Støre: – Vi har ikkje ønska å føre nokon bak lyset
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) beklagar at det i valkampen kom utsegner og lovnader som ikkje visast igjen i framlegget til statsbudsjett.
– Vi har sagt ting i valkampen som ikkje stemmer med budsjettet. Det har eg funne nødvendig å beklage. Vi har ikkje ønska å føre nokon bak lyset, ikkje snakke sannferdig, sa Støre til NRK måndag.
Dette gjeld blant anna gratis ferjer og sletting av studiegjeld. Dette var viktige saker for Senterpartiet, som har kravd at desse sakene kjem inn i budsjettet igjen, før dei kan vere med å forhandle om budsjettet.
– Vi har lagt fram eit budsjett vi meiner viser situasjonen Noreg står i. No ligg det i Stortinget. Vi skal møte dei andre partia med respekt. vi forhandlar ikkje med eitt og eitt parti i forkant. Slik er ein ansvarleg budsjettprosess, og der kan vi finne løysingar, seier Støre.