Hopp til innhold

Coop kallar inn leverandørane til hastemøte

Butikkjeda Coop kallar denne veka kyllingleverandørane sine Nortura og Den Stolte Hane inn til hastemøte etter oppdagingane av nye antibiotikaresistente bakteriar i halvparten av norsk kylling.

Pakker med kyllingkjøtt

Minst halvparten av kyllingkjøttet i butikkhyllene inneheld antibiotikaresistente bakteriar, ifølgje nye undersøkingar gjort av Veterinærinstituttet. Det har fått butikkjeda Coop til å kalla inn kyllingleverandørane sine til møte.

Foto: Petter Nielsen / NRK

– Det er eit skritt me tek på grunn av mykje merksemd rundt antibiotikaresistente bakteriar i kyllingkjøtt. Me ønskjer ein prat med leverandørane om dette. Målet er å finna gode løysingar på problemet, seier kommunikasjonsdirektør Kristin Paus i Coop til NRK.

– Redsel likar me ikkje

Pressesjef i Coop, Kristin Paus

– Målet er å finna gode løysingar på problemet, seier pressesjefen i Coop Kristin Paus om møta dei skal ha med Nortura og Den Stolte Hane denne veka.

Foto: Coop

Etter ferske funn av nye antibiotikaresistente bakteriar i halvparten av norsk kylling, fryktar Den Stolte Hane for omdømet til kyllingen og er positiv til at Coop kallar inn til møte om situasjonen.

– Det har aldri vore usunt å eta kylling, og plutseleg oppstår det redsel. Det likar me ikkje, seier administrerande direktør Torfinn Prytz Higdem i Den Stolte Hane.

Den Stolte Hane er den nest største produsenten av kylling og egg i Noreg etter Nortura-eigde Prior.

– Me synest det er naturleg at me diskuterer dette i fellesskap. Det er ein felles bransjeutfordring som me er like interesserte i å finna løysing på som konkurrentane våre, seier Higdem.

Vil endra fjørfe-fôret

Torfinn Prytz Higdem

Administrerande direktør Torfinn Prytz Higdem i Den Stolte Hane synest det er bra at Coop tek initiativ til eit møte med kyllingprodusentane.

Foto: Pressebilde

På møtet med Coop skal leverandørane blant anna diskutera moglegheitene for utfasing av fôrtilsettingsstoffet Narasin, som fagfolk meiner kan føra til antibiotikaresistens.

Utfasing av Narasin er ei vanskeleg oppgåve, fordi det er eit parasittmiddel som blir tilsett foret for å hindra tarminfeksjonar og unngå at kyllingen blir sjuk. Risikoen er at ein fjernar Narasinen, kyllingen får parasittar i tarmen og dermed må få antibiotikabehandling som gjer at ein er like langt.

– Me jobbar allereie med testing og ulike alternativ rundt utfasing av Narasin. Me bruker all den kunnskapen me har for å finna den tryggaste kyllingen for den norske forbrukaren, seier direktøren i Den Stolte Hane.

Konkurrenten Nortura melder tysdag at dei i løpet av to år skal ha slutt på bruken av Narasin.

– Det me kjem til å gjera er å erstatta narasinen med ei vaksine som kyllingen får når den er ein dag gamal. Håpet er at me skal få gode resultat med det, fortel informasjonssjefen i Nortura Ellen Flø Skagen.

Ei utfasing av det potensielt farlege stoffet er dessutan eit krav den mektige daglegvareaktøren Norgesgruppen no vil stilla til alle sine kyllingleverandørar, ifølgje Nationen.

Kyllingplukker

Ifølgje Veterinærinstituttet har halvparten av norsk kylling bakteriar som er resistente mot antibiotikagruppa kinolonar, som ein brukar i behandling av pasientar med kompliserte og alvorlege infeksjonssjukdomar. Kva som er kjelda til kinolonresistensen er det førebels ingen som veit, men den må vera ekstern. Norske kyllingprodusentar brukar ikkje denne typen antibiotika.

Foto: Inkacola Productions

– Endrar seg ikkje over natta

Norgesgruppen seier at dei følgjer situasjonen tett og har ein nær dialog med sine kyllingleverandørar.

– Me er avhengige av forbrukarane sin tillit og då må me vera sikre på at maten me sel er trygg. Me ventar at leverandørane gjer sitt for at maten er trygg og at dei legg planar for at situasjonen rundt kylling skal bli betre i framtida, seier kommunikasjonssjefen i Norgesgruppen, Kine Søyland.

Søyland poengterer at det vil ta tid å få slutt på den høge førekomsten med antibiotikaresistente bakteriar i kylling.

– Me er opptekne av ein berekraftig kyllingproduksjon, men dette kjem ikkje til å endra seg over natta. Me held oss til Mattilsynet sine tilrådingar om god hygiene og ber forbrukarane gjera det same, seier kommunikasjonssjefen.

AKTUELT NÅ