Hopp til innhold

Difor bør du frykta antibiotikaresistens

I framtida vil ein lungebetennelse, sårinfeksjon eller ein hofteoperasjon kunne ta livet av deg dersom me ikkje greier å redusera antibiotikaforbruket.

Antibiotika

Antibiotikaen har revolusjonert legevitskapen. Framveksten av motstandsdyktige bakteriar kan føra til eit kraftig tilbakeslag. I Noreg har resistensen auka mest hos tarmbakteriar som til dømes E. coli (sjå grafen lenger nede i saka).

Foto: colourbox.com / NRK

Alexander Fleming på Wright Fleming Instituttet i London i 1952

Skotten Alexander Fleming (1881–1955) var professor i bakteriologi og oppdaga tilfeldigvis den bakteriedrepande verknaden av muggsoppen 'Penicilium notatum' i 1928.

Foto: Ap
Sykehuslege Gunnar Skov Simonsen

Gunnar Skovn Simonsen er leiar for det norske overvakingssystemet for antibiotikaresistens (NORM).

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Antibiotika er blant dei medisinske oppdagingane som i størst grad har bidrege til å betra folkehelsa og auka levealderen i verda.

Men i takt med eit raskt aukande forbruk, aukar også førekomsten av resistente bakteriar. Utviklinga er urovekkjande, også i Noreg, stadfestar leiaren for det norske overvakingssystemet for antibiotikaresistens (NORM), Gunnar Skov Simonsen.

– Over dei siste 20 åra har det vore ein auke i multiresistente bakteriar av ulike sortar som utgjer eit stort problem når me skal behandla infeksjonar, seier Simonsen.

Tidobling på ti år

Fleming, antibiotikaens far, åtvara mot resistensfaren allereie i 1945, då han blei tildelt Nobelprisen i medisin. World Economic Forum rangerer no antibiotikaresistens som ein av dei tre største helsetrugslane i verda.

I Noreg har resistensen auka aller mest hos tarmbakteriar – ei tidobling i løpet av ti år.

– Det er problematisk. Tarmbakterien E. coli er til dømes den vanlegaste årsaka til blodforgifting. Ved blodforgifting må du ha antibiotika, men oftare og oftare opplever me at antibiotikaen me ønskjer å bruka er ubrukeleg, fortel Simonsen i NORM.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Graf: antibiotikaresistens blant nordmenn» i nytt vindu

To farar ved resistens

Folkehelseinstituttet (FHI) fryktar særleg to konsekvensar dersom antibiotikaen mistar sin effekt:

  1. Vanlege infeksjonssjukdomar kan bli dødelege

Når bakteriane blir resistente mot antibiotika, aukar risikoen for komplikasjonar og død som følgje av infeksjonar. Vanlege infeksjonssjukdomar som til dømes lungebetennelse vil kunne ta livet av folk.

– Før penicillinen vart oppfunnen døydde opp mot halvparten av unge menneske som fekk alvorleg lungebetennelse, opplyser overlege ved FHI Martin Steinbakk.

Hudinfeksjonar kan bli svært alvorlege. Sårinfeksjonar kan føra til alvorleg blodforgifting, noko som nesten alltid fekk eit dødeleg utfall før antibiotikaen blei oppdaga.

  1. Medisinsk behandling kan bli livsfarleg
Overlege Martin Steinbakk

Overlege Martin Steinbakk ved FHI.

Foto: Folkehelseinstituttet

Eit anna viktig bruksområde for antibiotika er til kurering av infeksjonar som oppstår under medisinsk behandling.

Utan antibiotikaen vil medisinsk behandling som i dag er forbunde med låg risiko for komplikasjonar kunne stå fram som høgrisikoprosjekt med betydeleg høgare fare for alvorleg infeksjon og død.

Fleire pasientar som får sett inn hofteledd vil til dømes kunne få alvorlege infeksjonar etter operasjonen. Moderne kreftbehandling vil bli risikabelt fordi ein ikkje kan ty til antibiotika ved infeksjonskomplikasjonar, opplyser Steinbakk ved FHI.

Kvart år døyr opp mot 25.000 personar i Europa som følgje av antibiotikaresistens. I USA åleine mistar 23.000 menneske livet årleg av same årsak.

NRK har tidlegare skrive at nokre typar klamydiamedisin ikkje lenger har nokon effekt, noko som ikkje er riktig. Dette er no endra.

AKTUELT NÅ