Barn stilte Erna koronaspørsmål: – Kvifor kan eg ikkje feire bursdagen min?

Statsminister Erna Solberg svarte måndag på spørsmål frå barn om det nye koronaviruset.

Denne artikkelen er over to dager gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Statsminister Erna Solberg, og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskapsminister Guri Melby svarte måndag på spørsmål frå barn om det nye koronaviruset.

Solberg starta pressekonferansen med å seie at det er lov å vere litt redd.

– Det er lov å vere litt redd, men koronaviruset er ikkje farleg for dei fleste. Grunnen til at de no må vere heime frå skular og barnehagar er for å hindre at viruset smittar personar som er gamle, slik som besteforeldra dykkar, og personar som er sjuke frå før av, sidan dei kan bli veldig sjuke.

Statsministeren understreka at vi har veldig flinke legar og sjukepleiarar, og kjempegode sjukehus i Noreg.

Ikkje ferie sjølv om skulane er stengde

Før dei byrja å svare på spørsmåla frå barna sa Guri Melby til alle barn at sjølv om skulane er stengt, så betyr ikkje det at dei har ferie.

– Vi må finne andre måtar å lære på, gjennom datamaskina med læraren, men også på eiga hand.

Ho ville og seie at alle barn som ikkje har det bra heime kan ta kontakt med lærarane, helsesøster, eller andre vaksne på skulen via telefon.

Dei kan og ringe alarmtelefonen for barn og unge om dei treng nokon å snakke med, sa ho.

Framleis lov å leike med ein ven eller to

Kjell Ingolf Ropstad seier til alle barn at det framleis er lov å ha det kjekt, men at barn no må leike på annan måte no enn til vanleg.

– Du kan leike med ein eller to vener, og det er framleis lov å vere ute. Du kan lese bøker, spele spel, du bør helst ikkje besøke besteforeldra dine no for det dei kan bli sjuke, men du kan ringe til dei, snakke med dei på facetime eller skrive til dei, sa Kjell Ingolf Ropstad.

Han sa og til dei barna som er bekymra for at foreldra skal miste jobben, at dei som bestemmer i Noreg jobbar hardt for å passe på at dei vaksne ikkje mistar jobbane sine.

Ropstad sa at dei kjem til å gje vekk mykje pengar til arbeidsplassane til dei vaksne, slik at dei framleis har ein jobb å gå til når denne krisa er over.

Spørsmål og svar

Kjem skulane til å vere stengde lenger enn to veker?

– Det veit vi ikkje enda, skulane kan bli stengt lengre, men i første omgang to er dei stengt i to veker, svarar Guri Melby.

– Kan viruset spreie seg til dyr

– Vi trur ikkje det smittar til dyr, det er lite som tyder på det, vi veit aldri heilt sikkert, men vi trur dette skal går bra for dyra, svarar Erna Solberg.

Kan 17. mai (Nasjonaldagen) bli avlyst?

– Det avhendar av kor lenge vi må vere forsiktig med å vere saman med andre menneske, slik som vi pleier å gjere når vi feirar 17. mai, når vi går i tog og sånt. Eg håpar vi for til å feire 17. mai, sjølv om det blir ei annleis feiring enn det pleier å vere, svarar Guri Melby.

– Kor lang tid vil det ta å lag ei vaksine mot koronaviruset?

– Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta. Det kan gå eitt år, litt mindre enn eitt år eller fleire år. Det er mange flinke forskarar over heile verda som jobbar med lage ei vaksine og medisinar som fungerer mot viruset, svarar Erna Solberg.

– Kvifor kan eg ikkje feire bursdagen min?

– Grunnen til at du ikkje kan feire bursdagen din no som vanleg er at ein vanlegvis er fleire barn samla. Når fleire barn er samla i lag for å feire bursdag kan ein lettare bli smitta. Men, du kan framleis feire bursdagen din med ein venn, eller vere litt ekstra kreativ og feire den med venner over facetime eller på Minecraft. Du kan og utsette den til det igjen er lov å samle seg fleire i lag og lage ein kjempefest, svarar Kjell Ingolf Ropstad.

Vert sommarferien kortare?

– Sommarferien blir like lang i år som til vanleg, men det kan hende at du ikkje får reise på same måte som du pleier. Her vil eg og legge til at dei som går på ungdomsskule eller vidaregåande vil få vitnemål sjølv om skulen kanskje heldt stengt heilt til sommaren, svarar Guri Melby

– Er statsministeren Erna Solberg redd for å bli sjuk, og kven vert vikar for deg om du blir sjuk?

– Eg er ikkje så redd for det, eg trur at eg har ganske god helse, men vi må alle vere forberedt på at vi kan bli sjuke. Om eg berre vert litt sjuk, kjem eg til å jobbe heimanfrå. Om eg vert så sjuk at eg ikkje kan jobbe, så har eg fleire medhjelparar i Regjeringa som vil ta over som vikar for meg til eg vert frisk, svarar Erna Solberg.

Har eg lov til å besøke vennen min? Og må vi halde ein meter avstand?

– Du har lov å besøke vennar, men du bør halde deg til ein eller to vennar enn så lenge. Det er best om de leikar utandørs, sidan det er mindre fare for å bli smitta der. Husk og vaske hendene dine før, medan og etter at du har besøkt venen din, svarar Kjell Ingolf Ropstad.

Kva skjer om alle i heile verda får koronaviruset?

– Om alle i heile verda vert smitta vil vi få utfordringar med å hjelpe alle som vert sjuke. I Noreg har vi veldig gode sjukehus, legar og sjukepleiarar som gjer at vi kan hjelpe folk som er sjuke, men i andre land har dei ikkje det. Det vil derfor bli fleire folk som døyr i dei landa enn i Noreg om alle i heile verda blir smitta. Viruset vil forsvinne til slutt, men vi håpar at vi klarar å halde flest mogleg friske og at færrast mogleg eldre og folk som er sjuke frå før vert smitta, svarar Erna Solberg.

– Er det stressande å vere statsminister no?

– Eg er ikkje så stressa, men eg har ein viktig jobb og eit stort ansvar som statsminister. Det er viktig at vi sørgjer for at sjukehusa fungerer godt, at vi får inn varer til Noreg og at vi passar økonomien til Noreg slik at dei vaksne framleis har jobb når dette er over, heldigvis har eg mange flinke folk som hjelper meg, svarar Erna Solberg.

– Er koronaviruset farleg for alle som er eldre, eller avheng det av at dei er sjuke frå før av?

– Det er mest farleg for dei som er eldre og dei som har sjukdommar frå før, men veldig mange av dei vil og klare seg fint, men det er større sjanse for at dei vil slite eller bli alvorleg sjuke, det er derfor ekstra viktig at ein ikkje er i kontakt med dei, svarar Kjell Ingolf Ropstad.

Kva gjer statsministeren for å styrkje immunforsvaret sitt?

– Eg forsøker å sove mykje, ete sunt og mosjonere sidan det er bra for immunforsvaret. Men eg søv ikkje like mykje som dei fleste tenåringar, svarar Erna Solberg.

Kan koronaviruset bli verre enn det er no?

– Vi trur fleire vil bli smitta, det er derfor vi har stengt skular og barnehagar, men vi håpar det at vi stengjer skular og barnehagar gjer at færre vert smitta, svarar Melby,

– Vi lurer på om vi kan besøke besteforeldra våre som er over 60 år, etter at vi var på eit kjøpesenter her om dagen.

– De bør helst ikkje gjere det, men de kan ringje dei, skrive eit brev eller snakke med dei på facetime, svarar Ropstad.

Kvifor hamstrar så mange mat no, er det nødvendig og kvifor gjer dei det?

– Eg trur det er for det dei er redde for at det ikkje skal vere nok mat, men det må dei slutte med, det er ingen grunn til å vere redd for at det ikkje skal vere nok mat. Alt tyder på at det er full kontroll på matproduksjonen, butikkane har store lager med mat og bøndene produserer mat som aldri før, når ein høyrer om stengde grenser så betyr ikkje det at maten som vi importerer ikkje vil kome. Det kan vere lurt å ha litt ekstra mat, men det er ikkje nødvendig å hamstre, svarar Ropstad.

– Kor ofte vaskar du henda Guri?

– Eg kjem nok ut av teljinga. Det er veldig viktig å vaske hendene ofte. Eg trur ungane mine er leie av at eg masar på dei om det. Mitt beste råd er å lage seg reglar for når ein skal vaske henda. Alltid gjer det når du skal ut og når du kjem inn igjen, og når du skal møte nye folk. Vask henda med såpe eller bruk antibac. Handhygiene er det aller viktigaste middelet mot smitte, svarar Guri Melby.

– Vart Erna flau då ho gløymte å huske sitt eiget råd om handhelsing?

– Ja, og det trur eg at alle kan sjå på den videoen. Det er litt vanskeleg å huske at ein ikkje skal gjere det når ein er vand med å vere høfleg og slikt, men heldigvis var Bent Høie der og stoppa det, seier Erna Solberg med eit smil.

Bent Høie måtte gripe inn for å hindre Erna Solberg i en håndhilsen. Alle parter tok det med et smil.

Bent Høie måtte gripe inn for å hindre Erna Solberg i en håndhilsen. Alle parter tok det med et smil.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger