Hopp til innhold

Ein av tre seier nei til organdonasjon

Det siste halvåret har ein av tre sagt nei til organdonasjon viser tal frå Stiftelsen Organdonasjon, ein auke frå same periode i fjor. Donoransvarleg på Ullevål sjukehus seier at det kan vera fleire årsaker til det.

Aleksander Sekowski, Stiftelsen Organdonasjon

UROA: Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon seier at den store mangelen på organdonorar i Noreg er dramatisk.

Foto: Ingar Sorensen

I går skreiv NRK om at ventelista på å få nytt organ blir stadig lenger. Samtidig viser tal frå Stiftelsen Organdonasjon at færre er positive til organdonasjon.

I 32 prosent av tilfella i år har dei pårørande sagt nei på egne eller avdøde si vegne. På same tid i fjor var andelen 26 prosent, viser tala.

Informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon ber alle om å ta stilling til om dei ynskjer å vera organdonor.

– Alle kan komme i ein situasjon der dei treng eit nytt organ, og alle kan oppleve at ein dør på ein slik måte at organdonasjon er mogeleg, seier Sekowski.

Han forstår at å ta eit slikt val i krise kan vera svært vanskeleg, og at det er difor det er viktig å ta stilling til det på førehand.

Seier nei til døden

Det kan vera fleire årsaker til at folk seier nei ifølge donoransvarleg Dag Wendelbo Sørensen på Ullevål sjukehus.

– Nokon seier nei fordi dei seier nei til døden, seier han.

Nokon pasientar har gjort seg opp ei meining før dei dør, men i ein akuttsituasjon der ein ikkje veit kva pasienten ynskjer, kan det vera pårørande som må ta valet.

Dag Wendelbo Sørensen

Donoransvarleg på Ullevål sjukehus seier at befolkninga treng meir informasjon om organdonasjon.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

– Det kan vera vanskeleg å forstå at pasienten er død fordi pasienten ligg på respirator og då slår framleis hjarta, seier Sørensen.

Andre årsaker til at folk seier nei kan vera at dei ikkje ynskjer meir kirurgi som er nødvendig ved organdonasjon, eller at dei ikkje opplever å bli respektert i kommunikasjon med helsepersonell.

Vanskeleg å nå ut med informasjon

Han meiner også at dei treng meir fokus på opplæring av helsepersonell i samtalen rundt organdonasjon med pårørande.

– Pårørande og pasient må veta at me også ynskjer å ta vare på pasienten sine interesser, seier Sørensen.

Sørensen trur det er viktig å informere befolkninga om organdonasjon og at det er livreddande for mange menneske.

– Det er nok ein kulturell ting i Noreg at me ikkje snakkar så mykje om døden, seier han.

I 2019 skreiv NRK om at rekordmange nordmenn meldte seg som organdonorar etter ei Nytt på nytt sending.

I dag har over 400.000 lasta ned Donorkort- appen og 450.000 har registrert seg som donor i kjernejournalen sin på Helsenorge.no.

I tillegg kjem dei som har sagt seg positive til donasjon til sine næraste, eller som har fylt ein donorkort som dei har i lommeboka.

Nei-liste i staden for ja-liste

– Det viktigaste me kan gjera for å få fleire donorar er å snakke om organdonasjon, seier helsepolitisk talsperson i SV, Nicholas Wilkinson.

Dei ynskjer å endra lova slik at organdonasjon er normalen, og at dei som vil reservera seg mot det må registrera det i sin kjernejournal.

SVs stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson

Helsepolitisk talsperson i SV, Nicholas Wilkinson, seier dei ynskjer å gjere om på dagens lovverk om organdonasjon.

Foto: Siri Vålberg Saugestad / NRK

– Dette vil ta presset av familie som står i ein vanskeleg situasjon frå før av, seier han.

Fungerande avdelingsdirektør Leif Nordbotten i Helsedirektoratet seier at tidlegare kartleggingar viser at ei slik nei-liste ikkje har noko positiv effekt på organdonasjon.

Ei slik ordning vil ikkje ta omsyn til dei pårørande og vera i strid med pasientrettslova om retten til medverking og informasjon.

– Organdonasjon er ei djupt personleg avgjerd som kvar enkelt og pårørande må få ta stilling til. Det er viktig at dei som ynskjer det skal få moglegheita til å donera, men at ein skal få rom til å tenka over valet og aldri oppleve press, seier Nordbotten.

AKTUELT NÅ