Hopp til innhold

Dommar skal bli gratis tilgjengeleg for alle

Rettsavgjerder frå norske domstolar skal bli gratis tilgjengeleg digitalt i anonymisert form for alle. Dermed vert det slutt på betalingsløysingar.

Petter Frølich

BLIR OFFENTLEG: Ifølgje justispolitisk talsperson Peter Frølich for Høgre vil eit abonnement for å få tilgang til norske dommar i dag koste 15.000 kroner. Til våren eller sommaren vil alle kunne lese dommar gratis, seier Frølich.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen (CC BY-NC-ND 2.0)

Dei fire regjeringspartia vart i justiskomiteen på Stortinget tysdag kveld samde om å gjere alle rettsavgjerder tilgjengeleg for alle, skriv Aftenposten.

– I Noreg er alle lover opne for alle. Men dommar er òg ei veldig viktig rettskjelde. For å vite kva som er rett og gale, må vi vite kva dommar som er kunngjorte, seier justispolitisk talsperson Peter Frølich for Høgre i ei fråsegn til NTB.

I første omgang skal det gjelde alle dommar i norske tingrettar, lagmannsrettar og Høgsterett. Det vil òg omfatte andre rettslege avgjerder som orskurdar (kjennelser) og andre avgjerder og vedtak.

Aftenposten skriv at Domstoladministrasjonen får i oppdrag å nedsetje ei arbeidsgruppe som skal finne ut kva for tekniske og reguleringsmessige detaljar som må endrast, og dessutan utgreie dei økonomiske rammene, for at tenesta skal kunne lanserast.

Prosjektet har fått 1,5 millionar kroner. Det vil dekke oppgåvene til arbeidsgruppa samt sjølve gjennomføringa. Oppstart vil dermed truleg vere i løpet av våren eller sommaren neste år, seier Frølich til avisa.

Les òg: Riksrevisjonen: Forsinkelser i domstolene kan gå utover liv og helse

AKTUELT NÅ