Hopp til innhold

Ferske Nav-tal viser omfanget av korona-svindelen: – Betydelege summar

Nav meiner 600 personnummer har vorte misbrukte for å svindle til seg korona-støtte. Dei har sperra 36 verksemder og stansa utbetalingar i millionklassen, men nokon har likevel klart å svindle til seg pengar frå felleskassa.

NAV-direktør Hans Christian Holte

SVINDEL AV KORONA-STØTTE: Arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte har ikkje hatt mange månader i jobben som Nav-sjef. Men fleire svindelsaker har allereie hamna i fanget til den tidlegare Skattedirektøren.

Foto: Håvard G. Hagen / NRK

– Sett opp mot det store volumet som går gjennom ordningane, er det ikkje veldig stort, men som bedrageri- og svindelsaker er dette betydelege summar, seier Hans Christian Holte.

Nærare 8 milliardar kroner er hittil utbetalte i samband med lønnskompensasjonsordninga som varer ut august månad.

At nokon har prøvd å jukse med ordninga, er ikkje den ferske arbeids- og velferdsdirektøren i Nav overraska over. Økokrim har både åtvara og forventa svindelforsøk frå bedrifter og enkeltpersonar.

Den siste tida har fleire vorte arrestert og sikta for millionbedrageri av offentlege støtteordningar, som vart etablerte i samband med pandemien. Det er venta fleire meldingar og arrestasjonar.

Dette viser dei førebelse tala:

  • 600 personnummer har registrert uriktige opplysningar. Det kan vere snakk om fiktive opplysningar, ID-tjuveri eller medverknad.
  • 36 verksemder er sperra.
  • Seks verksemder og seks personar er melde. Nav ventar ei dobling av meldingar.
  • Fleire har fått utbetalt pengar på feilaktig grunnlag.
  • 11 millionar kroner er sperra.

– Dette er alvorleg kriminalitet og misbruk av midla i samfunnet, så sånn sett er det viktig å stoppe det, legg Nav-sjefen til.

Nav ventar kraftig auke

Tala kunne vore langt verre, ifølgje Nav. Dei veit ikkje kor mykje pengar dei har spart ved å sperre innlogginga til enkeltpersonar og bedrifter.

– Vi har klart å sperre utbetaling av cirka 11 millionar der det var gjord vedtak om utbetaling. Vi veit ikkje kor mykje vi har spart ved å sperre innlogginga, seier Holte, og legg til:

– Men sånn er det med all kriminalitet. Førebygging er det beste. Å stoppe kriminalitet før det skjer, er verkeleg det beste.

Allereie i april slo Økokrim fast at kompensasjonsordninga i regjeringa ville misbrukast på grunn av at den er tillitsbasert og i stor grad automatisert. Sjølv om den mellombelse ordninga går mot slutten, held jakta fram på juksarane. Fleire av dei arresterte blir omtalte som «kjenningar» av politiet.

Daniel Sollie

POLITIAKSJON: Økokrim etterforskar fleire meldingar frå Nav om bedrageri i samband med kompensasjonsordningane til næringslivet. Fleire vart arresterte etter ein politiaksjon. Politiet beslagla òg verdigjenstandar.

Foto: Andreas Sundby / NRK

– Dette er ei prioritert sak for Økokrim. I trusselvurderinga vår påpeika vi faren for misbruk av støtteordningar og då er det naturleg at vi følgjer opp med straffesaker på feltet, seier politiadvokat Daniel Sollie, som jobbar med fleire meldingar frå Nav og koordinerer samarbeidet mellom fleire politidistrikt i Noreg.

Slik føregår jukset

Mønsteret i det Nav meiner er svindelforsøk ber preg av masseprodusering.

Det er ein systematikk for å hente pengar ved hjelp av fiktive opplysningar om lønn og arbeidsforhold. Ofte blir brukt same personnummer i fleire ulike bedrifter.

Inntekt og arbeidsforhold blir òg ofte fjerna frå registeret etter at søknaden har vorte innvilga.

– Desse nyetablerte ordningane er attraktive for dei som ønskjer å svindle. Vi har hatt ganske mange kontrollaktivitetar og meldingar på kort tid, meir enn det vi normalt har knytt til ordningane våre, og eg forventar at talet vil auke betydeleg i tida framover, seier Holte.

Nav-direktøren opplyser at dei har avslørt fiktive personar og fiktive organisasjonar som er brukte for å få utbetalingar.

Svindelmetodane er mange og avanserte. Kriminelle misbrukar andre sine identitetar og bedrifter. Pengane som blir utbetalte gjennom støtteordningar blir omtalte som «attraktive middel».

Den største enkeltsaka er på 5 millionar kroner.

– Generelt er arbeidslivskriminalitet og økonomisk kriminalitet eit stort samfunnsproblem. Det er viktig at vi i Noreg jobbar godt med dei utfordringane. Korona-situasjonen er eit nytt døme på det.

AKTUELT NÅ