Hopp til innhold

Droppa eksamensalternativ etter ønskje frå skule-Noreg

Regjeringa håpa å få til ei slags erstatning for avlyst skriftleg-eksamen. Etter dialog med skuleorganisasjonane vart ideen lagt bort. Likevel er det stor misnøye i skule-Noreg med detaljane i Guri Melbys siste eksamensplan.

Pressekonferanse om eksamen 8. februar 2021. Kunnskapsminister Guri Melby.

AVLYST: Statsråd Guri Melby avlyste årets skriftlege eksamen på ein pressekonferanse 8. februar.

Foto: Lise Åserud / NTB

Det har lenge vore klart at det blir ein annleis eksamensvår for norsk ungdom enn vanleg.

Alt blir heller ikkje slik regjeringa hadde sett for seg for ein dryg månad sidan. Dei ulike endringane får både applaus og kritikk.

Plan B

Regjeringa kunngjorde allereie 8. februar at skriftleg eksamen i ungdomsskulen og vidaregåande skule blir avlyst i år.

I pressemeldinga i samband med avgjerda kunngjorde regjeringa likevel at dei leita etter eit slags alternativ til skriftleg eksamen:

«Nå skal regjeringen se videre på om det finnes andre alternativer for hvordan standpunktkarakterene kan forsterkes, for eksempel med en form for ekstern vurdering», sto det.

Ein av tankane som var oppe på dette tidspunktet var om ein kunne la lærarar på ulike skular bytte tentamensprøvesett. På den måten kunne ein sørge for å få ei vurdering av det faglege nivået til ein elev frå ein lærar som ikkje kjende eleven.

Lagt bort

Men regjeringa konkluderte til slutt med at situasjonen i skulane er så krevjande at alternative planar vart lagde bort.

Det var etter dialog mellom regjeringa og lærarorganiasjonane, Elevorganisasjonen og kommunesektorens organisasjon KS at ein kom fram til dette, stadfestar kunnskapsminister Guri Melby til NRK.

– Vi fekk veldig tydelege tilbakemeldingar på at dei ikkje ønskjer seg ei nasjonal overstyring av korleis vurderingsarbeidet skal foregå denne våren. Difor kjem vi ikkje med det, seier Melby til NRK.

– Men du var jo oppteken av at det var lurt at elevane fekk eit blikk utanfrå. Kvifor er det skulesektoren seier viktigare?

– Eg meiner det er sunt med ekstern vurdering. Mange skular praktiserer det, anten med lærarar frå andre trinn eller andre skular. Vi oppfordrar til å ta i bruk den type ordningar. Men det blir frivillig ut frå kva ein får til lokalt, ikkje noko vi bestemmer sentralt.

Lærarane fornøgde med skriftleg-vedtak

Melby forklarar avgjerda med arbeidspresset i skulane.

– Det er ingen tvil om at skule-Noreg er i ein pressa situasjon no. Mange jobbar mykje og tøyer strikken langt.

Klasserom eksamen

DROPPA: Det blir ingen skriftleg eksamen i år, og heller ingen nye reglar for vurdering av tentamen.

Foto: Ruth Barsten / NRK

Den største lærarorganisasjonen meiner Melbys konklusjon er fornuftig.

– Vi har argumentert for at ein bør gje lærarar og elevar tid og rom til å sette gode standpunktkarakterar, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet. Han er ein av dei som har vore i samtalar med regjeringa om korleis ein bør organisere eksamensvåren.

– Dette viser at Melby har tillit til at norske lærarar kan få til det. Eg trur det er heilt riktig å ta omsyn til den spesielle situasjonen vi er i, og ikkje pålegge lærarar og elevar eit ekstra og nytt element i sluttvurderinga.

Praktisk eksamen absurd

Men om skule-Noreg føler seg høyrd når det gjeld skriftleg eksamen, er biletet annleis når det gjeld andre delar av regjeringa sitt eksamensforslag.

Tidlegare i veka fortalte NRK at Melby ønskjer at alle avgangselevar på vidaregåande skal ha muntleg eksamen.

Dette forslaget seier også at elevar i 3. klasse i dei ulike studieførebuande programma på vidaregåande skal kunne kome opp i det som blir kalla muntleg-praktisk eksamen.

Dette gjeld for eksempel i fag som fysikk og kjemi, der ein skal vise fram praktiske forsøk. Eller det gjeld for elevar som går musikk, dans, drama eller idrettsfag.

Regjeringa kunngjorde 8. februar at «alle muntleg-praktiske og praktiske eksamenar blir avlyste for elevar», og norske skular har førebudd seg på at det ikkje vart slik eksamen.

Men no har regjeringa snudd om på det dei først foreslo.

I ein høyringsrunde som Utdanningsdirektoratet nettopp har gjennomført med berre fire dagar lang høyringsfrist, er fleire tilbakemeldingar frå skular, lærar og elevar nådelause.

  • Skolene har etter at statsråden gikk ut og avlyste muntlig praktisk eksamen lagt bort arbeidet med eksamensoppgaver og å forberede elevene på disse. Skien VGS
  • Endringen kommer for seint. Da beslutningen kom om ikke å gjennomføre muntlig-praktisk eksamen i februar, er det nå svært uheldig å komme med en kontrabeskjed 1,5 mnd. i etterkant. Strinda vgs
  • Vi er uenige i at det kan trekkes ut til muntlig/praktisk eksamen når det var kommunisert ut for ca en måneds siden at den type eksamen var avlyst. Molde vgs
  • Å avholde muntlig/praktiske eksamener for avgangselever er etter min mening helt absurd. Vidaregåande-elev
  • En endring av en så tydelig kunngjøring, på dette tidspunktet, framstår som uprofesjonelt og vitner om manglende forståelse for arbeidet som gjøres i skolen. Skuletilsett.

Må vere forsvarleg

Guri Melby argumenterer til NRK med at målet med endringa er at alle som går ut av vidaregåande skal få ein eksamen.

– For å bidra til å nå denne ambisjonen, er det behov for å utvide det lokale handlingsrommet. Eg har difor sendt på høyring eit forslag som blant anna inneber at ein lokalt kan velje å inkludere nokre muntleg-praktiske eksamenar i trekkordninga viss det er behov for det og viss det er smittevernfagleg forsvarleg på det smittetiltaksnivået skulen er.

Ho understrekar at endeleg eksamensordning for våren enno ikkje er bestemt.

– No har vi fått mange innspel, og vi skal gå gjennom dei så snart vi kan.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger