Hopp til innhold

Intern krangel stoppa viktig system for naudetatane

Felles overvåking og samband for Forsvaret og sivile naudetatar var klart til å bli etablert for 12 år sidan. Indre strid i Forsvaret sette ein stoppar for storprosjektet.

Haakonsvern

Den felles sentralen skulle bli etablert i ein fjellhall ved Haakonsvern i Bergen.

Foto: ARKIV / NRK

  • Distriktskamp stoppa prosjektet
  • Forsvarstopp: – Hårreisande at det ikkje blei etablert
  • Prosjektleiar meiner det kunne spelt stor rolle på Utøya

Stortinget hadde bevilga pengar, detaljerte planar låg klare, og avtalar var inngått. Oppstartsdato var sett til 1. oktober år 2000 for etableringa av Maritiv Overvåkings- og Varslingssentral (MOVS).

Sentralen var planlagt å ligge i ein fjellhall ved Haakonsvern i Bergen. 36 tilsette, basert på seks skift a seks personar, skulle jobbe med å hente inn informasjon frå ei mengd tenester og databaser, både sivile og militære. Dette kjem fram i forsvarsdokument NRK.no har fått tilgang til.

Stort spleiselag

All informasjonen skulle bli samla i to versjonar, ein gradert versjon til forsvarsbruk, og ein ugradert, som skulle bli tilgjengeleg for blant anna Kystverket og politiet. Oljeselskapa hadde også gjort avtale om å bli med prosjektet, då det var eit billig og effektivt tiltak for plattformsikring. Andre offentlege etatar som abulanseteneste og brannvesenet var også tenkt som brukarar.

Kostnadene var meint å bli delt på alle brukarane, der Forsvaret skulle dekkje omlag ein tiandedel, etter det NRK.no får opplyst.

– Dette systemet ville gitt oversikt over alle beredsskapsressursar, inklusive kjørety, og det kunne vere tilgjengeleg for alle statlege etatar, seier Per Ivar Bergo, som jobba som prosjektleiar for systemet i Forsvaret.

Systemet bygde vidare på COSS-systemet, som Forsvaret i mange år har nytta for å overvåke norskekysten. No ville denne teknologien bli vidareført til å dekkje indre farvatn. Dermed kunne ein også enkelt etablere fullverdig GPS-karting for land, til bruk for alle offentlege etatar.

Dåverande politiinspektør i Oslo-politiet, Jørgen Flood, var ein av representantane i politiet som var med i planlegginga. Han stadfestar at politiet var innstilt på å ta systemet i bruk.

– Det blei satsa på som eit hovudverk for politiet sitt kartverk, seier Flood til NRK.no.

– Hårreisande at det stoppa opp

Bjørn Rathem var sjef på operasjonssentralen på Haakonsvern på den tida. Han talar om etableringa av sentralen som sitt hjartebarn, og jobba med prosjektet i fleire år.

Etter at pengane var bevilga og avtalene klare, låg alt klart for startskotet. Men plutseleg sette forsvarsleiinga foten ned for prosjektet. Rathem seier det er hårreisande at det ikkje kom på plass etter all planlegginga.

– Alle var klare og alle meinte det var ein glimrande idé å etablere denne sentralen. Det var nesten hårreisande at det ikkje vart noko av, etter all planlegginga.

– Kvifor vart det stoppa?

– Då me løfta det opp på toppnivå, så var det ein redsel for dei juridiske aspekta om ansvarsforhaldet, til dømes i ein situasjon der det var feil informasjon i kartet.

– Dette meinte me var ein teknisk detalj, men det endte med at dei rett og slett ikkje turde, fortel Rathem.

Krangel om lokalisering

I tillegg til dette fortel Rathem at det var sterk protest frå forsvarsleiarar i Nord-Norge mot at noko slikt skulle bli lokalisert til Bergen.

– Admiralen i Nord-Noreg ville heller etablere systemet på Reitan i Bodø. Det førte til at oljeselskapa trakk seg, sidan forutsetninga for å bli med på spleiselaget var at det måtte liggje i Bergen eller Stavanger, seier Rathem.

Jan Reksten

Tidlegare viseadmiral Jan Reksten får skarp kritikk for å ha gått i mot prosjektet av tidlegare kollega.

Foto: NRK

Rathem meiner spesielt at éin person kunne ha endra utfallet av saka. Det gjaldt tidlegare viseadmiral Jan Reksten, som då fungerte som sjøkommandør i Sør-Noreg. Han skal på denne tida ha hatt sterk innverknad hos forsvarsleiinga i Oslo.

– Dette kunne hatt eit anna utfall dersom Jan Reksten hadde stått opp for etableringa av sentralen. Han har seinare sagt at dette var ein av dei største tabbane han har gjort i karriera si, seier Rathem.

Skuldar på forsvarssjefen

Jan Reksten seier til NRK.no at han hadde lite innverknad i denne saka, men han ønskjer ikkje å kommentere påstandane frå den tidlege kollegaen utover dette. Han meiner sjølv at han i utgangspunktet var for prosjektet.

– Eg meinte at det var noko for seg å etablere eit slikt system. Det var ein sterk case for å samle ein slik sentral på ein stad. Mange krefter var i sving for at me skulle få eit slikt system, som kunne samle alle data som fanst i Noreg.

Reksten seier at prosjektet var planlagt i ei tid med sterke innsparingstiltak i Forsvaret, og at dette låg til grunn for at etableringa av sentralen plutseleg vart stoppa.

– Det som gjorde at dette stranda for 12 år sidan var at dåverande forsvarssjef Sigurd Frisvold var motstandar av at forsvaret skulle ta på seg ansvaret for å etablere eit slikt senter, seier Rekstad.

– Forsvarssjefen hadde fått kniven på strupen for å stramme inn, og det var ein situasjon der det var vanskeleg for han å opprette noko nytt som Forsvaret ikkje hadde drive med tidlegare.

Sigurd Frisvold ønskjer ikkje å kommentere dette overfor NRK.no.

Beskjedent beløp

Men det var ikkje store beløpet Forsvaret måtte bruke på prosjektet. Samarbeidet med oljeselskapa og Kystverket gjorde at Forsvaret berre trengte å betale for rundt ein tiandedel av kostnadene. Ifølgje planane ville etableringa koste Forsvaret i overkant av 15 millionar kroner, og driften ville koste rundt 18 millionar i året.

Til samanlikning har kostnadsramma til det nye naudnettet til politiet hamna på rundt seks milliardar kroner.

Sjølv om felles kommunikasjonssamband ikkje var del av den opprinnelege planen, var det snakk om at Forsvaret etter kvart kunne stille sambandet sitt til disposisjon.

– Me kunne ha kopla på felles naudnett. Det ville ha vore ein naturleg forlengelse av ideen om felles kontroll og overvaking for politi, tollstyresmakter og alle andre offentlege etatar, seier Rathem.

(artikkelen held fram under biletet)

Datasystem politibil

Slikt er dagens IKT-system i dei mest moderne politibilane: Ein mobiltelefon og ein GPS som er tilgjengelege for alle privatbilistar. For 12 år sidan kunne situasjonen blitt heilt forskjellig.

Foto: NRK

Nyttar framleis kartbøker

Skrur ein klokka 12 år fram i tid, er det slåande kor lite som er skjedd. Politiet har fått kraftig kritikk for utdaterte datasystem i 22. julikommisjonens rapport. Enkelte stadar i landet nyttar politiet framleis kartbøker for å finne fram, som Bergens Tidende nyleg skreiv.

«22. juli avdekka at det etter alt å dømme ville ha bidratt til ein raskare politiaksjon dersom ein hadde hatt høve til å sende tekstbasert informasjon og enkel kartinformasjon om til dømes oppmøtestad», skriv Gjørv-kommisjonen i rapporten.

Prosjektleiar Per Ivar Bergo stadfestar at MOVS-systemet ville hatt stor betydning for dei tekniske behova knytt til aksjonen på Utøya 22. juli i fjor.

22. julikommisjonen ønskjer ikkje å kommentere denne saka overfor NRK.no.

AKTUELT NÅ