Hopp til innhold

Éi georgisk kvinne blant dei sakna

To kvinner frå eit georgisk ungdomsparti var på AUF-leiren for å utveksle idear med norske ungdommar. Éi av dei er sakna etter Utøya-massakren.

Utvika

Blomster er lagt ned på Utvika camping, med utsikt mot Utøya. Georgiske Tamta Liparteliani er blant dei sakna etter massakren på øya.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Scanpix

To georgiske kvinner frå ungdomspartiet Young Socialists of Georgia var blant deltakarane på AUF-leiren på Utøya førre veke. Natia Chkhetiani og Tamta Liparteliani var der for å dele visjonar med norske ungdommar om internasjonale problemstillingar.

Chkhetiani kom seg i tryggleik under fredagens terrorangrep, medan Liparteliani er blant dei sakna. Det bekreftar Det georgiske konsulatet for Danmark og Norge.

– Ho er framleis sakna og vi har ikkje fått noko meir offisiell informasjon enn det, seier førstesekretær ved konsulatet, Nina Kochorashvili, til NRK.no.

Les: Foreløpig liste over sakna

Foreldra på veg til Noreg

– Vi er i nær kontakt med norske myndigheiter og politi. Etterforskinga og søk etter sakna held framleis fram, seier Kochorashvili, som er i Oslo for å hjelpe med leitinga.

– Foreldra er informert, men er enno ikkje i Noreg, opplyser ho.

Ho bekreftar at Chkhetiani er i tryggleik og i god behold.

The Messenger Online, ei engelskspråkleg georgisk avis, skriv at Liparteliani kan vere blant dei skadde på sjukehusa, sidan Natia Chkhetiani ikkje kunne identifisere henne blant offera.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utøya

Skadde blir frakta frå Utøya.

Foto: Edvardsen, Morten / Scanpix

Politiet offentleggjer namn i dag

Chkhetiani fortalde TV-kanalen Rustavi 2 TV at ho såg veninna rett før skytinga byrja.

– Tamta og eg hadde gått frå konferansesalen og tilbake til romma våre. Deretter gjekk eg på do og då eg kom tilbake hadde Tamta allereie gått, seier Chkhetiani.

Deretter høyrde ho skot og gøymde seg på ulike plassar på øya før ho vart redda. Sidan har ho ikkje sett veninna.

Fleire augevitne-skildringar:

I går vart talet på døde etter Utøya-massakren nedjustert til 68.

– Alle døde er henta i land, og vi sit med eit tal drepte på 68 etter skytinga på Utøya, sa politidirektør Øystein Mæland då.

Les: – Belager seg på å sone resten av livet

Oslo-politiet sa i går at dei vil byrje å offentleggjere namn på omkomne i dag. Dei vil gjere det fortløpande etter kvart som dei har sikker identifikasjon og pårørande er varsla.

Les: Politiet vil gå ut med navn på døde

AKTUELT NÅ