– For Arbeidarpartiet er det nok allereie no. Vi gir pelsdyrnæringa ein veldig kort frist til å rydde opp. Om dei ikkje har gjort det innan eit halvt år, så går det mot eit forbod, åtvarar næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Terje Lien Aasland.
Han seier Ap ikkje kan ha tillit til pelsdyrnæringa om dei ikkje viser handlekraft til å rydde opp.
– Om det ikkje skjer, kjem vi til å fremje forslag om at det blir forbod mot pelsdyrsoppdrett i Noreg, seier Lien Aasland.
- Les:
- Les:
- Les:
Sp står åleine
SV har lenge ønskt å
. Tilliten til næringa er eit tema som har blitt diskutert lenge også i Arbeidarpartiet, ifølgje Lien Aasland.– Det er ikkje råd for oss å bære eit forsvar for den næringa om ho ikkje tek dyrehelse og dyrevelferd på alvor, seier han.
Den raudgrøne regjeringspartnaren Senterpartiet har
, men vil få ein hard kamp med å forsvare dei om noko skjer straks, trur Lien Aasland.– Eg trur ikkje nokon kan stå og forsvare ei næring som ikkje greier å ta vare på dyrehelse og dyrevelferd på ein god måte, og eg meiner også landbruksministeren har vore veldig tydeleg på at dei verste skal vekk, seier han.
- Les:
- Les:
Strengare regulering
Fredag vart det kjent at også sjefen for heile pelsdyravlarane Betran Trane Skasem har dyr på sin gard som ikkje har det bra.
Funna kom berre få dagar etter at næringa lovde å rydde opp.
- Les:
- Les:
– Eg vil ikkje kommentere enkeltsaker, men dei må rydde opp, seier Lien Aasland.
– Skjerp dykk
Han meiner også styresmaktene må diskutere strengare regulering om næringa skal halde fram.
– Det går både på kor mange tilsette det skal vere per dyr, korleis dyra blir følgt opp og andre ting, seier han.
Ein klar beskjed til pelsdyrnæringa blir dermed at dei må skjerpe seg om dei skal få halde fram.
– Dei må få vekk alle som ikkje nok fokus på dyrehelse og dyrevelferd. Dei må ha fleire som jobbar med å sjå til at dyra har det bra. Kvaliteten på både bur og dyrehald må bli betre.
- Les:
- Les:
- Les: