Hopp til innhold

Durek Verrett: – Folk vil ikkje sjå ein svart mann i kongefamilien

Nyforlova Durek Verrett og Märtha Louise fortel at dei har fått både hat og dødstruslar etter dei blei saman.

Durek Verrettt og Märtha Louise

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett snakkar om forholdet deira i sendinga på Instagram torsdag.

Foto: Skjermdump Instagram

I ei livesending på Instagram torsdag der begge deltok, fortalde paret mellom anna om rasisme.

– Eg trur noko av grunnen til at folk har eit problem med forholdet vårt, og grunnen til at dei skriv hat og dødstruslar til oss, er for det første: Dei vil ikkje sjå ein svart mann i kongefamilien, seier Durek Verrett i sendinga.

– Det har aldri vore nokon svarte i historia til dei europeiske kongefamiliane, så det er ei veldig stor sak.

For det andre er Märtha ei kvinne, seier Verrett vidare.

– Det er ikkje det same når ein mann i kongefamilien vel ei farga kvinne. Ein mann kan velje kven han vil. Men at ei prinsesse vel ein farga mann har ikkje skjedd før, og det er vanskeleg for folk å handtere, seier Verrett.

Kvite privilegium

Märtha Louise erkjenner at opplevingane har vore ein augeopnar for henne. Ho fortel at hennar «kvite privilegium» har gjort henne naiv.

– Det her er så mykje verre enn eg trudde at det var, sa ho mellom anna i sendinga.

Märtha Louise og Durek Verrett.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett offentleggjorde forlovinga si 5. juni.

Foto: Daryl Henderson / NTB scanpix

Verrett seier ein stor grunn til at dei er lykkelege saman, er at dei gjer mykje gøy saman.

– Det er tider når vi må vere veldig, du veit, på ein viss måte, når vi er rundt hennar familie. Men det handlar også om å ha det morosamt saman.

Antirasistisk Senter har forventa at paret ville få hets. Men dei kan vere førebilde for fleirkulturelle par.

– Eg tenker det er ei normalisering at ein er ein del av befolkninga og speglar den, seier leiar Hatem Ben Mansour.

Les også Jubler for mangfold i kongefamilien: – De vil speile folket bedre

Märtha Louise og Durek Verrett forlovet

Det er enno ikkje sett nokon dato for bryllaupet, og paret kjem framleis til å bu på ulike kontinent i tida framover.

– Ha tolmod med oss. Vi kjem til å kunngjere alt når tida er inne. Men til då vil vi halde fram med å feire kjærleiken, skreiv paret i ei pressemelding tysdag.

Saman i tre år

Forholdet mellom prinsessa og Durek Verrett, også kjent som sjaman Durek, vart først kjend i 2019.

Sidan den gong har det til tider storma rundt dei, mellom anna då dei drog ut på ein foredragsturné saman.

Etter tre år med tidvis avstandsforhold mellom Noreg og Los Angeles, seier paret at dei er klar til å ta forholdet eit steg vidare.

– Kjærleik dømmer ikkje kvar ein kjem frå, eller kven ein er som menneske. Kjærleik skaper bru mellom menneske, kulturar og religionar. Og vi er glad for å ha funne kvarandre, på tvers av kontinent, etnisitet og sosial bakgrunn, sa paret i pressemeldinga.

Durek Verrettt og Märtha Louise på Instagram søndag 12. juni 2022

Paret snakka ut om tida både før og etter forlovinga i Instagram-sendinga som varer over ein time.

Foto: Skjermdump Instagram

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger