I september 2023 oppsøkte ein far legevakta i Ullensaker med eit livlaust barn. Guten som berre var tre månadar gamal, vart frakta vidare til sjukehus.
Men livet sto ikkje til å redde, to dagar seinare døydde han.
Helsepersonellet som hadde behandla barnet meinte forklaringa foreldra gav, ikkje stemte overeins med skadane han hadde. Og meldte saka til politiet.
I nesten to år har saka vore etterforska. Og etter ordre frå Riksadvokaten vart det tatt ut tiltale for grov kroppsskade.
I dag var første dag i rettssaka mot faren som er tiltalt for å ha rista sonen sin med stor kraft.
Ungen hadde ei omfattande hjerneskade, fleire hjerneblødingar og blødingar bak auga.
Brukte skjult etterforsking
Politiet har gjennomført ei omfattande etterforsking i denne saka. Mellom anna har dei brukt skjult etterforskingsmetode mot foreldra.
Dei har avlytta rom i heimen, i ein bil og begge deira telefonar vart også avlytta av politiet.
Det var far som var heime med sonen då han vart akkutt sjuk. Dette er også grunnen til at det er han som no er tiltalt i saka.
Det er ikkje mistanke om at mor skal ha gjort noko for å skade barnet.
Strid om diagnosen filleristing
I mange år har det vore diskusjonar om kva for skader eit barn som er rista kraftig får. Ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt.
Tre professorar i Noreg har mellom anna gått gjennom vitskapen bak diagnosen, og meiner den ikkje held.
Medan dei som er hyppig brukt som ekspertar i slike saker, seier dei vurderer kvar sak grundig, før dei konkluderer med at filleristing er årsaka til skadane.
Debatten har mellom anna ført til at fleire foreldre som er dømt for å ha fillerista barna sine, har søkt om å få saka si gjenopna.
Dette var også tema då forsvararen til mannen tok ordet i retten måndag. Han seier at det ikkje er mogleg å seie med 100 prosent sikkerheit kvifor barnet kollapsa.
– Han har i dag forklart seg om det som har skjedd. Han forklarar seg heilt tydeleg om ei hending som ikkje handlar om det som påtalemyndigheitene meiner den gjer, seier Ole-Kristian Ringnes.
Ole-Kristian Ringnes er forsvarar for faren som er tiltalt for grov vald mot sin eigen son. Han har også med seg advokat Henriette Willix på laget.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRKHan er forsvarar til mannen, saman med Henriette Willix.
Faren sjølv nektar straffskyld. Han forklarte i retten i dag at barnet begynte å skrike då han var heime aleine med sonen. Etter kvart svima han av i armane til far.
Han tok med sonen til legevakta, der dei vart sendt vidare til Rikshospitalet. To dagar seinare døydde han.
– Vi ser at dei sakkunnige er ueinige på kva dei meiner kan vere årsaka til skadane hos barnet. Vi meiner at den tiltalen som er tatt ut ikkje kan underbyggast sikkert med dei sakkunnige bevisa slik dei står no, seier Henriette Willix.
– Ingen tvil om at skadane er påført av far
Statsadvokat, Andreas Strand, sa i retten i dag at det ikkje er noko tvil om at skadane er påført av far.
– No skal vi behandle saka over tre veker. Dette er noko vi skal sjå veldig grundig på. Vi skal vurdere dei alternative forklaringane, som kan føre til dei skadane vi har sett hos dette barnet, seier han.
Han peiker på at dei er heilt i starten av rettssaka, og at han må komme tilbake til kva det er som gjer at påtale har konkludert slik dei har.
– Det vi er oppteken av, er om det finst alternativ til vald i denne saka her. For det første, kan desse skadane forklarast ved vald. For det andre, finst det andre forklaringar om kva som kan vere årsaka til skadane, seier Strand.
Statsadvokat, Andreas Strand, seier at dei no skal gå grundig gjennom bevisa i saka.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRKSaka mot mor lagt bort
Begge foreldra, som framleis bur i lag, var på eit tidspunkt sikta for drap, og vart etterforska av politiet. Men saka mot mor til barnet er no lagt bort.
Bistandsadvokaten til mor, seier at dette har vore ei stor påkjenning for dei begge. Ho støttar far, og meiner at tiltalen er feil.
– Ho er ueinig i tiltalen og er klar på at far ikkje har gjort dette mot sonen sin, seier Simon Stende.
Bistandsadvokat, Simon Stende, tok også opp i retten at det er ein pågåande debatt rundt diagnosen filleristing.
Foto: Solveig Nyhus Aksnes / NRK