Hopp til innhold

Røde Kors: – Dobbelt så mange tok kontakt om sjølvskading

Før kutta Theo Halvorsen (19) seg i eigne armar og lår. – Det er brutalt og skremmande, seier han om at Kors på halsen får fleire meldingar enn før om sjølvskading.

Theo Halvorsen

POSITIV: No er det meir smil og mindre vonde kjensler hos Theo (19).

Foto: Privat / Privat

I fjor var det dobbelt så mange som kontakta Kors på halsen om sjølvskading samanlikna med i 2022. Det er Røde Kors si samtaleteneste for ungdom under 18 år.

– Det er brutalt og skremmande, seier Theo Halvorsen.

Han skar opp ulike område på kroppen. Kutta var ofte så djupe at han måtte sy. Det starta då han var 13 år.

– Eg hadde ein ganske tung barndom i barnevernet. Sjølvskading gjer at ein gløymer den psykiske smerta litt.

Sjølv har han ikkje brukt samtaletenesta, men meiner det er viktig å kunne prate med nokon.

Han bestemte seg for å slutte med sjølvskadinga i 2022. Då var han blitt 18 år, og flytta for seg sjølv.

– Plutseleg vart ting litt enklare. Eg fekk håp i livet, seier han.

Theo har sjølv halde teljinga på kor lenge han har vore skadefri:

Møte utan fordommar

Nelli Kongshaug er leiar for Kors på Halsen. Ho seier sjølvskading er eit vanskeleg tema.

– Det er viktig å møte dei unge utan fordommar. Vi har alltid ope og dei kan ta kontakt anonymt.

Les også Far til syk tenåring ut mot TikTok: – Gjør livet deres til et helvete

«Jan» fortviler over påvirkningen TikTok har på unge som sliter.

I fjor vart det totalt over 25.000 samtalar. I 2023 var det også auke i tema som handlar om barnevern, mobbing, sjalusi, fest, forelsking og kropp. Framleis er sjølvmord det temaet flest tek opp.

Nelli kongshaug

Nelli Kongshaug er leiar for samtaletenesta Kors på halsen.

Og dobbelt så mange hadde behov for å prate om sjølvskading.

– Når unge vel å snakke om sjølvskading fortel det at dei har det vondt inni seg. Vi forsøker å forstå kva som ligg bak, og gi dei støtte, seier Kongshaug.

Les også Meta skjuler mer innhold for unge

Fleire skadar seg

Ny forsking viser at bruk av sosiale medium har ein samanheng med sjølvskading blant unge.

Lars Mehlum er professor i psykiatri, og leiar for nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging.

– Våre studiar viser ei firedobling av sjølvskading dei siste 10–15 åra. Vi veit ikkje sikkert kvifor, men trur mellom anna sosiale medium kan påverke unge. Unge menneske er søkande, og smitteeffekten stor, seier han.

I tillegg blomstra psykisk vanhelse opp under pandemien.

Lars Mehlum står utenfor en dør og ser på fotografen.

Lars Mehlum er psykiater og fortel at det har blitt meir vanleg med sjølvskading dei siste åra.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Han meiner det viktigaste er å ta samtalen.

– Spør om personen har skada seg sjølv med vilje, og kor ofte det skjer. Gjer det på ein måte som ikkje er dømande eller kritiserande.

Han forsikrar at det er god hjelp å få.

Det kan gjere at ein ikkje berre sluttar med sjølvskading, men får eit liv verdt å leve.

Theo meiner særleg foreldre må prate med barna sine.

– Eg trur få foreldre veit korleis ein skal snakke om dette. Mange foreldre blir skuffa, sure eller stressa. Då blir det berre verre.

16 månader utan kutt

Han klarte å slutte på eiga hand, men hugsar godt den siste gongen han kutta seg.

– Då var det mykje kjensler i sving. Eg flirte også litt fordi det ikkje var meir plass på venstrearmen min, seier han.

Theo Halvorsen og kjærasten Thea

Theo og kjærasten Thea. – Ho var vore veldig viktig for meg, seier Theo.

Foto: Privat

No er han open om eiga fortid og si mentale helse.

– Eg vil ikkje at andre skal oppleve det same som meg. Mange tek kontakt og takkar meg, det betyr mykje.

Sjølv takkar han ei av dei tilsette på ein institusjon han budde på.

– Ho såg meg og hjelpte meg gong på gong. Ho var kanskje den største grunnen til at eg klarte å stable meg på beina og slutte med sjølvskading.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger