Hopp til innhold

DSB åtvarar: – Tannbleikings­middelet kan brukast til å lage sprengstoff

NRK vart kontakta etter å ha laga program om tannbleikingsmiddel: – Alle som har kjøpt dette produktet må umiddelbart destruere det, seier Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Tannbleking på grisehud

Dette skjedde då Forbrukerinspektørene påførte høg konsentrasjon av hydrogenperoksid på tjukk grisehud. Her var innhaldet 30 prosent.

Foto: NRK

I kveldens Forbrukerinspektørene ser NRK nærare på ei rekke tannbleikingsmiddel. Etter at DSB, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, vart gjort oppmerksam på programmet tok dei kontakt med NRK. Eit av produkta i programmet inneheldt så mykje hydrogenperoksid at det var i strid med norsk lov.

Har blitt brukt i terrorbomber

Problemet var produktet Crest 3 D Whitestrips Supreme. Dette produktet inneheld 14 prosent hydrogenperoksid. DSB reagerte ikkje på at stoffet kunne gi etseskadar i tannkjøttet, men på konsekvensane for rikets tryggleik:

– Grensa i regelverket vi ser på er 12 prosent. Så dette er eit produkt som er langt over grensa for kva som er lov i Norge, seier Anne Rygh-Pedersen.

Ho er avdelingsdirektør for næringsliv, produkt og farlege stoff i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Anne Rygh-Pedersen, avdelingsdirektør for Næringsliv, produkter og farlige stoffer

Anne Rygh-Pedersen er avdelingsdirektør for næringsliv, produkt og farlege stoff i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

Foto: Anita Andersen (DSB)

– I ytste konsekvens er dette eit stoff som kan brukast til å lage sprengstoff. Vi kjenner til at det er brukt i bomber i terroraksjonar tidlegare.

Må destruerast umiddelbart

Rygh-Pedersen seier at lovverket som allereie er på plass forbyr produkt som dette og siktar til forskrifta om handtering av utgangsstoff for eksplosiv.

– Vi reknar det som forbode å selje til privatpersonar og forbode å bruke av privatpersonar.

– Har dei som har kjøpt dette produktet gjort noko ulovleg?

– Det blir ikkje noko reaksjonar mot privatpersonar som har kjøpt det. Men alle som har kjøpt dette produktet må umiddelbart destruere det, for det er ikkje lov å eige for privatpersonar.

Rygh-Pedersen seier at dette får konsekvensar:

Blekemidler

NRK fekk ein professor til å vurdere tryggleiken til fem tannbleikingsmiddel. To av dei braut norsk lov.

Foto: Janne Seime Siler / NRK

– Vi kjem umiddelbart til å ta kontakt med distributøren. Vi kjem til å gi dei informasjon og rettleiing om kva som er lov og ikkje lov. I tillegg har vi moglegheit til å pålegge omsettingsforbod og eventuelt politimelde dei for brot på regelverket.

Amerikansk distributør

Det har ikkje lukkast NRK å komme i kontakt med firmaet som selde Crest 3 D Whitestrips til Forbrukerinspektørene. Selskapet har tidlegare informert om at dei er eit amerikansk selskap som ikkje har lager i Norge og meiner difor at salet går utanom EU-lovgivinga.

DSB seier at dei jobbar saman med Kripos, PST og Tollvesenet for å hindre innføring av ulovlege stoff til Norge. Rygh-Pedersen seier også at dei har kontakt med utsalsstader:

– Apoteka gir ofte beskjed til Kripos og då følger vi opp eventuelle personar som kjøper store mengder av eit produkt som i utgangspunktet er lovleg, men som inneheld stoff som hydrogenperoksid.

Slik gjekk det då Professor Jon E. Dahl ved Nordisk institutt for odontologiske material testa tannbleikingsmiddelet som DSB reagerer på.

AKTUELT NÅ