøk i 2006.

Foto: ITAR-TASS / REUTERS

Tsjekkia i sentrum av Europa

Frå Dresden føl motorvegen meir eller mindre elva Elben til den populære tsjekkiske hovudstaden Praha.

Frå ringvegen der er det knapt ein time å køyre til Moravia og industribyen Brno.

Brno er kanskje mest kjend for billege jaktvåpen og kult-traktoren Zetor.

Men på ei høgde utanfor byen ligg eit heilt spesielt minnesmerke.

Slaget ved Austerlitz

Det blir kalla fredsvarden og er eit digert tårn med kapell. Inne i kapellet kan eg skimte friske blomar for dei over 17.000 soldatane som fall her for over 200 år sidan.

Fredsvarden ved Austerlitz

NRKs korrespondent besøker fredsvarden ved Brno. Monumentet blei reist i 1912. Det er eit 26 meter høgt tårn med kapell. Monumentet skulle etter planen ha blitt innvigd i 1914 men dette blei avlyst på grunn av utbrotet av første verdskrigen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Slaget ved Austerlitz i 1805 blir kalla trekeisarslaget, for det var heile tre europeiske keisarar på slagmarka.

Det var den russiske tsaren og keisaren av Austerrike, mot Frankrikes Napoleon Bonaparte.

Dette blei Napoleons største militære siger.

Entusiastar gjenskapar slaget ved Austerlitz i 2017. Staden har no fått eit tsjekkisk namn, Slavkov u Brna.

Framleis diskuterer historikarane slaget ved Austerlitz. Her blir det rekonstruert av entusiastar i 2017. Staden har no eit tsjekkisk namn, Slavkov u Brna.

Foto: Petr David Josek / AP

Sigeren var så knusande at historikarane meiner Napoleon byrja tru han var uovervinneleg.

Ti år seinare var han ferdig.

Europa allierte seg mot Bonaparte som enda sine dagar forvist på ei aude øy utanfor Vest-Afrika.

Så blei dei europeiske stormaktene samde om å møtast litt oftare til konferanse for å fordele provinsar og fyrstedømer slik at ingen skulle bli for mektig.

Eit maktbalanseprinsipp skulle hindre at det kom ein ny Napoleon.

Offiseren Bernadotte måla av Fredric Westin

Jean-Baptiste Bernadotte som seinare vart kong Karl Johan av Noreg og Sverige. Han var ein viktig kommandant for Napoleon under slaget ved Austerlitz.

Foto: Wikimedia commons

Eg står på den vesle høgda ved åstaden for Austerlitz-slaget og tenkjer på Napoleon og Hitler. To karismatiske leiarar. For ein imperialistisk galskap dei fekk folket sitt med på!

No er det Vladimir Putin som truar europearane med sin angrepskrig i Ukraina.

Vi ser allereie at Europa allierer seg mot den russiske aggresjonen. Det er alle mot Putin.

I alle fall nesten.

Unnataket er å finne berre nokre timar med køyring frå Austerlitz-minnesmerket.

Annleislandet Ungarn

Eg susar inn i Ungarn på ein topp moderne motorveg betalt av EU-fellesskapet.

Viktor Orban

Ungarns statsminister Viktor Orban.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Den eigenrådige statsministeren i landet, Viktor Orban, er Putin sin siste ven i EU.

Ungarn har blitt skulda for å sabotere sanksjonane mot Russland og hale ut godkjenninga av den finsk-svenske Nato-søknaden.

Det blir til og med utbasunert at Vladimir Putin ikkje vil bli arrestert i Ungarn uansett kor etterlyst han måtte vere av ymse internasjonale domstolar.

Statsminister Orban vart vald på ny i fjor etter lovnader om billegare drivstoff frå Russland, og at det var berre han som kunne halde landet utanfor ein mogleg krig i Europa.

Valgkamp Ungarn 2022

Viktor Orban blir hylla av tilhengarar frå Rom-minoriteten under valkampen i fjor.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Orbans idealsamfunn

For å kome nærare Orbans visjonar må eg køyre ein smal veg til ein liten landsby i utkanten av Budapest.

Det var her Viktor Orban vaks opp.

Her finn eg husly for natta ved eit massivt anlegg med hotell, fotballakademi og fleire fotballbaner. og eit stadion med 4000 sitteplassar

Felcsut har berre 1600 innbyggarar, men Orban er ein lidenskapleg fotballtilhengar. Det store anlegget blir ikkje berre brukt til sport, men også for å invitere partifellar til møter om politikk og strategi.

Akkurat denne dagen er det digre hotellet spøkelsesaktig tomt.

Pancho Arena

Kantina ved fotballakademiet i Felcsut liknar på ei kyrkje med sine gotiske bogar. Eit steinkast unna ligg Pancho arena, oppkalla etter den ungarske fotballhelten Ferenc Puskás.

Foto: LINDAHL BJÖRN/Aftonbladet / Aftonbladet

Eit fotball-lag er her for å trene, elles har eg berre selskap av mine eigne fotsteg i tomme korridorar.

Om morgonen går eg meg ein tur for å sjå den store fotballarenaen i bygda. Eg blir raskt stoppa av to sikkerheitsvakter som fortel at her er det ikkje lov å ta bilete.

Men eg har allereie sett nok.

Alle dei nye praktbygningane har gotiske bogar i brunt tre som gjev heile sportsanlegget eit religiøst preg.

Eg får kjensla av å vere inne i ei stor kyrkje der guden er Viktor Orban.

Felcsut

Tilhengarar frå Orbans heimstad Felcsut har teke turen til hovudstaden for å gje si støtte under valkampen i fjor.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Det er på tide å køyre vidare.

Neste stopp er Romania og byen Timisoara som ligg rett over grensa til Ungarn.

Romania fryktar krig

I sentrum heng det plakatar der unge menn blir oppfordra til å verve seg i dei væpna styrkane.

Romania ligg tett på Ukraina og Svartehavet. Dei fryktar russisk imperialisme og rustar no opp forsvaret.

Rumenarane kjenner godt til krig. Frå tyrkiske sultanar til keisarar og tyske korporalar.

Ved ei lita militærkyrkje i Timisoara sentrum kan ein sjå ei heilt spesiell åtvaring.

Militærkyrkja i Timisoara

Ikkje lett å få auge på. Angrepa på New York i 2001, ein djevel med ein rakett og Osama bin Laden som rir på eit passasjerfly.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Kyrkja ligg vegg i vegg med eit kjøpesenter og er vanskeleg å få auge på.

Under kommunismen låg den brakk, men blei pussa opp i 2002.

I himmelkvelven blei det måla ein ny fresko av fagfolk utdanna ved universitetet i Timisoara.

Vanlegvis er det religiøse motiv. Jesus og Maria. Himmel og helvete.

Men det er også vanleg å inkludere hendingar frå notida. Så i denne freskoen kan ein sjå ein heilt spesiell versjon av helvete.

Nærbilete av Osama Bin Laden

Osama bin Laden rir på eit passasjerfly omslukt av flammar.

Foto: Andras D. Hajdu / NRK

Det er Osama bin Laden som rir på eit passasjerfly inn i tvillingtårna i New York.

Og ein lenka djevel som klamrar seg fast til ein atomrakett.

Eg tolkar det som ei åtvaring mot at før, i gamle dagar, så kunne ikkje ein aggressiv imperialist i nederlagets time starte ein atomkrig.

Ville Napoleon og Hitler ha trykt på knappen?

Svaret er nok ja.

Vi får berre håpe at når Europa no rustar seg for å møte den russiske trusselen, ikkje byrjar å drøyme som ein fransk keisar eller hate som ein tysk korporal.

Militærkyrkja i Timisoara med eit spesielt kyrkjemåleri
Foto: Andras D. Hajdu / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt