Hopp til innhold

WHO slår alarm: – Apekoppar er ei global helsekrise

Talet på nye smitta aukar og aukar. Ei global helsekrise er den høgste alarmen helseorganisasjonen kan slå.

Apekopper

HELSEKRISE: Den smittsame sjukdommen apekoppar er no definert som ei global helsekrise.

Illustrasjon: Medscape

WHOs generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus kunngjorde på ein pressekonferanse laurdag at apekoppar utgjer ei global helsekrise.

– Vi har eit utbrot som har spreidd seg over heile verda raskt og som spreier seg på nye måtar, som vi forstår for lite om, men som oppfyller kriteria for ei helsekrise, sa Ghebreyesus på pressekonferansen.

Det er ei ekspertgruppe som har vurdert sjukdommen. Det var ikkje semje i gruppa, men generaldirektøren har likevel erklært sjukdommen som ei slik krise.

Verdens helseorganisasjon undersøker nå om en uvanlig infeksjonssykdom blant barn, kan være knyttet til koronaviruset, opplyser WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus.

WHOs generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Foto: AP / NTB scanpix

– Alvorleg situasjon

Ved førre møte 23. juni, vart det ikkje definert som ei global helsekrise.

WHO peika då på at epidemien er vidt spreidd geografisk, og at sjukdomsbiletet er annleis enn før.

– Situasjonen har no blitt meir alvorleg internasjonalt, seier smittevernekspert og overlege ved Folkehelseinstituttet (FHI), Preben Aavitsland, til NRK.

Preben Aavitsland

Preben Aavitsland i FHI.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Han opplyser at det no er rundt 15.000 kjende tilfelle av apekoppar.

– Men det finst nok ein del mørketal her.

Avgjerda til WHO medfører ingen endringar i korleis FHI handterer apekoppar i Noreg.

– Vi kjem til å halde fram med arbeidet som allereie er i gang. Vi støttar erklæringa og anbefalingane, og følger desse, skriv dei på Twitter.

LES OGSÅ Hvorfor heter det apekopper? Og andre spørsmål du kanskje lurer på

Apekopper sett i mikroskop

Dobla seg i Noreg

Talet på tilfelle med sjukdommen har auka i fleire land sidan starten av mai. Det har ikkje tidlegare vore større utbrot utanfor Vest- og Sentral-Afrika, der sjukdommen lenge har vore endemisk, skriv NTB.

I Noreg har tala på tilfelle dobla seg dei siste vekene. Det første tilfellet i Noreg vart oppdaga 31. mai.

Det er påvist 46 tilfelle i Noreg i det pågåande utbrotet.

– Epidemien er aukande, og spesielt i Europa, sa smittevernvakt ved FHI, Helena Niemi Eide, til NRK tidlegare denne månaden.

Vil godkjenne koppevaksine

Fredag anbefalte Det europeiske legemiddelbyrået, EMA å godkjenne bruk av koppevaksine, for å overvinne apekoppar. Vaksinen er allereie godkjent for bruk mot apekoppar i USA.

Noreg vil truleg få vaksinar mot apekoppar seinare i sommar, opplyser Folkehelseinstituttet. FHI er i ferd med å ferdigstille råda om korleis dosane skal brukast. Men kor mange dosar Noreg får, er framleis ukjent.

Vaksinen skal bli gitt til personar som har blitt utsette for viruset, i eit forsøk på å stanse smittespreiing. Det er mangel på vaksinen på verdsbasis, og EU-landa har valt å fordele dosane seg imellom basert på innbyggartal.

Milde symptom

Apekoppar gir vanlegvis milde symptom i form av feber og utslett, og er sjeldan dødeleg. Det er eit virus du kan bli plagsamt sjuk av, med byllar på kroppen. Men det blir ikkje rekna som veldig farleg.

WHO understrekar at apekoppar ikkje er ein sjukdom den generelle befolkninga bør bekymre seg over. Og det er ikkje behov for massevaksinasjon eller flokkimmunitetskampanjar.

LES OGSÅ Er smitta av apekoppar: – Vanskeleg å få tak i informasjon

Aleksander Sørlie

AKTUELT NÅ