Hopp til innhold

Ein person er knivstukken og drepen i Oslo

Ein person blei erklært død etter å ha blitt knivstukken i Holmenkollen i Oslo natt til laurdag. Ein mann i 30-åra er arrestert. Kriminalteknikarane er ferdige med sine undersøkingar.

Brannvesen Holmenkollen

Brannvesen var på plass for å rydde opp området utanfor lavvoen der drapet skjedde.

Foto: Paal Wergeland/NRK

Hendinga skal ha skjedd i ein lavvo på «Lille Gratishaugen» i enden av hoppbakken, opplyser operasjonsleiar Christian Krohn Engeseth i Oslo politidistrikt til NTB klokka 3.

– Vi jobbar ut ifrå at dette er drap, seier han.

Politiet hadde klokka 3.15 kontroll på våpenet dei meiner blei brukt. Alt tyder på at det er snakk om knivstikking.

Politiet blei varsla av både eit vitne og Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral klokka 2.29 om at ein person var knivstukken, seier Engeseth til NRK.

– På staden blei det sett i verk livreddande førstehjelp, men vedkomande vart erklært død etter kort tid, seier operasjonsleiaren.

Politiet har fjerna den ytre sperringa rundt området, men lavvoen der knivstikkinga skjedde kjem framleis til å vere sperra av, opplyser politiet i nitida laurdag.

Avsperringer Holmenkollen

Sperringane rundt lavvoen er fortsatt ikkje tekne ned.

Foto: Paal Wergeland/NRK

Skjedde under lukket arrangement

– Vi har kontroll på ganske mange som var vitne til sjølve hendinga. Desse er teke hand om og blir avhøyrd no, seier Engeseth til NRK.

Han kan ikkje opplyse om kjønn eller alder på personen som vart knivstukken. Pårørande er heller ikkje varsla, då identiteten på fornærma ikkje er bekrefta.

– Åstaden er sperra av, kriminalteknisk er varsla og på veg, og det kjem til å vere sperra av inntil dei har gjort sine kriminaltekniske undersøkingar, seier Engeseth.

Knivdrap i Holmenkollen

Politiet utanfor lavvoen på «Lille Gratishaugen» i Holmenkollen der ein person blei knivdrepen natt til laurdag.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Generalsekretær Erik Eide i Skiforeningen seier til Dagbladet at drapet skal ha skjedd under eit lukka arrangement og at lokalet var leigd ut til ei bedrift. Han beskriv saka som «forferdeleg».

– Vi synes jo det er frykteleg trasig at noko slikt har skjedd i lokale vi eig. Vi gjer det vi kan for å hjelpe til.

Akuttfase

Politiet kan ikkje seie noko om kva som skjedde før drapet eller relasjonen mellom den arresterte mannen og den døde.

– Akkurat no er vi i ein akuttfase, og det er altfor tidleg å seie noko om hendinga.

Lavvoen blir eigd av Skiforeningen og kan ifølgje deira nettside blir leigd ut til sosiale samankomstar.

Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger