Hopp til innhold

Derfor er abort eit brennbart tema i Høgre

I 2013 gjekk Erna Solberg på eit nederlag på Høgres landsmøte om å endre abortlova. No er ho likevel open for å forhandle med KrF om det.

Erna Solberg på Høgres landsmøte 2013

Erna Solberg tapte abortkamp under Høgres landsmøte i mai 2013.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

For 18 år sidan bestemte statsminister Erna Solberg bestemte seg. Paragraf 2c i abortlova bør bli endra.

Ho bestemte seg etter møter med menneske med Downs syndrom og ulike typar funksjonshemmingar, ifølge forfattar Renate Nedregårds uautorisert biografi om statsministeren, Årene som formet Erna.

Paragrafen slår fast at gravide kan få innvilga seinabort dersom «det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet».

Denne grunngjevinga for abort kallast eugenisk indikasjon, og betyr at ein få innvilga abort etter 12. svangerskapsveke berre basert på at barnet i magen til dømes har Downs syndrom.

Dei siste ti åra er det utført nesten 2600 abortar berre på dette grunnlaget, ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet.

Å skilje fosterets verdi og kvinnesaka

I 1996 åtvara tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen, Civita-leiar Kristin Clemet og tidlegare KrF-politikar Kristin Aase i boka «Abort – en debatt på 90-årene» mot farane ved selektiv abort.

Det sette i gang «den nye abortdebatten» som dreia meir rundt fosterets verdi enn kvinnesaka, på grunnlag av kva ein kunne få til med den teknologiske utviklinga.

På 2010-talet har det vore vanskelegare å skilje desse sakene, altså verdien til fosteret og retten kvinner har til å bestemme over eigen kropp, meiner Kristin Clemet. Ho er leiar for tankesmia Civita og tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Høgre.

– Fyrer opp stemninga

– På 90-talet var det ein veldig open og lyttande debatt der ein var oppteken av etiske problemstillingar. Vi diskuterte med låge skuldrer. Det var eit større engasjement i det med fosterets verdi, redsel for å begynne å sortere og rangere foster, medan det no – forbausande nok – verkar som at nesten alle spørsmål blir knytt til kvinners rettar, seier Clemet til NRK.

Ho peikar på dei steile frontane under debatten i 2013-2014 om reservasjonshøve for fastlegar mot å vise kvinner til abortinngrep, der Høgre forsvara ein politisk avtale med KrF. Venstresida protesterte høglydt. Rundt 15.000 gjekk i 8. mars-tog i Oslo for å forsvare abortlova. Også Høgre-folk vart provosert.

Før Den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2014 er striden om legers reservasjonsrett mot abort blusset opp i Norge. I dette utdraget fra NRKs ''Debatten'' 24. oktober 2013, får du innblikk i ulike meninger om saken.
Solberg-regjeringen (Høyre og Fremskrittspartiet) og Kristelig Folkeparti bestemte i 2013 at de vil la fastleger få rett til å reservere seg mot å henvise gravide som ønsker å ta abort, videre i helsesystemet. Den forrige regjeringen (Stoltenberg) ga ikke fastlegene slik reservasjonsrett.

I dette utdraget frå NRKs ''Debatten'' 24. oktober 2013, får du innblikk i ulike meiningar om saka om reservasjonsrett for fastlegar.

Saka enda med at det ikkje blei noko reservasjonshøve, men ei løysing der fastlegane slepp å signere tilvisingar til abort.

Clemet skulle ønskje at frontane ville senke skuldrene litt i debatten.

– Kvar ting som har med abort å gjere, fyrer kraftig opp stemninga og skapar harde frontar. Sjølv om ingen meinte at reservasjonshøve skulle gå utover kvinners rett til abort, var det ei uvilje mot å overhovudet diskutere å ha omsyn til legane det gjaldt. Det var liksom eit åtak på abortlova, seier Clemet.

Kjensleladd debatt

Det same skjedde på Høgres landsmøte i 2013. Då blei det ein lang og svært kjensleladd debatt då Erna Solberg og Bent Høie forsvara å gjere noko med nettopp eugenisk indikasjon i abortlova.

Solberg og Høie ønskja å halde på ei programformulering om at alvorleg sjukdom hjå fosteret ikkje skal vere eit sjølvstendig kriterium for å ta abort etter 12. svangerskapsveke, såkalla eugenisk indikasjon.

Formuleringa har vore del av partiprogrammet i tolv år, sidan 2001.

Dei argumenterte med at eugenisk indikasjon, kopla med den medisinske utviklinga, opnar for eit sorteringssamfunn.

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med magasin, sport og vær.

Sjå innslag i Lørdagsmagasinet på Dagsrevyen 4. mai 2013 om debatten om abortlova på Høgres landsmøte.

– Oppsiktsvekkande uklokt

Reaksjonane i landsmøtesalen var sterke. Mange såg forslaget som eit åtak på kvinners rett til å bestemme sjølv. Solbergs næraste politisk allierte snudde rett og slett ryggen til ho, skreiv forfattar Renate Nedregård året etter i boka om statsministeren, ifølgje Dagen.

– Er dette mitt Høgre? Er det mine politiske vener? Stem mot forslag til endring! Oppfatt det som ein beskjed, sa Drevland frå talarstolen.

Partiveteran Astrid Nøklebye Heiberg kalla det «oppsiktsvekkande uklokt» og sa det handla om umyndiggjering av kvinner. Ho reagerte på argumentet om at dagens lov opnar for eit sorteringssamfunn.

– Spør deg sjølv som kvinne, korleis ville du likt at ei nemnd tvang deg til å føde fram eit barn med funksjonshemming dersom du sjølv ikkje ønsker det, sa Karmøy-ordførar Aase Simonsen, som no er nestleiar i Høgres Kvinneforum.

Blei nedstemt

Til slutt vedtok eit overveldande fleirtal på landsmøtet å fjerne punktet i partiprogrammet om å endre abortlova. Dåverande leiar for Høgres Kvinneforum, Julie Brodtkorb, jubla over sigeren. Ho avviste at hennar meiningsfeller opna for eit sorteringssamfunn.

– Høgre vil ikkje ha eit sorteringssamfunn, men ei kvar kvinne som har bore på sitt barn i over tre månadar har berre eitt ønskje, og det er å leggje sitt barn til sitt bryst. Sei då ikkje at ho sorterer vekk barnet sitt dersom ho tek det tunge valet om å ta abort fordi ho får vite at fosteret har ein alvorlig diagnose, sa Brodtkorb.

Abort av tvilling

Nok ein abortdebatt kom opp i 2016, denne gangen om fosterreduksjon, eller såkalla tvillingabort.

Justisdepartementet slo fast at lovverket ikkje er til hinder for å ta abort på ein av to friske fostre i mors mage. Eventuelt ein eller fleire i eit fleirlingesvangerskap. Konklusjonen var i strid med rådet frå fagmiljøa om berre å tillate tvillingabort i veke 12 til 14 på foster med utviklingsavvik.

Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet prøvde å få Stortinget med seg i å endre lova slik at tvillingabort ville bli forbode, men det vart nedstemt av Ap, Høgre, Frp, Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne.

– Skitne triks

Solberg vedgjekk i 2017 at praksisen var «etisk vanskeleg», men ville ikkje røre ved abortlova, noko som gjekk hardt inn på KrF, ifølgje Vårt Land.

Fosterreduksjon var oppe til debatt under Unge Høgres landsmøte i juni 2018. Leiar Sandra Bruflot fekk kritikk om å bruke skitne triks, då ho åtvara mot å gå mot tvillingabort i VG same føremiddag som ungdomspartiet skulle handsame eit forslag om dette.

Torsdag denne veka opna Solberg for å diskutere både tvillingabort og eugenisk indikasjon, dersom KrF vel å gå til høgresida. Det har det kome sterke reaksjonar på.

AKTUELT NÅ